[Notisar]

Kristiania, den 29de April 1879.
 
Kristiania Arbeidarsamfund heldt Sunndag Kvelden den 21 overordenleg Generalforsamling fyr aa avgjera det Forslag, som var framsett av Skræddar Engelstad um Missnøgje med Formannen, Fullmegtug Boeck. Snidkar Hagen framsette eit nytt Forslag, som heldt seg berre til det, som sist hev hendt, at Formannen hadde negtat aa lata Bjørnson halda Fyredrag, og ellest gjekk ut paa aa beda Hr. Bjørnson um aa halda Fyredrag um Republikken, naar det maatte vera honom kvæmt. Hr. Hagens Forslag kom ikkje under Afrøysting, daa det ikkje var framsett i rett Tid, endaa Boeck ikkje hadde nokot imot, at fyrste Parten av det kom fram. Den andre Parten vilde han derimot ikkje vita nokot av. Og deri hadde han visst Rett: Hr. Bjørnson vil visst aldri halda nokot Fyredrag i Arbeidarsamfundet, solengje Boeck er Formann; i eit Brev til Samfundets Medlemer hev han derimot sagt, at han gjerna vil halda Fyredrag, naar det paa Formannsplassen kjem meir sann Ærekjensla. Det var mange Talarar baade fyr og imot Engelstads Forslag, dei fleste og beste likvel totte me fyr detta. Men daa det kom til Avrøysting, gjekk det den Vegen Høna sparkar: 159 røystad imot og 121 fyr. Mindretalet var visstnog ikkje so reint litet, men Mindretal er likvel Mindretal. Storkaupmenn og andre Samfundsstyttur, som visst aldri fyrr hev sett sin Fot innum Samfundet, hadde møtt upp i Flokketal. So fær dei altso dragast med Hr. Boeck solengje! Landsdomar Ferd. Roll, som fyrr hev voret Formann i Samfundet, og som no nyleg i Storthinget hev baade talat og røystat fyr, at Arbeidararne ikkje fær Røysterett, talad fyr Freden, kor godt det var, naar det ikkje kom Illska elder Split inn, og Medlemerne visste aa skyna paa Formennerne sine, som offrad Tid og Krafter i Samfundets Tenesta. Forhandlignarne gjekk fyr seg paa ein framifraa tekkjeleg Maate.
 
Daaen. Soknepresten i Sydre Land Alsing.