Litt um Storthingsvalet i Telemarks Fylke.

(Or Varden.)
 
Det hev alt voret skrivet ikkje so litet um Tingvalet vaart fyr i Aar, i ymse Blad: men eg trur enno det gjer godt aa skriva meir um det, so Meiningarne fær skirna og det som er Grut søkkja til Botn; difyr vil eg skriva nokre Linur.
           
Det er greit, me maa hava tri nye Thingmenner, tykkjer daa eg og vist eit stort Fleirtal i Telemarki; for dei tri Nullarne duger fælt so litet! Naar det skal Pengar or Rikskassa, so henger desse tri Nullarne seg eit 10-Tal og so vert det 10,000 Kr. i Staden fyr det hadde skullat voret 10 Kr. Slik brukar dei seg som Nullar i Peningsaker og likeins i andre Saker. Nullar og Nullar og ikkje annat. Dei er ikkje sanne Bondevenner nokon av deim. Dei kjem ikkje fram, daa dei er heime, til Folket med Meiningarne og Tankarne sine; det burde og skal ein dugande Thingmann gjera, og det gjer han. Nei desse Nullarne dei knyter Bandet um Visdomsposen sin endaa trongare, so ingen Meining og Tanke skal koma ut bland Folket. Det er væl dette, som hev gjort, at dei hev hanglat so lenge paa Thinget. Kvifyr kann dei ikkje tala ut Tankarne sine kvar, det dei orkad? Er det fyrdi dei ingen Ting veit og kann ikkje tala? Ein av desse tvo Tingi maa vera Orsaki. Me ser daa det er usselt dei talar i Thingsalen. Eg trur det er ikkje nokot Fylke i Landet som hev so kleine Menner paa Benken sin. Den, som mykje veit, han lite talar, heiter eit Ordtøkje. Ja, dei er aandelege Dvergar og ikkje frie Menn. Men det er ikkje dei einaste, som hev Skuldi fyr, at Thingbenken vaar er so smaaleg benkjad av Menn. Skuldi ligg hjaa Urveljararne og Valmennerne.
           
Eg kunde gjerna skrivet upp nokre Stemmingar av deim aa visa, korleids dei røystar og kvat Leid dei luter mot; men det tek burt so mykje Rom i Varden, at eg ikkje vil elder kann beda um Rom fyr det, og so trur eg meste Deilen i Telemarki hev eit Blad og hev leset det fyrr. Det er altso mi Meining aa ikkje velja atte Eika, Taraldsen og Thommesen. Eg vil peika paa tri nye Thingmenner, som fyr mine Augo stend høgt yver dei tri, me no hev.
           
Fyrst: H. Bentsen, Aslak Haukom i Kvitseid og Sigurd Sundbø i Flatdal. Bentsen er alle kjende med fraa fyrr i Thingsalen; men Haukom og Sundbø vil eg skriva litt um. Dei er baae tvo i sin beste Alder og heve Framtidi aa veksa i politisk Diplomati. Dei hev alsiduge Kundskapar og talar stødt, rolegt og klaart fyr seg, og er støde i Meiningarne sine. Dei er frifinna i Poletikken og Venner av Folkeuplysingi og den simplare Manns Framgang i politisk Velvære. Sparamenner i Peningvegen er dei au, der det kann aa maa sparast. Dei er i Komunen dugande Menn og talar beint ut Meningarne sine utan aa leggja yver diplomatisk Domma. Slike Menn som Haukom og Sundbø burde koma fram paa komande Val. Dei er i sin beste Alder og ikkje sundsprengde i Heilen av Kontorluft og konservativ Bladlesnad. Dei vilde ikkje skjemma ut Benkjen vaar i Thingsalen. Ja dei er verde aa koma fram, og fram skal dei ein Gong!
           
Jespersen og Sandland er au dugande Menn; men eg vil ikkje hava dei til Thingmenner av ein Grunn. Dei skal virke i sine Embætte, tykkjer eg. Her er nokk av Prestar og Skulelærarar, kunde ein svara meg. Ja av usle og halvdaude Prestar og Skulelærarar er her nokk; men ikkje av slike Menn som Jespersen og Sandland er her nokk. Ein god Prest og Skulelærar er ei sjeldfengd Vare, som ikkje er god aa faa kaupa kvar Dag. Difyr trur eg, at desse tvo Menn skulde virka kvar i sitt Kall. Dei kann gjera ti Tonger meir godt fyr Fedrelandet sitt i Heimen, enn um dei sat paa Storthinget. Drangedal og Laurdal og vidare umkring fekk sakna deira livande Røyst og sanne Ord, som reinska all usund pietistisk Luft av Hjartelivet.
           
Eg vil dei ikkje so vondt som at dei skulde koma paa Thinget, daa dei hev so stort og fagert Kall aa virka i, som dei hev!
           
Min Røystesetel skal lyda soleids:
 
1. Bonde P. Rinde.
2. Sagfører H. Bentsen.
3. Bonde A. Haukom.
4. Bonde S. Sundbø.
 
Ein som hev Røysterett.