I Dag er det Halvhundradaars-Dagen

etter det namngjetne Torveslag. Det er ikkje Under, at dei gjer serskild Stas av denne Dagen. Det er ein merkjeleg Dag, men fyrst og fremst ein morosam Dag.
           
Karl XIV Johan likad ikkje, at Nordmennerne heldt Høgtid den 17de Mai. Det var en besynderleg Grille av Hs. Majestæt; dei gode, væltenkjande Menn, som til dessa hev rørt litegrand ved Soga vaar etter 1814, kann ikkje rett skyna, kor det hadde seg; dei meiner Karl Johan var rædd fyr Uppstyr, Upprør o. dl., og at han daa meinte han skulde hindra detta ved aa negta oss aa halda Fest fyr Fridomen vaar. Naa ja! eg skal ingenting segja; - men so mykje er visst: Karl Johan, fyrr nemnd Baptist Jules Bernadotte, Republikanaren fraa Revolutionstidi, - han likad ikkje, at Nordmennerne heldt Fest den 17de mai.
           
Grev Platen, ein svensk Mann, var Statholdar i Aaret 1829. Karl Johan hadde gjevet ut Forbod mot 17de Mai-Festen; men i den Tid var der nok ikkje reint audt fyr Fridoms- og Norskdomshug her i Kristiania, og Grev Platen var rædd, og dei som høyrde til hans Flokk, var og rædde. Den 17de Mai kom; Veret var fint; alt var stilt. Men Folk var ute og dreiv; dei spaserad paa Festningen; paa Hamnen laag den nye Eimbaaten Konstitutionen, og so hadde dei Moro av - paa ægte norsk-politisk Barnevis aa ropa Hurra fyr Konstitutionen! Det vart eit Ordspil detta; det skulde gjelda Eimbaaten, men det kunde gjelde Fridomen med ægte norsk. Ut paa Ettermiddagen kom det fleire og fleire Folk ut aa spasera; det var fint Ver, og kven veit kannhenda kunde der verta Staak! Men alle var kvar fyr seg meinte paa aa halda seg utanfyre. Men det samlad seg Folk paa Kristiania Torg, fleire Folk, mange Folk. Daa steig Byens Kommandant, Grev Wedel, til Hest og mynstrad sitt Herfolk, og Politimeistaren med sine Folk kom likeeins paa Føterne. Folk stod og glodde, snakkad saman, lo; einkvar Galningen skreik Hurra; alle var i Godlag. Generalen og Officerarne hans reid fraa Torgi; Folkemugen fylgde med eit Stykkje, bøygde so av, drog ned um Studentersamfundet, skreik Hurra, snudde so attende til Torgi att. Det gjekk alt so godslegt.
           
Men paa Kveldsida viste Stiftamtmannen seg paa Torgi og mælte med høg Røyst og sagde, at Autoritetarne saag seg nøydde til aa bruka sterkare Aatgjerder, daa Folk ikkje vilde skiljast aat, endaa Politiet hadde sagt det. Og ved Lygteskin las no den høge Magistraten upp Upprørslogi, til stor Moro fyr dei Unge og til likso stor Forundring fyr dei eldre. Kvat var tids? Var her Upprør? - Ingen visste det. Daa rykkjer Kavalleriet fram; Folkemengdi sprengjest fraa kvarandre av Hestebein og blinkande Sablar; Fot-Jægerarne tek til aa lada Geværi sine; det vert eit Lurve Leven, tilbeins tek alle, som hev Føter aa ganga paa, og snart er Torgi so tom og aud, som nokon Magistrat i Verdi kann ynskja seg.
           
Det var det namngjetne Torgslag den 17de Mai 1829.
           
Millom den store Upprørshopen den Kvelden var det ein Mann ja den Gongen var han no berre Ungguten, ein tjugeaars Student; men han heitte so mykje som Henrik Wergeland. Han var altid ute paa 17de Mai; for han var av dei, som heldt av Fridomen og Fedrelandet, og han maatte halda Høgtid den 17de Mai, totte han; men han var ofta uheppen, og Moroa vart ikkje altid so rar. Den 17de Mai 1829 hadde han nok Moro ei Stund, for det var flirande aa sjaa paa alt det Storstaaket, som dei Styrande her sette i Gang fyr ingen Verdsens Ting; men Enden vart so som so, for han fekk seg ein Sabelsmekk av ein Kavallerist, fyrr det sluttad. Og sidan skreiv han ei Komedie um Torgslaget, Fantasmer efter Ravnekrogspoetens Manuskript, der det heile vart umstellt til ein Maskerade i eit Fatikhus.
           
- I Dag er det halvhundrad Aar etter at Torgslaget stod. Det er ikkje Under, dei vil halda serskild Moro i Dag, med Kliving paa Stenger og Kapplauping i Sekkjer (?) o. m. fl.; for baade er Torgslaget i seg sjølv ein løgleg Ting aa minnast, og dessutan er det altid Moro aa vita, at me no er komne so langt fram, at Ingen lenger finn det Bryet verdt aa ræddast fyr Upprør paa den 17de Mai!
           
Det hev voret sagt, at den store Fanestemna i Dag skulde vilja upp aa helsa paa Karl-Johans-Stytta. Det burde dei ikkje gjera. Det vilde sjaa ut mest som Spott. Men hadde me Stytta aat Wergeland! - - -