Ein Fritenkjar.

 
Ei Forteljing or Samtidi.          
(Ved Forf. til ”Av laak Ætt”.)
                         
1.
 
Jolaftans Kvelden sat Presten Vangen med Huslyden sin i Storstova, som var flidd til Helgi. Paa Bordet brann tri Ljos; eit Bilæte paa Veggen, som synte Frelsarens Fødsel i Bethlehemsstallen, var umvunnet med ein Krans av Grankvistar. Huslyden var ikkje stor; det var Presten og Kona hans og Dotter hans, som heitte Ragna; so var der ein Framandkar, Hr. Balle, Kandidat i Theologien og Hjelpeprest hjaa den Gamle. Han var Ungkar og skulde halda Jol hjaa Overhyrdingen sin.
           
Dei sat og svallad saman og ventad paa fleire Jolegjester. Det var tvo Studentar, som skulde koma fraa Kristiania; den eine var Hans Vangen, Son i Huset, stud. theol., den andre heitte Eystein Hauk, var Son aat Provsten og lika eins theologisk Student.
           
Av Talen lyddest det som Hauk nyst var komen heim fraa ei Utlandsferd. ”Det er i Rom han hev voret, veit eg?” sagde Balle. ”Ja; men mest i Paris,” svarad Presten. ”I Paris? Er der nokot fyr ein Theolog aa gjera i Paris?” spurde Balle. ”Hm ,” meinte Presten, ”Hauk vil væl studera Tidsaanden, han; og det kann visst me Theologarne trengja um.” – ”Aa ja, det er fulla godt aa kjenna sin Fiende,” meinte Balle. ”Hm,” sagde Presten.
           
Fraa detta kom dei strakst av inn paa Politikken. Balle lagde ut um, at Fridomen var ein god Ting fyr dei upplyste – naar Upplysningi var av rette Slaget daa -; men fyr dei mindre upplyste var han ein speleg Ting. Fridomen var som eit tvi-eggjutt Sverd, sagde han; det kunde likso lett brukast mot det Gode som mot det Vonde; og naar Ein ikkje hadde Vit til aa bruka det, so vende det seg mot Ein sjølv. Gamlepresten sagde ha og ja til detta, men slog paa, at det var daa visst Meiningi, at alle skulde vera frie; ”imindsto drøymde me so i den Tid daa eg var ung,” lagde han til. ”Ja,” svarad Balle, ”Meiningi er visst den; - men me maa hugsa, at me liver i ein ufullkomen og syndefull Heim, og fyrr alle kann verta frie maa iallfall alle verta upplyste, sannt og sunnt upplyste, - og naar kjem me so langt?” – Det vart ei Togn. Balle tok atti. ”Væl arbeider me paa det som best me kann; Ingen skal segja annat um oss Prestarne, enn at me strævar av beste Magt med Folkeupplysningi; men koss gjeng det? – Folket, det høgpriste, lovsongne ”Folket”, turer fram i si Faakunna og legg oss Prestarne reint fyr Hat, naar me strider fyr gode Skular og høge Lærarløner og Jensens Lesebok . . . og endaa skrik dei paa, at Prestarne er Upplysningsfiendar. . . eit godt Merkje paa, at det Tidsaanden vil, er fyrst og fremst aa faa Prestarne or Vegen, - og dermed Kristendomen. – Difyr meiner eg det er vaar Pligt aa strida imot denne Tidsaanden; for det som ligg paa Botnen der, det er Hat, Hat! - til Kyrkja og til Kristus.”
           
”Der kann vera nokot i det De segjer”, sagde Gamlen,” men De meiner daa væl ikkje at det skulde vera rett aa taka sovorne Ting med seg paa Preikestolen? – Eg hev set mangt i mine Dagar i Politikken, som eg hev mislikt; men eg hev likevæl aldri vaagat meg til aa bera det fram i Guds Hus.”
           
”Ja, det er ikkje so godt aa segja. Ein Kristi Tenar treng Visdom; - men han treng likso væl Mod. Sions Vaktmenn . . . .”
           
Det bankad stillt paa Døri. Dei skvatt halvt upp; det maatte vera Hans.
           
Men det var ikkje Hans; det var Skulelæraren Gabriel Vikstad. Han var millom dei tjuge og tretti, midels høg, ikkje fast byggd; han steig inn stillt og ustødt, liksom Ein som kjenner at han ikkje lenger er paa sin eigen Grunn; Andlitet var myrklegt, Augo skygge; han saag ut som han ynskte seg væl ute att. Daa han hadde sagt den vanlege Helsing, bad han orsaka, at han ”kom paa ei slik Tid” – ”De kjem just til rette Tid!” meinte Presten – ”og i ei slik Ærend.” Ja kvat Ærend han daa kom i? – Jau, han kom fyr aa faa ein Attest.
           
Det hekk so ihop, at han just idag hadde fenget Brev fraa ein Kjenning um, at han burde søkja Klokkarposten i N.; det var ein god Post, som det var Von um, at han kunde faa. Men det var so stutt att av Søkjingstidi, at han maatte skriva Brevet i Kveld og senda det med Posten i Morgo, dersom her skulde vera Tanke um, at det kom fram til rett Tid. So hadde han vortet nøydd til aa uroa Presten paa sjølve Jolaftanskvelden. Han var leid fyr detta og bad paa nytt um Orsaking; men det galdt um so mykje fyr honom, at han ikkje hadde set seg onnor Raad.
           
Han talad fort, kaldt og knapt, liksom Ein, som er arg fyr at han lyt beda um Beining av Folk, som han helst ikkje vilde hava nokot med. Presten stod strakst upp og fylgde ut paa Kontoret.
”Du vil fraa os no?” sagde han. ”Aa -, Ein maa tenkja paa Livemaaten”, meinte Vikstad. ”D’er væl so”, sagde Presten, - ”liksom me Latinarar segjer: ubi bene, ibi patria, der Ein hev det godt, der hev Ein sitt Fedreland”. – ”Ja ja,” sagde Læraren. ”Hellest er eg no kjend der burte fyrr.” - ”Det er sannt!” sagde Presten.
           
Presten skreiv ein god Attest; Læraren takkad og vilde betala. ”Nei,” sagde Presten, ”eg vil Ingenting hava.” ”Jau, Rett skal vera Rett,” sagde Læraren. Presten stirde paa honom; han undrast paa det kaldvorne i Tonen og i Aasyni. ”Eg tek ikkje Pengar fyr slikt, - mindst paa ein Kveld som ikveld,” sagde han. ”Naa, som De vil, Hr. Pastor,” svarad Læraren, ”men detta er ikkje med min gode Vilje.” Presten laut læ, Læraren saag ustødt paa honom. ”God Natt, gledeleg Fest,” sagde han og gjekk aat Døri. ”Nei nei, kjære Hr. Vikstad!” ropte Presten, ”De lyt daa smaka paa Jolegrauten med oss!” – ”Eg segjer mange Takk! men eg er alt beden ut ein annan Stad. Godnatt – og Takk!” Han bukkad og gjekk. ”Ein stiv Kar,” tenkte Presten.
           
Daa han kom inn att, sat Kapellanen og talad med Frua og Ragna um Lærararne og Prestarne. Ragna stod paa, at ho likte best slike som Vikstad, som heldt paa sin Sjølvvyrdnad og aldri kraup elder prøvde aa snikja seg inn hjaa sine Overmenn; Balle sagde ja til detta, men meinte like væl, at etter det 4de Bud var det kvar Lærars Skylda aa vera undergjeven og lydsam mot Presten sin og ikkje meinta seg aa vera Jamlikaren hans. Presten lagde seg her inni Samtalen og sagde, at etter hans Tru var Vikstads Ulukka helst den, at han hadde ei altfor gløgg Kjensla av aa ikkje vera Likemann med Presten. ”Ja, ja! – der hev me Tidsaanden!” meinte Kapellanen.
                                                          
 

 

Frå Fedraheimen 07.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum