Notisar

 
Bøker. ”Norsk Navnebog eller Samling af Mands- og Kvindenavne. Af Ivar Aasen. Kristiania. P. T. Mallings Boghandel, Kristiania 1878.” 7 Ark. Pris (heftad) Kr. 1. 20.
           
Ei slik Bok hev Folk ventat paa lengje. Og naar ho kjem fraa Ivar Aasens Haand, vil ho finna Veg til alle.
 
Daaen er Bonden Steinar Skjeie i Flatdal, i sit 85de Aar. Han var ein sterk Mann baade paa Kropp og Aand, og var i sine yngre Aar Bygdis klokaste Bonde og hadde soleis mange af dei større Herads-Yrkje aa varetaka. Han var djup og klaartenkt, og hans Ord fall altid tunge, naar dæ galdt. Eg heve inkje raaka Bonde mæ større Aandsgaavur; Ska’e at han i sin Ungdom inkje fekk større Utvikling, daa hadde sikkert honoms Arbeismark blive viar hell innanfe Herae. Steinar var ein av vaare største Sogemennar. Han hadde eit makalaust Lag til aa fortelja, det var so utforma aa so fint. Utvikla gjenom Soga hadde han naatt upp te ein Finleik, eit Aalvor og Sjølvstende som gav Age. Dæ var so heimlegt og sjaa den gamle stoute Mannen i den kvite sie Trøya, mæ dei kvite Lokkar ne ivi Herdinn aa dei faste Andlitsdrag – dæ var ein heil Bonde.                                               
s. s.
 
Tilætlad, men ufullførd Daap. I Borge kom nyst ei Kona til Presten og fortalde, at ho 1ste Joledag fyr 10 Aar sidan, var i Kyrkja med Barnet sitt, som skulde havast til Daapen, men let det vera aa ganga fram, daa Turen kom til henne, som sjølv skulde bera Barnet. No hadde Samvitet slegjet Kona, og ho bad um aa faa Barnet døypt. Presten fekk i Faddrarne, men Mennerne hadde stadet so langt att i Kyrkja, at dei Inkje hadde sett, sa’ dei, og ho, som hadde voret Kvendefadder, kunde helder ikkje segja seg stød paa, at Barnet var døypt. Ein gamall Mann, som no er daaen, hadde likvel same Joledagen, han kom heim, sagt til Kona si, at det var underlegt, at Folk hadde Born til Kyrkja, men likvel let det vera aa faa deim døypte – han hadde stadet Fadder aat eit Barn og sett det, sa’ han -. Bispen hev etter desse Upplysningar teket den Raadgjerdi aa lata Barnet døypa.
 
Eldbrune. Under eit Brudlaup tok det Kl. 10-11 um Kvelden den 13 Novbr. Eld i Uthuset paa Garden Harrisland i Øvrebø. Eigaren Halvard Aanonsen leid eit Tap paa 1200 Kr. Venteleg hadde Brudlaupsfolk faret uvarlegt med Pipur elder Tendstikkur.
           
Telegraf-Uppfinning. Det er kotssamt aa ha mange Telegraftraadar til aa taka upp ein stor Korrespondence. Edison og Prescott hev difyr lagt seg etter aa faa gjort det moglegt aa bruka same Traaden til fleire Telegramm. Dei hev uppnaatt aa kunna senda 2 Telegramm av Stad, som møter 2 andre paa Vegen og detta System, Kvadruplexsystemet, er alt innført i England, og der kann dei no paa Linurne London-Birmingham-Bristol-Southampton-Plymouth-Jersey senda 260 Telegramm i Timen paa ein Traad.
 
Genna, den megtuge Republik i Midalderen, viser seg enno aa vera si Fortid verdug: Byen hev enno den største Handelsflote i Verdi næst Liverpool, London, New-York og Glasgow. Heile Italia hev likvel mindre Handelsflote enn Noregs (1078,369 Tons mot 1,437,000). Venezia hev ikkje stor Handelsflote.
 
I England er det fullt av Uppspil. Bankar og Handelshus kappast mest um aa gjera Konkurs med Passiva (Underskot) paa 500,000 Lsterl., 200,000 L. osb. Sist er komen Underrettning um Uppspil av Privatbanken i Rochbdale, Fenton & Sons, Heywood, Will. Watson & Co., eit stort Spindeverk i Belfast o. fl. Fleire Uppspil ventast.
 
Kron-Tjuvar. Hr. Terentjev hev skrivet ein Artikel i ”Ruski Mir” (den russiske Verd) um Stuld under Turkekrigen. Officers-Intendant- Embættesmenn 1)hev skamlaust stolet det meste av det, som Heren skulde ha. Uhorveleg store Pengesummar er heimsende til russiske Bankar. Paa Hestar er tent ovmykje. Dei ridande Milits-Regiment var nominelt 600 Mann sterke og fekk Furage reknat etter detta Tal – men var ofta ikkje meir enn eit halvt hundrad – like med til 39 Mann. Løni og Verdet av Furage til dei Vantande tok Officerarne. Uppsynsmennerne ved Hospitali stal i Samlag med Løytnantarne Braud, The, Sukker, som dei Sjuke skulde ha. Endaa dei, som tente under ”den raude Krossen” heldt Fyllelag med dei fine Viner, medan dei Sjuke maatte umbera Supa si. Terentjev krev Reform, fullt offenlegt Stell. I Odessa og Tiflis er eit Par hundrade Svikjarar fengslade.
 
Greiven av Chambord, som sjølv kallar seg Kong Henri V, hev skrivet til de Mun: ”Naar Gud paa nytt tek inn i Frankrik som Herre, vil eg taka dit som Konge.
 
Ihelfrosen. Etter ”Dagsposten” vart Onsdag i fyrre Vika ein Mann funnen ihelfrosen i Orkedalen ¼ Mil fraa Heimen sin. Han hadde hentat eit Par Flaskur Brennevin og venteleg teket for mykje til seg av detta, daa han hadde klædt av seg nokre Klædeplagg og i den Trui, at han var heime, lagt seg til ute.
 
Stavanger Amtstidende fortel, at Engelskmenn i siste Sumar hev drivet Perlefiske i Bod, Etne og Hjelmeland paa slik Maate, at Elverne er botnskrapade. Langs Elvekantarne lig heile Hestelass av Muslingskeljar, og Fengdi skal ha voret stor. Engelskmenn hev fyrr drivet Rjupeslagting her til Lands, og det ser ut til, at dei vil taka fraa oss alle dei Lunnende som ligg oss til Handa, men som me ikkje sjølv hev Framferd til aa gjera oss nytsame.
 
Bismarcks Tru. Dr. M. Busch fortel i ei Bok, han hev utgjevet, at Rikskanslaren hev utalat seg soleids: ”Korleids Ein kann liva saman i Selskap, gjera sine Verk og gjeva kvar Sitt utan Tru paa ein gudgjeven Religion, paa Gud, som vil det Gode, paa ein høgre Domar og eit Liv etter detta, skynar eg ikkje. Var eg ikkje Kristen, vilde eg ikkje vera ein Time lenger paa min Post. Dersom eg ikkje leit paa Gud, vilde eg visst ikkje bry meg um jordiske Herrar. Dersom eg ikkje trudde paa ein guddomeleg Skipnad, som hadde korat det tydske Folk til nokot stort og godt, so vilde eg strakst uppgjeva Riksstyret. Ordenar og Titlar hev inkje Verd fyr meg. Den Stødleik, eg i samfulle 10 Aar hev vist - -, hev eg berre fraa mi faste Tru. Tek Ein denne Trui fraa meg, so tek Ein mit Fedraland fraa meg. - - Eg vil ikkje gjera Proselytar, men eg kjenner Trong til aa kynna Trui, daa eg liver bland Heidningar.”
 
I San Francisko (California) er i Aar daane 4 Millionænar: Hopkins, Caltan, Reese og O’ Brien. Dei 3 fyrstnemnde aatte yver 32 Millionar Dollar kvar; dei tok alle aat med tvo tome Hender.
 
Nytt Blad. Paven hev gjevet sitt Jaminne til eit Projekt av Kardinalar og romerske Aristokratar um aa grunnleggja eit stort politisk Dagblad i Rom i 5 Tungur: Italiensk, Fransk, Tydsk, Engelsk og Spansk. Pavens Bror, Monsignore Pecchi, skal verta utnemnd til Kardinal og styra Bladet. Til Medhjelp skal han ha Greiv Connestabile i Perugia, høgt Ultramontan og Aristokrat. Bladet skal taka aat i Marts til Aars.
 
Taktlaust. Ex-Keisarprinsen hev sendt P. Cassagnac ei Lukkynsking med, at hans Valfullmagt vart kasserad. Det vert sagt, at Cassagnac vil hemna seg ved aa lukkynskja Prinsen med, at han fekk Nei hjaa Prinsesse Thyra.
                                  
1)Merknad!
Manus uleseleg!
 

 

Frå Fedraheimen 07.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum