Kristiania, den 6te December 1878.

 
Høyems Skulebok-Samlag vil me beda vaare Lesarar leggja Merkje til. Kor snart her kann verta Tale um aa bruka norske Bøker i Skulen, er enno raadlaust aa segja; men fyr dei Lærarar, som talar norsk, vil Høyems Bøker – og serleg visst Bibelsoga hans – vera til den største Hjelp. Lika eins vil dei vera gode fyr Borni til aa lesa heime i jamsides med dei danske Bøkerne, so dei lettare kann skyna desse. – Skulebok-Tanken er alt gamall bland Maalmennerne, og fleire Freistnadar er gjorde, um dei enn, som ventande kann vera no i fyrste Taket, ikkje altid hev havt den beste Lukka. Høyem hev voret den, som hev visst aa taka Tingen mest praktisk, og me trur difyr, at han hev gjort, og kjem til aa gjera, store Ting i denne Vegen. Lat oss altso samla oss um detta Tiltaket hans; nokot godt kjem der so visst utav det.
           
Me høyrer, at det er Høyems Tanke aa bøygja seg so langt inn under den vanlege Skrivemaaten av Landsmaalet, som han fyr sin Part kann. Det vilde i det Heile vera godt, um me kunde taka til aa arbeida paa ei Semja kvar fraa sin Kant; me trur, her hev voret lagt for stort Lag paa desse Formspursmaal, og me ser, at vaare kjære Motstrævarar byggjer sine beste Voner paa denne vaar Usemja i Skrivemaaten. Me skal dermed ikkje forhasta oss; Semja maa ikkje byggjast paa Usanning. – Det var Moro aa vita, um Høyem i si ”Tidskrift” vil taka upp Skulebøker skrivne paa Landsmaal; det vilde vera til Hugtrøyst fyr mange.
           
Motstrævet brukar seg hardt i denne Tid; so maa me bruka oss imot att. Lat oss hjelpa Høyem i denne Sak!
 

 

Frå Fedraheimen 07.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum