Til Urveljararne i Seljord.

(Or Varden.)
 
Det er ikkje so ovende lenge til, at de skal velja Valmenner att no. Eg vil difyr minna dykk um aa vera vakruge aa møta fram ved komande Val. Kom or Gruva og rist Oska av dykk! No gjeld det aa bruka Krefterne dykkar; for skal me ikkje til komande Storthing faa eit Sparathing, so dett Bonden og Arbeidarne paa Knei, av di Skattebyrdi vert for tung. Difyr gjeld det um aa velja Valmenner, som fullt ut stend paa vaar Sida; for dei er det, som gjer eit godt og frifinna Storthing, og slike maa verta valde, skal me faa det.
 
Det hev fyrr i Seljord ved Vali voret ei konservativ Lensmanns-Tid, ja det var vist nære paa, me hadde fenget ei Sakførar-Tid au, men det vart daa ikkje nokot med. No vil me hava ei Bonde-Tid, seinare fær me ei Husmanns-Tid, vonar eg. Eg vil i Aar velja til Valmenner Jørund Telnes og Sigurd Sundbø. Seljordingarne kjenner deira politiske Lit og Tru, so eg slepp aa skriva um det.
           
Ja lat oss no standa saman i dette og ikkje velja andre enn desse tvo; fyr her er ikkje mange andre Menn i Bygdi, som fullt ut stende paa Bondens Sida og som eg trur kann velja Storthingsmenn etter kvat Folket no krev, dei skal vera. Samhald og Truskap i komande Val!
                       
Ein som hev Røysterett.