Fraa Bygderne.

Moland i Telemarki. Etter at O. Arvesen hadde sluttad Folkehøgskulen i Selljord, hev han faret umkring i Bygderne og haldet Fyredrag. Her uppe i denne Avdalen var me au so heppne, at me fekk honom. Etter at me hadde sendt Bod, at me gjerna ynskte aa høyra honom, og han hadde lovat aa koma, gjekk Ordføraren til Presten fyr aa faa Lov til, at Arvesen maatte halda sine Fyredrag i Skulehuset. Presten svarad med det same Ja og lagde til, at um han vilde preika i Kyrkja, skulde han faa Lov, dersom det ikkje var paa ein Vyrkedag; daa visste han ikkje, um han torde gjeva Lov. Men daa Pietistarne fekk hørya gjetet det (her er ei stor Mengd av deim), vart det Leven. Dei tok til aa skrika ut, at Arvesen var ein Vranglærar, ein som vilde føra Folk i Fordærvelse o. s. f. Tvo av deim gjekk fyrst til Presten og heldt fram, kor faarlegt det vilde vera, um han kom til aa preika i Kyrkja, og so kom Klokkaren og synte honom det Stykket, som hev stadet i Luth. Kirketidende mot Arvesen.
           
Daa gav han seg. Arvesen skulde ikkje faa Lov til aa preika i Kyrkja.
           
Sidan var eg til Klokkaren og spurde honom kvifyr han hadde so imot, at Arvesen skulde tala i Kyrkja, og um han trudde nokot galet vilde koma fram i Preika hans. Nei, men ein, som var Grundtvigianer, og som stod paa eit sodant Standpunkt, burde ikkje koma paa nokon Preikestol.
           
Um Laurdagen kom Arvesen, og det var daa gjort kjendt, at Sundagen Ettermiddag vilde han halda Fyredrag i Skulehuset. Ei uhorveleg Mengd Menneskje etter vaare Høve samlad seg. Medan Folk sat og ventad, at Talaren skulde koma, gjekk han innum til Presten fyr aa snakka litet ved honom. Etter at han hadde fortalt, korleids det hekk saman med Prestegreida i Sellgjord, og Presten hadde høyrt, at det ikkje var Arvesen, som hadde eggjat upp Meinigheiti mot Presten, sagde han, at um Arvesen vilde halda Tala si i Kyrkja, skulde han hava Lov til det. Bod vart daa sendt til Skulehuset um det. Arvesen heldt daa ei uvanleg gild Preika, og Folk vart reint forbinad i honom og tenkte, det var ein forundarleg Vranglærar.
           
Um Maandagen heldt han tvo Fyredrag i Skulehuset. Det fyrste var um Familieliv og Børneopdragelse.
           
I det andre fortalde han Yggdrasilmyten. Folk vart alt meir og meir glade i honom. Dei kjende seg tiltalad og gripne av det, han hadde sagt; men Pietistarne vart nok skamfulle, dei, og ynskte visst, dei hadde funnet Knaggar til aa hengja Hattarne sine paa.
           
Daa han hadde sluttat, steig Lærar Ivar Tveiten fram og i ein varm Tale takkad Arvesen, fyr han hae komet herupp, fyr det gode han hae gjevet oss og fyr det stygge, han trudde, han hae teket fraa oss.
           
Um Tysdagen preika Arvesen i Annekskyrkja og reiste so til Vraadal.
           
Til Medlemer av Folkehøgskulesamlaget teiknad seg yver 30 Stykkje.                                              
P.