Fraa Bygderne. [Lom]

Lom ligg innestengt millom Jotunfjelli og nordanfyr Folkeskikken; men her er endaa Vaarmerkje: veksande Sans fyr Upplysning. Til kvart Aar hev Skulen aat Bruun voret søkt av baade Gutar og Gjentur 1) , endaa Prest og Klokkar er mykje imot Folkehøgskulen. Ein god Amtsskule hadde me eit Aaret. Han var godt søkt og væl likad, endaa av Autoritetom, alt um eg trur han var fullt so fri i sine Grunnsetningar som hin. Men det er so rart med det, som hev Statsstempelen paa seg. Leidt var det, at mange av dei gildaste Gutarne, som var paa Amtsskulen, foor fraa oss, sume til Seminarskulen, andre til Storbyen.
           
Fyredragssamlaget vaart veit Fedrh. um. Det hev gjort Lag med 4 andre slike utyver Dalen og byd so inn gode Menn til aa koma uppyver aa halda Fyredrag, og skaffar dei fri Skjot. No paa Vaarleidi hadde me Kr. Horn paa Vaagaa her; han heldt eit Par Fyredrag um det aandelege og materielle Tilstand no fyr Tidi og gjorde det rigtigt godt. Paa eit Stelle her i Bygdi hev nokre Gutar og Gjentur eit litet Samlag; dei skriv eit Blad, Freistnaden, som skal vera utruleg godt og vert uppleset paa Møtom; hellest er det Samtale og Song og bilom-til lite Leik.
           
Valmanns- Valet er snart paa Haand. Det plagar vera svært til Staak her fyre Vali, daa kvart Parti strævar hardt fyr sine Menn. Lomværingen vil visst ikkje taka Brandvold, Brandt og Horgen att, soframt daa ikkje Klokkar- og Postførarpartiet vaart skulde raaka til aa vinna ved Valet.
                                                           
X.
 
1) I Vinter var det 2 Gutar herifraa paa Vonheim og no skal det reisa 3 Gjentur.