[Ein Klokkar Hattrem]

Ein Klokkar Hattrem hev avhjelpt ein Saknad i Bokverket (??) ved aa umskriva paa Dansk nokre Katekisationar yver Luthers litle Kathekismus av Dr. Schulltze og Dr. Carl Lind. Her stend det aa lesa: Kven er den høgste Herren i eit Land? Det er Kongen. Kven andre enn Kongen skal me vera undergjevne? Raadsmagti. Kven meiner Du med Raadsmagti? Kongen og hans Raadgjevarar og Embættsmenn, som styrer Riket paa Kongens Vegnar. Desse er likeins Herrar og tilkjem den Heidr, som det fjorde Bodet krev. Som Ein ser, høyrer etter DHr. Schultze, Lind og Hattrem Storthing, Heradsstyre, Faatøk- og Skulenemnder, Fylkesthing, Lensmenn, Fredsdomarar, Skulemeistrar, Vaktmeistrar, Politikonstablar o. fl. ikkje til Raadsmagti. Helder ikkje Præsidentar og Embættsmenn i ein Fristat, ja ikkje eingong Keisarar, Sultanar og deira Embættsmenn. Kongen er ikkje den høgste Herre i Norig; det er Storthinget, som etter den norske Grunnlog hev den største Magt i alle Saker, paa Naadesretten nær. Ein annan Stad stend det i Katekisationarne: Naar Folket paa Kongens Bod viljugt steller seg til Krigstenesta, kvat er det daa dei tenar Kongen med 1) ? Med sitt Liv. Hjaa oss tenar Ein ikkje Kongen ved aa ganga i Krig, og i mest alle Land vil Folket spyrja, kvifyr Krigen skal førast, fyrr Kongen (elder Præsidenten) fær Pengar or Rikskassa til Krigsbruk. Det er Folki, som fører Krig, naar deira Sjølvstende er trugat; det er Samhugen, Fedrelandskjærleiken, som flokkar Folk kring Fedraheimens Merkje i konstitutionelle Rike, ikkje Kongens Lune, Hugskot elder Faafengd. Ein kann sjaa, at Hr. Hattrem ikkje hev leset Politikk paa Seminariet.
 
1) Sml : Hvad kastede Moses Lovens Tavler i? I sin Vrede.