Brevsendingar.

 
Fraa Sunnmøre.
Det ser ikkje ut til, at De fær so stor Hjelp i Maalvegen fraa vaar Grend som de kunde venta. Kannhenda gjeng det her som i Voksterheimen -: at vaar Norskdom bar Blom og sette Frukt i vaar store Landsmann Ivar Aasen, so at Livet no hev turkat burt? Aa nei, eg trur ikkje det helder. Den, som hev ferdst litegrand i dei Sunnmørske Bygderne, vil ha røynt, at mangein gjæv Mann elskar det Norske Maalet og vert hjarteglad, naar han kann faa høyra nokot um ”haanaa Ivar” og Arbeidet hans. Det, me mest vantar, er Mod; me trur ikkje, at me sjølve kann gjera nokot vidare til Bate fyr Saki, og so legg me oss paa Latsida og ynskjer som ”Storletingen”, at Einkvar vil koma og ”stinga Dalaren i Vestefikka vaar”, so me sjølve kann sleppa Bryet. Og slik er det væl paa so mange Stader.
 
Sannt nok er det mest Diktararne, som hev fenget den Ser-Retten aa bera Maalet fram; og i den Vegen hev me og Æra av vaar Ivar. Det er nok Ingen no lenger, som vil fraakjenna honom Diktarnamnet, og visst er det, at han i alt han hev skrivet hev visst paa ein forunderlig Maate aa raama just det, som Folk kunde skyna og verta glade i. Og no er Songarne hans kjende av alle, baade unge og gamle, so det er ein Lyst aa høyra, korleids dei gjeng og sullar og mullar paa desse Songarne hans, ofta utan aa ansa paa, at det er ”det underlege Maalet” dei er skrivne paa. So er dei og so fine og frie fyr alt stygt og støytande, at endaa dei mest vandsame maa segja, at ”der kann ikkje vera so mykje galet i dei helder.” – Men prøv no og gjev desse same Folk, som syng so heilhuga, - gjev dei ei Bok paa Landsmaalet, - so heiter det strakst: ”eg kann ’kje lesa detta; me hev ’kje lært slikt me.” Tingen er den, at Lesekunsten maa Ein læra; Ein kann ikkje gjera som hin Bonden tenkte, som ikkje kunde lesa, men vilde kaupa seg Brillur, som skulde gjeva honom Kunsten. Skriftmaalet er fyr Augom, og Augo er helder ”konservative” av seg. Inkje kunde vera høvelegare, enn at Borni i Skulen fekk byrja lesa paa sitt eiget Maal; men – daa er det Dansken, maatru, og det er greidt, at den maa vera den fornæmaste her i Norig. Paa den ofrar dei 6-7 Aar, - heile Skuletidi; men aa læra aa lesa Norsk, det skal ganga av seg sjølv ved fyrste Augnakast! – Hadde me endaa havt mange Lærarar med god Vilje i denne Sak, so var det endaa ikkje vonlaust; men det saaraste er, at mange av Lærararne sjølve ”like rikke Maalet” elder er iallfall reint like sæle um det. Her er kannhenda den verste Knuten. –
           
Til aa læra Folk lesa Norsk treng Ein Bøker; men skal Bøkerne faa Inngang, so maa dei vera slike, at Folk baade kann finna Hugnad i dei og sjaa seg litegrand tilnyttes av dei, og - endaa meir: det maa vera Bøker, som Ein urædt kann gjeva baade Læg og Lærd, baade Ung og Gamall, utan aa ottast fyre, at dei talar vyrdlaust og saarande um det dyraste og høgste me eig. Her hev kanskje Maalflokken mest til denne Tid lite set sin eigen Bate, naar dei tok til og gav ut berre slike Bøker, som kunde vera til Moro og Løgje, ja det som verre var, til Ugagn og ofte Forarging fyr Folk. Det er ikkje berre Skynløysa og Rangvilje, som kjem fram, naar Folk ikkje kann lika ”Maalstrævet”. Det sit ein Agg til Maalet i ein stor Del av Folket, og det er væl ikkje so reint underlegt endaa, naar me tenkjer paa den Aand, som gjekk gjenom ”Fram” og kanskje ymse andre Maalskrifter, og det gjer, at Folk no mest tregar paa aa kaupa ei Maalbok elder halda eit Maalblad, daa dei ottast fyre, at der kann vera nokot gudlaust i dei.
           
Me hev i lang Tid saknat eit godt Maalblad, som Folk kunde hyggja seg i; no hev me fenget ”Fedraheimen” og er svært takksame fyr den. Likevæl er der eit og annat, Ein kunde ynskja nokot onnorleids; for alle Hovud høver ikkje ein Hat held. Der er no til Dømes denne Gnaalen stødt og stendugt mot Prestarne, som ymse Brevskrivarar visst held det fyr Stas aa ”opvarte” med, liksom Prestarne skulde vera Skuld i nærsagt alt det range og myrke i Folkelivet vaart; og so dei stakkars Pietistarne, som altid skal faa høyra Vondord, fyrdi at visstnok ein og annan av dei ikkje hev havt det rette Vidsynet fyr det menneskelege og folkelege. Kjære Brevsendarar, kvat er Meiningi med detta? er det so, at Prestarne i Grunnen berre er Motstrævarar mot det folkelege Liv? er det Meiningi, at me med aa rakka ned paa Prestarne og vekkja Mistru til dei verkeleg hev gjort ein god Gjerning, gjort eit Stig fram mot større Ljos og større Lukka fyr vaart Folk? Me vil alle gjerna hjelpa Folket vaart fram til større Lukka og større Fridom, ikkje sannt? eg vil imindsto tru det um flest alle som skriv i ”Fedraheimen”; men seg meg: skal detta i Sanning vera Vegen, som fører til Maalet? Og naar Talen er um Lesarfolket, er det daa fulle Vissa, at Folket vilde liva eit sælare Liv, so snart den siste Pietisten var rekjen yver Grensa? Eg vil do vona, at me er mange som ser, at Grunnen til Folkelukka ikkje er aa søkja i Mistru og Nedrakking. Det er Tolsemd og hjelpsam Rettleiding, me hev for litet av. Folket vaart er eit trudomskjært Folk, er det sagt; og det var no visst ikkje verste Lytet. Me gagnar visst difyr Maalet mest, og me gagnar Folket best, naar me held ute alt det, som kann vera støytande og saarande fyr den religiøse Kjensla i Folket, so dei fær sjaa, at Maalet vaart duger til annat enn Kjeringsnakk og Slengje-Ord mot Trui og Prestarne. Folket vaart hev ei so fin Kjenning av alt, som krenkjer Vyrdnaden fyr Trui, at det vil ikkje mykje til, fyrr dei merkjer kvat Ty som ligg under. – Dersom eg ikkje vart so drjug, so kunde eg hava Hug paa aa skriva nokot meir. Eg kunde t. D. gjerna vilja mana ut Hr. Høyem til aa gjeva Grunnar og Vitnemaal fyre, at ”Bekjendelsa” er det kjøtklædde Ordet, som Johannes talar um, og som Paulus skriv um til Timoteos, det Ordet, som var for heilagt til aa prentast. Eg kann i heile Stykket hans ikkje finna det minste annat enn slett og rett Paastand, Sidestykkje til det gamle: ”Adam budde tie Dagar i Paradis.”
                                              
J. Bj. . . .
 

 

Frå Fedraheimen 07.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum