Næringsdrivande Politikk.

 
Throndheimsbladet ”Dagsposten” fekk seg ein ny Styrar fraa 15de Septbr., ”ein juridisk danad Mann fraa Kristiania,” vart det sagt. Bladet hadde fyr voret frilyndt og fengjet ein heil Hop Tingarar baade fraa Byen og Landsbygderne kring Throndheim, men den nye Styraren slo strakst um i ei onnor Gata, prentade upp ”Morgenbladet”, skreiv leidande Artiklar um dei Saker, som var fyre i Bystyret, etter atRe- præsentantmøti var haldne, og hædande Artiklar mot Menn, som han tok upp Stykkje fraa. Byens tvo andre Blad, allvisst det eine, var ute fyr Næringi si Skuld og vakte Folks Gaum paa Signalbrigdet og Styrarens Djervskap. Stutt aa segja: det vart for drjugt endaa fyr Thrøndarne, jamvel dei hev Ord fyr aa vera framifraa ”konservative,” og Bladet tok til aa faa den eine ”Joleklapp” etter den andre i Form av Uppsegjing fraa Nyttaar. Men dei næringsdrivande Blad-Eigarar totte ikkje um Fylgderne av Signalbrigdet: dei heldt i denne tronge Tid meir av Bladpengarne, enn dei brydde seg um aa offra nokot fyr dei Meiningar, som den ”juridisk danade Mannen fraa Kristiania,” Hr. Kopist h. v. J. Burchardt, vilde gjera Verdi og Throndheim sæle med. I det siste Numer, som er komet hit, hev difyr Eigararne sett seg nøydde til aa kunngjera, at Bladet ” fraa i Dagskal verta styrt i full Samkvæmd med sitt fyrre Program att.” Kvat er det vel Tydsken ikkje gjerer fyr Pengar? Det er aa merkja: den fyrre Bladstyraren vart standande som Redaktionssekretær under det Burchardtske Signalbrigde, og no vert Hr. Burchardt standade under Ku-Vendingi att. Grunnsetningarne trykkjer ikkje for hardt paa dei Throndheimske Høgder.
 

 

Frå Fedraheimen 07.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum