Utan Rang.

[Del 4 av 10. Fyrste delen.]
 
Skaansk Folkeliv paa 1830-Talet, teiknat av Ave.
                                     
 I.
                         
(Framhald.)
 
Guds frid i stugan! Sitten väl, mäster Knut och I alla! helsad Mylnaren, han tok i Klinka med sitt serskilde myndige Tak og slog Døri upp, so ein breid, kald Luftstraum fekk Skræddaren til aa draga dei tofle-skodde Føterne sine til seg.
           
Puh! de steikjer nok Flugur paa Vegg her . . . Men kvat er detta fyr ein Selle?
           
Spursmaalet galdt ein Hare, som snøggad seg haltande fram fyr aa helsa paa Gjesten.
           
Det er eit stakkars skamskotet Dyr, svarad Knut og voksad i Mak ein lang Saumetraad.
           
Skamskotet?
           
Ja med fleire Byrsehagel i eine Foten; men Daniel hev plaastrat Stakkaren, so no er han skilleg gild att . . . Vælsignat gode Emne der er i den Guten!
           
Skal det vera Spe? Vil du koma her og segja, at Son min er ein Plaasterprins? braadde Per Mylnar i, raud som ein Hane.
           
Det er mi Sann ingi Skam aa vera skyld med slik ein Plaasterkonge som Farfar hans var, svarad Knut spakt, men fast. Mi beintframme Tru er den, at ein god Beindoktar, som tek einast Vaarherre til Hjelp og ikkje fer med Svartekunster, er langt betre enn tie daarlege Prestar Gud forlate mi Synd!
           
Det er soleids Haren, som hev dreget Daniel her hit i seinste Bilet? spurde Per med eit granskande Augnekast til Knut.
           
Ja, nokot; men so hev han og so smaatt hjelpt Olu med den ædle Skrivekunsten, svarad Knut ærlegt.
           
Ja-so. Naa, eg kom ikkje her fyr aa snakka um Harar; eg vilde berre segja, at du lyt koma til meg som um Maandagen; det er paa Tidi no, at Tenestfolket mitt fær Pelsarne og dei andre Løns-Klædi sine sydde. Kann du koma?
           
Kor mykje er der aa sy? Eg hev alt lovat meg burt til tri Stader fyre Jol . . .
           
Og eg burde væl venta til sist, meiner Sokneskræddaren; men han skal hugsa paa, at eg hev Raad til aa taka Skræddar fraa Byen.
           
Det veit eg; men Byskræddararne fyr nok ikkje Saudskindspelar og Vadmaalskjolar, utan so er, at dei skal vera paa Herskaps-Svipen; og Per Danielsson vil væl ikkje, at Tenestfolket hans og skal vera Herskap . . . Kor mange av Gjenturne er det, som tener fyr Vadmaalsklæde?
           
Tvo; Barnegjenta skal hava Verkenskjole og Skindtrøya, tvo Drengjer heil Vadmaalsklædning, blaa, lo-klipt; Halvdrengen skal hava Pels og Linkufta, likaeins Stalldrengen.
           
Me er tri Skræddarar, sagde Knut ettertenkjande; eg tek meg ein til, og so, med Til-hjelp av dei lange Nætterne, gjeng det væl . . . Me kjem um Maandagen.
           
Den stilfarande Maaten, Knut tok det paa, tamde den Illska, som kokad i Per Mylnar; men han var ein langsynt Mann, Per, og dertil mistenkjen. Det Synet, han hadde set i Skulen, daa Daniel og Olu sat Kind ved Kind lutande yver Tavla, vilde ikkje ut or Minnet hans att. Haren, og det Knut hadde sagt um Beindoktaren, gav nye ukjære Framtidssyn: Daniel fylgjande sine Forfeder i Faret som Mylnar og Kvaksalvar, med Ord fyr ei viss løyndomsleg Gudstru, som gav honom Rom millom dei andre Undermakarar og kloke Kjeringar i Bygdi. Ein sovoren Mann kunde ikkje tenkja paa betre Gifte enn Dotter aat Sokneskræddaren, endaa um han var rik. Daniel kunde hellest ikkje faa Pengar til aa trivast so som Faer sin; Knut hadde mange eldre Born, alle fatike liksom heile Ætti; der vilde vera Kjuklingar nok til Gryni, som Mylnaren med Stræv og Møda hadde samlat. - -
           
Daniel skulde ha seg Klædesklæde; han skal byrja aa lesa til Prest no til Nyaar. Kor lengje skal Dotter di ganga i Skulen?
 
Til Jol, svarad no Kona hans Knut snøggt, ho sat og sprettad upp ei gamall Kufta. Knut leetst ikkje høyra Spursmaalet; han talad halvhøgt med ein av Hjelpararne sine um det Arbeidet, denne stellte med. Ho hev lært nok no, og eg treng henne til Hjelp heime.
           
So kjem ho ikkje so langt med Skrivingi, at ho kann skriva og lesa løynlege Kjærleiksbrev, naar ho vert stor, sagde Mylnaren, liksom paa Skjemt. Foreldri aat Olu saag handfallne paa kvarandre.
           
Det hev me aldri komet til aa tenkja paa! sagde Moeri, synleg skræmd; Knut saag tvihugad ut.
           
Naa, det er ein Ting, som ikkje kjem meg ved; kvar fredar um sine Born mot Verdsens Vondskap og Freistingar, som han hev Samvit og Forstand til. Per Mylnar hadde no utrettat det han vilde, og han visste, at han ikkje hadde gjenget til Inkjes.                                    
 
( Meir.)