[Thingval.]

Thingval. Fyr Raumsdals Fylke vart den 13de Septbr. valde til Thingmenn: M. Aarflot med 90 R. (samrøystes), O. Nilsen 90, Kaptein Nils Jørgen Gregersen 80, J. Olafsen 73 og Bonde Hans Peter Bjering med 40 Røyster, og til Varamenn: Bonde R. Aarflot (25), Klokkar O. Strømme (37), Bonde J. Slyngstad (76), Bonde A. Todal (70), og Klokker O. Øye (57 R.) Valet er eit fullt og heilt Vinstreval. Agitationen mot Olafsen, som vart driven med Kraft, hev ikkje teket fraa honom meir enn 18 Røyster. Dei Herrar Gregersen og Bjering er nye Menn; dei hev baae utalat seg fyr Riksraadsaki, det vidast gangande Røysterettsforslag og, i Tilfelle av Innkomeskatt, Procentsystemet. Fyr Heidmarksfylket var Val den 16de Septbr.. Valde vart av 70 Valmenn til Thingmenn: Hektoen med 67 R., Jacobsen 66, Mortenson 57, Hjelmstad 50 og som ny Mann i Staden Hans Sæhlie Bonde Even Glestad fraa Ringaker med 34 Røyster. Til Varamenn: O. Arvesen (32), Skulestyrar E. Torp (56), Bonde H. Storeng (38), Bonde V. Konow (37) og Bonde O. Tommelstad (31 R.). Detta er og eit heilt Vinstreval. Me tykkjer nog, at det hadde voret verdt aa prøva Hr. Arvesen som Thingmann han er daa ein framifraa dugande Mann -, men daa han vart 1ste Varamann, er det Von um, at han kann koma paa Thinget likevel, og det fær vera deira Trøyst, som vilde havt honom upp.