Ei Utgreiding um Skapningsoga.

[Del 3 av 7. Fyrste delen.]
(Etter Godet.)
 
III. Samanlikning.
 
Me skal no kasta Augat paa Skapningsoga og freista aa greida ut, kvat det er ho hev av likt hell ulikt med dei vitenskaplege Utfinningar. Fyrst skal me heimsjaa oss litevetta i henne og som snøggast skilja ut Grunntankarne, som ligg i henne. Ho byrjar soleids: I Upphavet skapad Gud Himelen og Jordi. Det vil segja: daa vart Huset tyst, Grunnen lagt fyr heile Verket, det fyrste Grunntoet vart skapat, som alt annat skulde veksa fram or. Hermed hev han strakst vortet stengd den Tanken, som var raadande i Heidingheimen, at Toet var likso evigt som Gud og difyr hadde ei ovleg Magt til aa meinka Guds og Mannsviljens Arbeid fyr det sanne og gode. So gjeng Soga strakst burt fraa Himelen, som Ein maa tru det er Meiningi gjordest etter Senn som Jordi skreid fram; fyrst paa den fjorde Dagen vert han nemt att, fyr aa visa, at han daa var ferdug og kom i eit jambundet Høve til Jordi. Det maatar godt med Fyremaalet til Skildringi, at ho berre nemner Himelen, naar han vedkjem Jordi og menneskjelege Tilstand; for det er ikkje Allheimens men berre Mannheimens Soga ho vil fortelja. Ifraa det andre Verset er det soleids berre Tale um Jordi. Jordi var endaa aud og tom, alt var i Uhegdom, Grunntio var væl tilkomne, men dei var ikkje utskilde enda, alt var uskipat og sviplaust, alt var i Gjerdom, so det ikkje var Lag paa nokon Ting endaa. Men Guds Aand sveiv yver denne Muga, liksom bræande paa eit Egg, og førte Vokstren fram etter Guds Vilje. Det stend: han sveiv yver Vatni; men det kann me tenkja anten paa Upphavstoet i ei Gasform (for Hebræarne hadde ikkje Ord fyr det, me no kallar Gas), hell so paa Vatnet som alt fløymde kringum Jordi.
           
Dei tri fyrste Dagsverki skal liksom berre rydja Tufi fyr Livet, som der skal reisast. Dei tri siste er Framkoma og Vokstringi av sjølve dette Livet. Den fyrste Dag vil Myrkret fyr Ljoset, den andre Vatnet fyr Lufti, og den tredje Dag vil Havet fyr Berra. Dette er dei tri Vilkori, som er trengjande fyr Upprenningi av Plantevokstren, som set Kruna paa tredje Dagen og brøyter Vegen fyr Dyrelivet.
           
Fyrst. Gud sagde: Vert Ljos. Ved Umtalen av detta Guddomsbodet kjem det i Berrsyni, at det ikkje er sannt det, som Austerlendingarne so mykje heldt det fyr, at Ljoset var eit evigt Princip hell Utslag av ei blind Kraft; nei her vert det sagt, at det er Verket av ein fri og sjølvviten Vilje. Den same Tanken vert sagt i det, at Skaparverkjet vart utbytt i 6 Jamdøger. Skapningi er framsett som Arbeidet i ei Virkevika, som ein onnug og vitsam Arbeidar ber fram, Stig fyr Stig, Mun fyr Mun, idi han alltid lagar seg etter eit visst Fyremaal, som han fyreaat hev sett seg upp.
           
Naar det i V. 4 og 5 vert serleg nemnt, at Gud skilde Ljoset, som han kallad Dag, fraa Myrkret, som han kallad Natt, so er det meint paa det, at Gud, fyrst Ljoset vart skapat, logbatt det med jambytte Grensur baade fyr dess Uppgang og Nedgang. Dagen er ikkje det same som Ljoset; han er eit bjart Tidarbil, laga til Arbeid; og Natti er ikkje det same som Myrkret, ho er eit dimmt Millombil, som er laga til Kvild og Uppattnøring.
           
Med Storkvelven (den udstrakte Befestning) kann Ein anten tenkja paa den udømelege Himelrømdi, so Vatni ovantil daa vert Gastoet, som Stjernurne er laga av, elder betre kanskje kann Ein taka det um Luftringen (Atmosfæra) kringum Jordi, og Vatni ovantil um Vaatrøykjen hell Skyerne som sveiv i Lufti og Vatni neantil um Havet, som Jordi var umfløymt av.
           
Paa den tridje Dagen er det, Fastlandet stig fram og skil seg ut fraa Vatnet. Naar soleids Ljoset, Lufti og Jordi er reidde, tek Voksterlivet til aa ovra seg, Jordi vert klædd med fager, grøn Grassvord, og Aldetre renn upp. Det er Gud, som byd det, men det er Jordi, som sjølvo seg ber det fram.
           
Fremst i det andre Tridagaverket vert det fortalt, at Soli, Maanen og Stjernurne kjem fram; dette er væl meint soleids, at dei daa fyrst tok til aa skina paa Jordi. Ljos trengdest ogso til dei fyrste 3 Dagsverki, men det var det same, kvat Slag Ljos det var; no til Fremjing av dei 3 siste Dagsverki trengst det Ljos, som nettupp er bundet til Soli.
           
Dei fyrste Fyreslagi kjem fram i 2 Former, Havdyr og Fuglar; ved dei fyrste maa Ein daa tenkja paa Fiskarne og so Sumdyri. Luft og Vatten hev vortet fyllt med Livende; det er att Landjordi, og ho fær sitt den sette Dagen, Husdyr, Krjupdyr, Stordyr og til Slut Mannen; han er væl ogso teken av Jordi, men Gud danar honom med si eigi Haand, svipar honom etter sjølve seg og blæs sin livande Aand inn i honom. Skapingi hev no naatt sitt Endemaal: Toet hev vortet laga til aa vera høveleg Bu og Bunad fyr Aanden, som Gud kveikjer i honom.
           
Plantarne var Prydnaden paa den nykomne Jordi, dei stod eit Stig høgre enn dei livlause Tel, likeins er Mannen Kruna paa Dyrelivet, han stend med si Aand eit Stig yver dei livkveikte Skjepnur, han er Mistarverket, han er det som heile Skapingsarbeidet hev sigtat paa.
           
Den sjaunde Dag er Kviledag, Verket er slut, Gud er ikkje lenger Skapar, han er berre Styrar og Skipar av det gjorde Verk. Sabaten segjer: hit og ikkje lenger; med dette sannar han dei Ordi: og Gud sagde, det er: Jordi er ikkje Utslaget av daude Krafter, men alt kjem fraa ein tenkjande, sjølvviljande Aand, som fyrst kan kalla dei skapande krafter til Liv og so igjen stogga dei, naar han hev naatt sitt Maal med dei.
           
No skal me sjaa, korleids denne Soga kann semjast med Vitenskapen. Me skal fyrst merkja oss tvo Stykkje, som synest vera ulike.
 
1) Mosesoga talar um Dagar, men Jordlagi og Livleivingarne krev Ævur paa Millionar med Aar.
 
2) Etter Mosesoga skal Dyrelivet fyrst hava teket til lang Tid etter Plantevokstren, men Vitenskapen lærer, at i dei eldste Jordlag, som Ein finn Plantar, der er det ogso Spor etter Skaldyr og Koraldyr, og at soleids Dyri er likso gamle som Plantarne. Dette ser ut til aa vera store Mishøve, og Ein maa segja, det var raadlaust aa greida dei, um Ein heldt paa det, at Mosesoga skulde vera ei ordgrann Uppskrift etter guddomleg Fyresegn.
           
Men paa den andre Sida er det ogso so mange forbisnelege Samhøve, og til meir merkjande er desse, som dei fell i dei Stykki, der Bibelsoga synest aa segja so beint imot Mannsvitet og det, Ein sjølv kann sansa seg til.
                                                           
( Meir.)