[Zuluarne]

Zuluarne. Av H. E. Sommerfeldts Den norske Zulumission ser me, at det er dei, som held Zulukaffrarne fyr aa vera ættade anten fraa Jødarne elder fraa Ismael, Abrahams Son. Dr. Livingstone hev skrivet, at di lenger nord og aust Ein kjem i Afrika, di reinare finn Ein Trui paa Guddomen hjaa Innbuararne. Men endaa so langt Sud som i Kafferlandet trur dei paa Aandar og hev Profetar, brukar Umskurd, kauper Bruri av Foreldri hennar, brukar Armringar, Pandeband, Livgjord, Fynsur (Matth. 23, 5; 4 Moseb. 15, 38. 39), held Fyrstegrøden heilag, et ikkje Svin, Harar, Skinnvengjur, Uglar, Fisk, brukar Namn som Mosjesj, Abram osb. Etter Bibelen veit me, at Ismael hadde 12 Søner, som tok seg Bustad i Øydemarki Sjur elder Sur millom Havilah og Evfrat og so meiner dei, at Folkestraumar fraa Aust og Nord hev drivet denne Greini, som Arabarne kallar Kaffrar, d. e. Vantruande, lenger og lenger sudyver heilt til Godvonarneset. Dei norske Missionærar, som rømde, daa Krigen kom, flyt no inn i Zululandet att.