Utlandet.

 
Tiderne fraa Afghanistan hev i det heile gjenget ut paa, at den engelske Heren hev skridet jamnt fram og utan aa møta store Hindringar. Den nørdre Avdeildi, Khyberheren, tok den 24de November Dakka, ein Landsby, som ligg i Tronget; han var fyreaat plundrad av Mohmundfolket. Hovdingen aat dette Folkeslaget hev lovat Engelsmennerne Truskap. Det ser ut til, at Folket tek vel imot Innfallsheren. Landsbyarne i Jellalabadsysla skal ha negtat aa betala Emiren Skatt, og dei engelske Blade er samde um, at det ser maatelegt ut fyr Shir Ali. Det heitest, at Fangarne hev fortalt, at det afghanske Folket er reint imot Krigen, at det hatar Emiren, og ikkje ynskjer annat enn aa verta utfritt. Men det er det aa hugsa paa, at alle desse Tidender er av engelskt Upphav og difyr maa takast med Varsemd. So reint fyrutan Mein hev likevel ikkje Herferdi voret. Eit Fjellfolk kallat Afridingarne hev freistat aa stengja att Khybertronget fyr deim; men etter Telegramm fraa Lahore av 1ste December er det likt til, at Engelsmennerne hev fenget Bugt med deim. Det er merkjelegt, at den afghanske Heren til dessa ikkje hev bodet til at gjera nokot aalvorslegt Motstand paa nokon Flekk, anten det no kjem av Yvermagti aat Engelskmennerne elder av eikor Løynraadi, som er gjort upp fyreaat. Det hev elles voret sagt, at Tropperne aat Emiren skulde vera paa Mars vestyver mot Herat, fyrdi Persarne skulde ha nyttat Høvet til eit Aagrip paa Afghanistan; men det er lite trulegt; for i so Fall, maatta Persarne ha vortet Uvener med Ryssarne au, og det hev ikkje voret likt til nokot slikt. Standard fortel, at Verki kring Ali Musjid var so sterke og glupe, at dei hadde voret mest utakande, ifall dei hadde voret til Fullnads mannsette og Afghaningarne hadde hindrat Kringgonga i Tidom. I Petersborg trur dei, at Shir Ali er visst meint paa aa gjera alvorlegt Motstand; han hev Hovudstyrkjen sin samlad i Kabul, som er sterkt fest, og her skal den avgjerande Striden standa.
 
Kuramheren under General Roberts hev stiget ned i Kuramdalen likeins utan aa møta større Motstand. Den 27de November naadde Heren Kuramfestningi; ho var rømd, Garnisonen var stroken til Peivar; der skal etla seg til aa taka imot.
           
Kostnaden aat den afghaniske Herferdi maa sjølvsagt det engelske Parlamentet lata til. England og India skal halva. Det er sagt, at Regjeringi skal vera meint paa aa krevja paa fyrste Hand den vakkre Summen 10 Millionar Pund Sterling = 180 Mill. Krunor.
           
Korleids Samhøvet er fyr Tidi millom Ryssland og England er ikkje godt aa vita. Det hev gjenget mange leide Tidender, men dei hev fyr ein stor Deil vortet avsannade att i det sidste. Kjeisar Aleksander hev reist fraa Livadia den 29de. Han tek innum Moskau og vert verande der i tvo Dagar, fyrr han fer til Peterborg. Det er aalmenn Tru, at hans Atterkoma til Hovudstaden saman med Opningi av det engelske Parlament vil kasta Ljos yver den politiske Stellingi.
           
Fraa Konstantinopel er mellt, at Fyrst Kobanov hev sagt til Safvet Pasja, at dei ryske Tropper vil røma Bulgaria og Rumelia til den Tid, som Berlinsemja set fyre; men Rømingi av Thrakia og Adrianopel vil standa paa det, um Porten gjeng inn paa ei endeleg Fredsemja. Lobanov batt Ryssland til aa forlata Turkiet tvo Maanadar etter at ei slik Semja var underskrivi.
           
Kjeisar Vilhelm kjem att til Berlin den 5te December. Dei gjer store Fyrebuningar til aa taka imot honom. Fyr Skuld den Festen, som skal vera, hev Styret trutt, at det var naudsynlegt av taka til nye Fyregjerder mot Socialistarne. Dei hev vist ut ei heil Mengd med Socialdemokratar, deribland Riksthingmennerne Hasselmann og Fritzche. Dei skal nog vera meint paa aa lysa Staden i eitslag ”Umlægringstilstand” til Æra fyr sin ”Heldengreis”.
 

 

Frå Fedraheimen 07.12.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum