[I Paris]

I Paris er dei i Beit fyr aa finna ein Etterfylgjar av den vyrde Nicolas Rack, Skarprettar yver heile Frankrik, som nyleg er daaen. Det vantar visstnog ikkje Søkjarar: eit Par Dagar, fyrr Posten vart kundgjord ledig, hadde det alt komet inn 200 Bønskrift um aa faa Embættet, mest ifraa Slagtarar og Tannlækjarlærlingar. Sidan er Embættet søkt av 368, deribland 87 Lækjarar. Ialt 568. Det er helder ikkje nokot klent Embætte; Skarprettaren hev i fast Løn 10000 Fr.s um Aaret og Honorar fyr kvar Forrettning; det gjev ut Lønetilleg av 6000 Fr.s aarleg. Eit Parisblad hev fyreslegjet Konkurrence fyr aa faa røynt, kven som er den duglegaste. Av Objekt aa prøva seg paa, er det nog, segjer Bladet, daa det kvart Aar er ei 1800 Menneskjur i Paris, som friviljugt gjev Avkall paa Livet, og dei visst Alle som Ein vilde takka til, um dei vart ekspederad ut or Heimen paa ein lettvind og trygg Maate i Staden fyr, at dei til desse hev maatt sturta seg i den skitne Seine-Elvi klyva upp paa Julistytta fyr aa lata seg detta ned paa Steingata o. s. fr.