Utlandet.

Det tydske Riksthinget tok samrøystes ved Schneegangs Forslag um aa skipa til ei sjølvstendig Regjering fyr Elsass-Lothringen. Til aa hindra Mistyding sagde Schneegang fraa, at han gjekk ut fraa Frankfurtfreden som det Grunnlag, Rettsskipnaden aat Rikslandi (Elsass og Lothringen) skulde veksa ut ifraa. Bismarck var glad utav, at her ikkje var so stor Meiningsskilnad, som det plagad vera. Han var viss paa, at dei kunde finna ei Løysing, som vilde vinna Yvertal fyr seg i Thinget. Med Sambandsregjeringarne hadde det til dessa voret tingat berre under Hand. At Elsass-Lothringen skulde hava eigi Framføring i Sambandsthinget, det ynskte ikkje Landet sjølv, og helder ikkje var det ynskjelegt. Ein andsvarleg Leidar av Politikken vilde stødt verta standande som høgste Instans fyr Rikslandi. Dei einskilde Punktar kunde ikkje koma under Umtal, fyrr det Logforslag laag fyre, som skulde koma inn fyr dette Thingmøtet, og som vonleg vilde møta Samhug hjaa alle Parti.
           
I Frankrike er det fyr Tidi Spursmaalet um Flutning av Thingi fraa Versailles til Paris som er paa Vange. Regjeringi gjeng inn paa Forslaget, men vil ikkje gjera Saki til nokot Kabinettsspursmaal. I Folkethinget hev det stort Yvertal fyr seg. Men Senatet ser ut til aa vilja slita Lag med Folkethinget. Heile vinstre Centrum og ein stor Deil av Vinstre hev avgjort, at dei vil røysta imot Flutningi og den Nemndi, som Senatet hev sett ned til aa gjeva Innstilling i Saki, med den rettslærde Laboulaye til Formann hev raadt Senatet ifraa aa kalla Thingi ihop til Samstemna, for det bør ikkje gjerast nokot Brigde i Riksskipnaden; Thingi bør verta verande i Versailles. Dryftingi skal byrja idag, Tysdagen.
           
Fraa den ryske Regjering er det gjenget ut til dei andre Stormagter eit Forslag um ei blandad Hersetning av Austrumelia. Dei skulde tilsaman setja upp ein Her paa 16000 Mann, og Hersetningi skulde vara eit Aar. Den 3dje Mai skal Ryssarne ha rømt Rumelia, og til den Tid vil den rumeliske Folkeher ikkje vera ferdug, so Landet vert utan Soldatar. Hersetningi synest soleids aa vera rimeleg, og det er trulegt, at ho kjem i Stand.