[I det 16de Aarhundrad]

I det 16de Aarhundrad var Folketalet i Nordland og Finnmarki større enn no, segjer den danske Sogeskrivaren Troels Lind. I Slutten av hitt Aarhundrad budde 60 Huslydar paa Langenes Ver, i 1825 berre 28 Menneskjur. Andenes Ver hadde i 1589: 7 Bønder og 55 Vermenn, 1825 var der berre 9 Huslydar. I Lofoten og Vesteraals Futedøme laag i 1825 aude 100 Gardar. Vatsøy (ikkje Byen) hev havt 3 Kyrkjur, no ingi. Paa Nord-Fugløy bur no Ingen, men fyrr hev der butt Folk. Paa Sandøy bur no berre eit Tjug Menneskjur, endaa Ein paa Sandfjordbotn kann sjaa Tufterne av 100 Hus; likeins er det paa Nordsida av Øyi. Ingøyi var eingong so fjølgbygd, at ho mest liktest ein By; endaa i 1720 var Kyrkja paa Øyi Hovudkyrkja med eigen Prest. No er Kyrkja nedrivi, og Øyi hev berre 50 Innbuarar. Likeins er det med Hjelmsøy og Maasøy. Magerøyi hadde fyrr i Tidi 6 Kyrkjur og ei stor Folkemengd, no berre ei Kyrkja, som dei er tenkt paa aa riva ned, og 50 Innbuarar. Stoppøyi hadde fyrr 200 Menneskjor, men ligg no aud. Og soleids var det heilt til Landsgrensa i Finnmarki. Det, som mest hev ført med seg Avfolkingi, er, at Skogarne er uthoggne.