Fesjaa-Tale.

 
[Del 3 av 3. Fyrste delen.]
 
(Av Jørund Telnes.)
                       
(Sluten.)
 
Men slikt æ fælt vondt aa faa Tak i fe den som bare ”skaper Kjøt”, den som trur at han liksom kann faa den eine Pylsa til aa gro ut av den andre, den som trur, at ”Maten æ Vissa aa inkje Voni.” Dæ æ inkje mæ detta som mæ Jønnbanar aa Noutemøte aa meir slikt, som ein kann taka paa mæ Hendanne aa sjaa paa mæ Ougo. Men dæ heve endaa Vær, skulle eg tru. Dette aa alt dæ, som kann opne vaart innare Syn, som kann forædle konns Aand aa Hjarta, dæ som kann lære oss aa elske Far og Mor, Syster og Bror, Gud aa Fedreland, som kann skapa eit sterkt aa fagert Mannsliv aa Gudsliv i oss, dæ æ dæ gjævaste av alt som me veit aa nevne.
           
Eg æ inkje vond paa Maten, langt derifraa! Stakkars alle dei Folk som svelt ihel! ”Skap Kjøt min Ven mæ Fleskehaand, men lat so meg faa skapa Aand!” Kjeme eit Folk bort fraa sjaveseg, bli dæ sett til aa bera Vatn aa Ve fe Kokkjen, heve dæ mist Trui paa sjaveseg, heve dæ inkje Vyrna aa Elsk til Gud aa Fedreland, so heve dæ inkje lenger Kraft i seg. Daa heve dæ inkje Spartanarar, ingjen Leonidas aa møte mæ. Brest Kjærleikjen til gamle Noreg, daa brest Einars Bogje aa Noreg, o Kongje! av dine Hendar, aa Olav Trygvason vil koma til aa gange atte i ein gamal Munk ne i Myklegaard hell i dæ høgaste bare livapaa Papere aa i Boktrykkjarsvarta.
           
Stræve fe Jønnbanar, Jordbruk, Kræturstel o. s. v. æ altsama gagnlege Ting, naar dæ bli tekje paa rette Maaten, men skaa slikt Stræv bli No. 1 i Samfunde, men Aand aa Uplysning No. 2, ja, daa fortener dæ Navn av Materialisme aa Matstræv aa bi til uboteleg Skae for lange, lange Tier. Aa Materialisma æ sterk i vaare Dagar, ja dæ æ so du mangein Gong maa tru, at dei fe aa finne den rette Mannen maa leie honom fram aa trive etter um han heve goe Mjølkeaarer aa hellest alle sine goe Merkje. Den Bonden, som steller gott Garen sin aa æ flink aa passig som dæ heiter, æ ein bra Bonde i so Maate; men heve han inkje Syn fe noko ana i Live, liver berre fe aa sanka ihop, prøver han inkje aa skaffa seg aa sine Upplysning, so han kann koma til aa vera med i eit høgre Liv, - daa æ han ein klen Bonde i Grunnen; han fortener Navn av Matstrævar aa Mammonstræl, aa han er ikkje mykjy ulik ei Kjyr hell ein Hest, som legge Mulen ne imot Jori fe aa fylle Magjen sin.
           
Ein hev nok Grunn til aa klaga ivi forliten Upplysning, forlite Aand; dæ æ fælt aa vita hoss lite mange av konns Bøndar veit. D’æ harmeleg aa sjaa mangei Gong, naar all denne raae, tunge Magti slær Kjøtneven sin i Bore aa vil raa fekor Skaape skal stande.
 
Aa so høyrer du Røunne felle
um Pening um Hestar aa Naut;
Naar at Maten so mykjy skaa gjelle,
Æ dæ Under at Kaksen æ stout?
 
Dæ æ fælt aa sjaa, naar Hestehandlaren tumlar umkring mæ dæ arme Dyre sitt, som i Grunnen stend mykje ivi honom, kjyter aa bannar so du kann tenkje at han teke Eld, og meiner paa, at største Karsstykkje i Live er aa snyte seg rik og trekkje Folk upp. Ja dæ æ ’kje fritt fe, at du hjaa mange av desse kann sjaa eit Drag helle ei Likning av Hesten; dæ veit eg eg lae Merkje til jamvelt daa eg va liten. Vinje veit eg hadde lagt Merkje til, at dei som handla lengje mæ Stutar, blei breiare myllom Ougo. Ingjenting æ meir utskjemt hell Handelsmoralen; der heve dei fengje sett upp eit Bud, som dei trygt tor seta upp mot Guds Bud. Du høyrer ofte dæ bli sagt umlag som so: ”Handel æ Handel,” ”den som inkje vil have uppe Ougo fær have uppe Pungjen”, o. s. fr. Ja, Fusk æ Fusk, aa Lygn æ Lygn, aa Satan i Samuels Klæe æ au Satan. Dæ æ ofte dæ, at den som heites fe aa vera ein ”bra Mann,” æ ein Fant i Handel. Stakkars Folk, likevæl! Aa her æ mangt aa mykjy som skjemmer Folkelive konns ut; dæ vilde vera raaloust nemne alt mæ eigong.
           
Kvinna stakkar, stende ou ofta laagt. Ho æ no liksom fødd mæ Grautesleivi i Handi, ho. Ho skaa bare gjifte seg ho, føe Bonn, laga Mat, aa so døy. Stakkars arme Kvinna. Ho mæ dæ rike, djupe Hjartae, som vore so væl laga til aa kveikje goe Tankar og varm Hug i sine Bonn, ho som av Naturen heve den støste Magti aa dæ beste Lagje til aa fostre dugande Mennar og skapa eit fagert Folkeliv, ho som ofte kunne gjera ein Olav Tryggvason aa Olav den Heilage av Guten sin, inkje i aa fara i Viking aa vinne Land aa Rikje, men i aa liva mæ Kraft og Aand aa bruke seg til stor og go Gjerning, - Stakkars arme Kvinna! her gjeng ho, mangeigong likso svart paa Kropp aa Sjæl som den Grutsugga ho so viljugt brukar, og so sliti og arm, at ho ikkje eig ein go Tankje aa leggje inn i dei unge, mjuke Hjarto. Goe Bøndar, spare inkje paa Skjelinganne fe Gutann aa Jentunn dikkons! Send dei paa goe Skular, dæ æ mykjy meir vært hell ein stor Arv aa eit gjildt Heimafygje. Kann de inkje sjave skjyne den store Rikdomen som de dermæ gjeve Boni dikkons aa heile Lande, so vere daa so kloke aa lit andre at, som heve bære Greie paa slike Ting. Dæ æ so mæ den som lite Upplysning heve fengje: han veit inkje aa seta dæ rette Vær paa den. Ein som heve vore blind heile si Ti, heve inkje stor Greie paa Farganne, aa han heve hell inkje stor Trong etter aa sjaa; han synest Myrkre æ godt nok; han veit inkje av noko bære. Va her meir Upplysning blandt konn daa skulle mangt av den Stygedomen som no skjemmer konns Folkeliv ut, døy bort av seg sjav. Daa ville Folk hava meir aa røa um mæ kvarandre, av dæ som hadde noko Vær, hell dei no titt heve; for no, daa dei inkje heve noko bære, so maa dei anten trive til Glase, hell so maa dei til aa røa um Væ aa Vind, um Jorepleroten aa so burtigjønom. Og stundom legg dei Skarn paa Tunga si aa talar rotne Ting, som aller skulde nemnast. –
           
Naar me tenkjer paa dei ville Folk, som et kvorandre, maa me daa inkje grysje? – men hot æ dæ vel anna hell Upplysningji, som heve gjort konn likar hell dei. Fe noka Aar sea va Drykk aa Slagsmaal mykje aalmennt; no æ dæ daa Gudskjelov snart berre Herkje, som driv paa mæ slikt; - hot æ dæ vel anna hell Upplysningji, som heve gjort dæ bære i so Maate. Fe noka Aar sea sat der i Noregs Storthing faae Bøndar, aa mest Ingjen kunne svara ein Embetsmann tvo til sju. No sit der mange Bøndar i Thingje, som kann møte baade Prest aa Fut mæ greie Tankar, um dæ enn skjil mykjy paa, at dei enno æ so goe som dei maa bli. Og ei go Upplysning æ dæ, som skaa hjelpe fram heile Lande. Folkehøgskulanne heve no gjengje i Bauten fe ei meir heimleg og livandes Upplysning, enn den me hev havt. Dæ æ i Sanning goe Skular, Bøndar; dit burde de sende Gutann aa Jentunn dikkons. Dei freistar so godt dei kann aa hjølpe konns Bondestand fram i sann Upplysning aa ei bære Aandsdaning, so at Bøndanne forsvara Plassen sin etter Landes Lov aa Rett. Dei set vaar nye Utvikling i ein grei aa naturleg Samanheng mæ den gamle Tii, so at me kann halda paa den historiske Traaen. Dæ æ inkje Soga etter den nakne Beingrindi, etter bare Bokstaven, som dei lærer paa desse Skulanne, dæ æ Historiens innare Samanheng, Historiens Lærdomar, Historiens Aand. Bokstaven slær ihel, men Aandi gjer livandes. Dæ æ dei store Grunndrag i Soga, som dei held fram i Samanheng mæ Bibelen. Hellest æ dæ eit faafengt Arbei aa fortelja um, hot ein der fær lære; vil du vita dæ, so maa du sjav gange igjønom heile Skulen. Eg heve prøva ein av desse Skulanne, Kristofer Bruuns. Den Mannen gløymer eg aller so lengje eg liver. Men eg trudde at eg skulle kjenne til dei andre Folkehøgskulanne au. D’æ inkje fe dæ, at dei heiter Folkehøgskular, at dei æ bære, men fe dæ at dei æ styrde av utifraa flinke Karar, som heve ofra Kraft aa mange Aar fe aa gjera seg duglege til slikt Yrkje. Eg tor seia eg talar av Røynsle. Eg va paa Kvitsseids Seminarium, so prøva eg Holt noka Vikur, men eg kann i Sanning seia, at eg lærde meir av dæ som hadde noko sannt Vær aa Innhald av Kristofer Brunn paa den Maanaen eg va der, hell som eg hadde lært paa Seminarie eit halvt Aar, fe inkje aa seia lenger. Some vil fulla svara meg som so: Ja eg trur nok du trur dæ; du æ no liksom meir laga fe desse Skulanne du. Ja eg skulde somen helder inkje fara bare etter sjave meg, men alle dei eg heve tala mæ, aa dæ æ inkje so faae, som heve prøva Folkehøgskulann, derimyllom Skulmeisterar au, so gjeve dei Folkehøgskulen same Lov som eg.
           
Dæ heve saara meg aa mange andre aa sjaa, at dei som trur dei æ Bondevener, aa som av andre ou bli halne fe aa vera dæ, inkje skaa bære kunne skjyne desse Skulanne. Dei stend i sitt eigje Ljos aa skjyggjer seg sjave aa slær paa sitt eigje Folk i Faavit. Dæ æ ein heilt urimeleg Tankje dette aa vera Bondeven i Politikkjen aa inkje i Folkehøgskulesakji; dæ æ dæ same som aa vilja seia B førr ein seie A, hell som dæ stend i den bakvende Visa: ”Laksen uppi Furutopp aa Ikonn ne paa Havsens Bot.’” –
           
Folkehøgskulesakji maa vera Nummer ein her i Lande; fyst den innare Utvikling, so den ytre. Dæ æ Live, dæ kjeme an paa, aa inkje Formi; Formi vil sjølve Live skapa.
 

 

Frå Fedraheimen 07.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum