Paa "Kampen."

[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
(Slutten.)
 
Der skulde no væl ikkje so mange Hundrad til fyr aa skipa til Sides dei argaste Vanhøvi der uppe. Lite Vølsl paa Vegen og nokre Veitur fyr Vatnet skulde hjelpa utruleg. Men det er væl so, at dei som styrer og raar herinne i denne forunderlege Byen, dei er so fine at dei toler ikkje aa røra denne Styggedomen, - og so vert han liggjande. Det er finare aa leggja burt Tusund paa Tusund til aa jamna upp Gatur breide, staute, gilde Gatur paa Vestkanten, der rike Tuft-Eigarar kann tena store Pengar, og der desse fine Kaksarne bur sjølve. Svarar Ein, at det er berre tvo Aar, sidan Kampen kom inn i Byen, - so sjaa til, um det er stort likare paa sume Stader, som hev høyrt Byen til i 22 Aar! Nei, Kristiania hev sitt Templebar so væl som London.
 
Det ser ut til, at dei Styrande ikkje likar Austsida av Byen, Gamlebyen, Oslo, og det som ringar seg kring den. Istadenfyr aa skipa paa det gamle, som er galet, byggjer dei nytt, som er mest likso galet. Men so er det og snaudt nok, at det bur nokon einaste av Bystyret austanfyr Akerselvi.
           
- Dersom dei berre tok dei Pengarne, som dei no t. D. hev slengt burt til ei Stytta yver Kristian den 4de, og kostad paa Kampen!
           
Smaafolket i Kristiania hev til dessa faret aat som Bønderne paa Landet: latet dei Store syta fyr alt offentlegt Stell og sjølv berre sovet og betalt. Og so gjeng det som det gjeng. Smaafolket i Kristiania maa, liksom Bønderne paa Landet, snart til aa vakna og taka ei Haand med i det offentlege Stell; gjer dei ikkje det, so sanneleg fær dei svida fyr det, og det baade saart og lengje. Det ser me meir enn nok av, baade i Kristiania og hellest.
           
Skulde ein Husmann elder ein av dei smaae Gardeigarar paa Landsbygdi raaka til og lesa detta, so vil me segja dei det, at kor laakt dei enn ofta kann hava det, so hev dei fyr Naud aa prisa seg sæle, for dei ikkje bur paa Kampen. Dei kann hava det laakt paa Landet, so laakt, at det stundom er ei Skam fyr dei Bygderne, som hev nokot slikt; men dei er endaa væl farne: dei vantar daa aldri korkje Ljos elder frisk Luft. Fatikdomen er altid eit tungt Lass aa draga; men der som den største Rikdomen er, der slær det ikkje i Mist, at den største Armodsdomen og hev heime.
           
Det er ei syrgjeleg Trøst fyr dei, som hev det vondt i Verdi, at kor ille dei hev det, so finnst det daa altid dei, som hev det verre. Men det kann likevæl stundom vera ei Trøst. Det skulde vera væl, um Fatikfolk fraa Landsbygdi fekk sjaa, koss dei ofta maa liva paa Kampen; for daa tenkjer eg dei vart gladare med dei Vilkori, som Heimbygdi hev aa bjoda.