Utlandet.

 
Socialistlogi i det tydske Riksthinget. Tridje Lesnaden byrjad Fredagen den 18de, og Logi vart endeleg vedteki um Laurdagen med 221 R. mot 149. Fyr Logi røystad utan Undantak baade dei konservative Kløyvingar, dei Nationalliberale og Løwe-Krinsen. Bismarck las deretter upp eit Brev fraa Kjeisaren, som gav honom Fullmagt til aa slutta Riksthinget. Han var glad av, at Logi var komi i Stand, sagde han. Sambandsregjeringarne var meinte paa aa gjera ærleg Freistnad paa aa lækja Sjukdomen med dei Middel, som Logi gav. Det vilde vandt lukkast paa 2 ½ Aar, men Sambandsregjeringarne hadde Von paa meir Ettergjevnad etter det kvasse Ordkastet, som hadde voret. Møtet sluttad med eit "Live Kjeisaren." Ved andre Gjenomgangen vart Logi vedteki med eit Par Hol, som hev vortet fyllte ved tridje Gjenomgangen. Dei Konservative og dei Nationalliberale hadde i ser vandt fyr aa koma til Semjing um § 6 og 16, og ved Avrøystingi fall baade Framlaget aat Regjeringi og det aat Nemndi. Ved Jenking hadde dei no fenget i Stand eit Forslag til § 16: at ei Regjering skal hava Lov til aa visa ut kvar ein, som gjer socialistisk Uppøsing til sitt Yrkje, men soleids at ingen kann visast burt fraa Heimstaden sin, naar han hev voret paa same Staden i 6 Maanadar. Dette Forslaget vart vedteket slik som Nemndi hadde fyresleget det, soleids at Tidskrifter kann tynast, naar eit einskild Numer hev vortet forbodet i Fylgd av Socialistlogi.
 
Millom England og Emiren av Afghanistan hev det ikkje vortet nokor Semja; men det kann henda, at det no ser lite likare ut til, at det kann ganga yver utan Krig, enn det fyrr hev gjort. I alle Fall er Times nokot spakare vortet. Eit Bil profeterad det Krig, kor det snudde, anten Emiren bar seg aat so elder so. No læt det so: Det at den britiske Utsendingen er komen ukrenkt att fraa Kabul synest aa tyda paa, at Emiren hev teket den Raadi, um ikkje fullt ut aa gjeva seg under Englands Krav, so iminsto byrja aa tinga fyr aa sleppa Krig med det same. Den indiske Regjeringi hev reint uppgjevet Tanken paa ei Herferd til Vetters.
 
Austrike og Ungarn. Pretis, som til no hev voret Austrikes Finantsminister hev fenget det Ærend aa freista aa skipa til eit parlamentarisk Riksraad. Greive Beust, til dessa Utsending i London, er utnemnd til Sendemann i Paris. Denne Utnemningi hev vekkt Uppstyr og Undring i Tydskland. Det er ei kjend Sak, at Tydskland hev ikkje argare Uven enn "Tydsklands beste Hovud", som Beust, fyrr saksisk og seinare austrisk Statsminister, hev voret kallad. "Nat. Ztg." meiner, at Beusts Utnemning til Sendemann i Paris, fær ei serleg Vegt ved den Tidi, som er vald, med di den franske Utrikspolitikk nettupp i den sidste Tidi, hev teket til aa ganga sine eigne Veger og søkjer aa vinna Italia fyr seg, elder med andre Ord aa avlaga Venskapen millom Tydskland og Italia. Bladet finn eit Prov paa detta i det, at Gambetta paa si seinaste politiske Ferd hev "Koketterat" sterkt med Kong Umbertos Regjering. Dei tydske Blad er visse paa, at Beust er so van ved aa eggja Skalkeraader imot det tydske Rike og Bismarck, at han knappt vil gjeva upp den Sysla, naar han kjem til Paris, der Minni fraa 1870 like so lite er utdøydde som Minni fraa 1866 i Austrike. Kor som er, so kann ein vera viss paa, at Tydskland heretter vil fylgja med tvidublad Illtru kvart Stig, som Frankrike gjer.
 

 

Frå Fedraheimen 23.10.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum