Fraa Val-Striden.

[Del 2 av 2. Fyrste delen.]
 
(Framhald.)
 
Nei; istadenfyr aa taka gode Menn ut or Thinget lyt Ein nok helder sjaa til aa faa so mange gode Menn inn der som Raad er. Og det gjeld um aa hava Folk med Kunnskap og politiskt Syn. Thinget treng det i desse Tider, baade til aa kunna greida alle dei store Uppgaavur, som no ligg fyr Haand, og til aa kunna halda seg fullt uppe i Folks Umdøme. Thinget maa eiga det beste, som Landet hev av politisk Dugleik. No er sume dugande Menn gjengne ut; so maa me hava Menn inn att, som kann fylla Romet etter dei. Difyr vil det vera godt, um Akerhusingarne kann faa inn ein Mann som Berner. Han er so godt inne i alle vaare politiske Spursmaal som nokon yngre Mann kann vera, og at han stend paa Fridomssida er nokot som alle veit. Det Einaste, Folk hev aa segja paa honom, er at han skal vera ustød i Trui. No er det væl Ingen, som kann segja, at han sjølv hev gjort Kristendomen nokot vondt; men so skal han lida fyr det, at han Styraren av eit offentlegt Diskussjonsblad hev teket inn Bjørnsons Stykkje imot. Theologien! - Men skulde den aandelege Terrorismen i Landet vera so fæl, at Folk reint skulde mulebindast i dei Spursmaal, - so kunde Ein mest likso godt faa upp att dei gamle Kjættardomstolarne og Kjættarbaali, so visste Ein daa kvat det var. Kvat Berner fyr sin Part trur elder ikkje trur, det veit ikkje eg, og det kjem korkje meg eller nokon annan ved; det einaste, det her spyrst um, er, kor han stend i dei kyrkjelege Spursmaali, som no er framme. Og der hev han gjevet so greide Fraasegner, at ingen skal vera rædd Berner i det Stykket.
           
Fraa Kristiania kann me og faa dugande Folk, so sannt som me veit aa stella os. Der er no fyrst Professor Aschehaug. Det er mange, som gjerna vil hava honom ut; men det vilde knapt vera rett. Thinget maa eiga det likaste av alle Slag, og det vilde dessutan liksom ikkje vera fullt ut fint Spil, um me vilde taka Føraren fraa Motpartiet. Nei, lat Aschehoug standa. Motpartiet bør hava iminsto ein Ordførar, som det er Tak i; daa hev det ingenting aa segja, og her vil ikkje vera so stor Faare fyr eit Atterslag, naar Vinstre brukar si Magt med Maate.
           
Me maa dessutan minnast, at Høgre her i Kristiania er ei so stor Magt, at det maa hava ein heil Høgre-Repræsentant, dersom Repræsentationen skal vera sann. Det er ikkje her som paa Landet; der høyrer i Grunnen alt Folk til Vinstre, og dei, som er Høgre-folk, er helst slike, som ikkje meir enn so halvveges høyrer heime der dei bur, t. D. Embættsmenn, som kjem innflytjande det eine Aaret og reiser det andre, elder einkvar Kaksen, som er komen so upp i Veeret, at han hev skilt Lag med vanlegt Folk. I Kristiania er der eit heilt stort Samfundslag, som Ein maa segja er Høgrefolk, og desse hev Rett til aa hava ein Utsending paa Thinget. Men lenger kann Ein ikkje vera med. Kristiania er ikkje lenger ein Bakstrævarby, i det heile. Det store Millomstandet av vanlegt Borgarfolk er snarare, naar alt kjem ihop, liberalt. Ikkje heilt ut Vinstre, forstend seg, men so midt imillom, moderat-liberalt, Centrumsfolk aa kalla fyre. Det er difyr ikkje lenger sannt og rett, at Kristiania er heilt igjenom repræsentert av reine Bakstrævarar. Kristiania maa hava ein Repræsentation, som ligg meir mot Centrum og tek meir alle Samfundslag med, ikkje berre den øvre styrande Flokken av Grosserarar og Embættsmenn. Ein kann ikkje krevja meir, ettersom Tilstandi er; men det maa Ein krevja og. No høver det so heppelegt, at Kristiania hev fleire dugande Menn, som kann repræsentera slike meir frilyndte og hovsame Meiningar. Dr. Broch maa Ein her minnast fyrst og fremst, alt um han dessverre ikkje hev Hug paa Thingyrket. Dessutan hev me Menn som Kildal og Bidenkap. Den fyrste ligg væl altid nokot meir til Høgre enn til Vinstre, vert det sagt; men han er ein Mann, som Kristiania kann hava Gagn av, for han kann arbeida saman med Thinget og hev Vyrdnad der. Og Bidenkap er ein so greid og dugande Mann, med so klaart, praktisk Syn og so sunne og frie Synsmaatar, at han visst var ein med dei likaste, Thinget kunde faa. Difyr er og alle Morgenbladsfolk so rædde fyr, at han skal koma inn, og dei fer fram mot honom paa ein reint vyrdlaus Maate fyr aa skræma Folk fraa honom. Det vil væl hellest ikkje muna stort no; Folk er knapt lenger so lette aa køyra i Ring.
           
Denne Val-Striden her i Kristiania er hellest nokot av det mest hugnadsame, som er aa sjaa i denne Tid. Naar Ein tenkjer paa, kor daudt her fyrr hev voret, og so ser, kor Folk no tek til aa tenkja og vilja, so maa Ein segja, at her er Livs Von i Kristiania og. Det kann vera, at Ein ikkje vinn fram alt det Ein hev ynskt. Men kann Ein berre i Aalvor faa Folk til aa liva med i det offentlege Liv og læra den aalmenne Mannen, at han hev ei politisk Magt, som han baade kann og bør bruka, so er meir vunnet enn nokon trur. Det gjeld daa berre, um Ein kann halda Livet uppe og spreida meir politisk Upplysning ut bland Aalmenningen. For det er Upplysning, som vantar, naar Folk viser seg dauve i Politikken.
           
Av andre gode Menn rundt i Landet, som Thinget vilde hava godt av aa faa inn, vil eg her til Slutt berre minna um ein, som eg trur hev serskilde Gaavur i den Vegen, og det er Skulestyrar V. Ullmann. Han hev voret nemd fyrr her i Bladet som eit godt Emne, og det visselig med Rett. Han er ein av dei, som kunde arbeida seg upp i Thinget, um han kom inn no i rette Tidi. Han talar framifraa, og skriv godt; han hev store Kunnskapar og eit klaart Syn, og han er so stød i Fridomstanken og hev slik Elsk til Folket, at Ein kunde lita tryggt paa honom. Det vilde vera godt, um dei Liberale i Nedenes kunde samla seg um den Mannen og faa honom fram; Thinget vilde styrkjast og Amtet vinna Æra ved det. Men daa gjeld det, at dei held godt ihop og ikkje spreider seg um for mange Emne. Ein kan væl utan Fornærming mot nokon segja, at Ullmann utan Likning er den beste av dei nye Menn, som Nedenes no kann senda.
           
beste