Seld til den Vonde.

[Del 11 av x. Fyrste delen.]
 
(Ved Forf. til Av laak Ætt og Ein Fritenkjar.)
                                     
II.
                                     
7.
                         
(Framhald.)
           
Ho hadde fraa den Stundi ei ny Byrd aa bera.
           
Ho hadde ikkje aaleine selt Guten sin, men ho hadde og gjort alt sitt til, at han ikkje helder kunde frelsast. Tvo Gonger hadde ho selt honom til den Vonde! Ho hadde slengt honom paa Gata millom laakt Folk, der han ikkje kunde læra annat enn vondt, og so hadde han vortet ein Villstyring so fæl, at han knapt kunde faa Naade berre fyr sine eigne Synder!
           
- Ho tenkte yver alt det, som Sjømannen hadde fortalt. Og naar sjølve denne raae Matrosen hadde funnet Baard villare enn vanlegt, so kunde Ein vita, at det ikkje var Smaating. Den 17-18 Aars Guten maatte vera øydelagd.
           
Det verste var . . . Han hadde voret Forførar. Han hadde daarat Kvinnur, mange Kvinnur . . . Gunhild tenkte paa seg sjølv. Ho visste, kvat det hadde paa seg, kvat det kostad eit ungt Kvende aa koma ut i slikt. Livet kostad det! Livet, Sjæli! Alt! Og slik hadde han øydelagt mange. Fyr hans Skuld hadde mange misst Livsens Voner; for hans Skuld leid mange Livsens fælaste Naud. Kor mange tunge Vaabøner det væl alt laag og brann yver hans unge Nakke; kor dyrt han visst alt var forbannad, djupt inn i alle Avgrunnar, av desse mange vonlaust Ventande, som han med kaat Hug hadde skjemt! Og ein slik vilde ho frelsa! Ein slik, som var verd hundrad Gonger verre Straff enn den, ho sjølv hadde lagt paa Faer hans -! Burde han ikkje rivast burt midt i sin Ungdom? Vilde ikkje alle desse svikne Kvinnur krevja det -? Torde ho narra dei fyr den Hemn, som dei hadde Rett til aa ynskja? Skulde ikkje Syndi hava si Straff? Og skulde denne Syndaren sleppa lettare enn fortent, fyrdi han var Son aat henne, - aat henne som var likso syndefull som han?
           
Ho gjekk att og fram i den store Stova si, fredlaus og rædd, vreid sine magre, sveittande Hender, stansad og stod lange Stunder og stirde, ende ut i Lufti, elder ende inn i seg sjølv; for i sine eigne Tankar livde ho no, ikkje i Verdi. Var det altid rett aa narra den Vonde? Presten sagde ja. Og Presten maatte vita det. Men alle desse Kvinnur -? Med ein Gong blenkte det upp att fyr henne, at det var daa til slutten ho sjølv og ikkje han, som hadde Skuldi! Han kunde ikkje hjelpa, at han var slengd paa Gata millom Herket og hadde lært alt styggt! Dei Kvinnurne, som forbannad honom, gjorde Urett: dei skulde forbanna henne! Ho aaleine var Syndaren -! Men ikkje ho helder . . . Baard, han der heime, han, som hadde øydelagt henne, han var Syndaren; paa hans Hovud skulde alle desse Vaabøner samla seg; han skulde lida, fyr alt som var hendt, fyr seg sjølv, fyr henne, fyr Son hennar, fyr alle dei unge, sundrivne Liv, fyr dei Barneborn, som no gjekk rundt i Verdi og leid vondt og lærdest upp til vondt . . . Skuld paa Skuld, ut igjenom all Verdi, ut igjenom, alt ut til Domedag . . . Ho lo!
           
Men med eit tagnad ho. Var det so visst, at Baard hadde Skuldi? Var han den fyrste i denne Rekkja av Synd og Sorg? Knapt nok! Han var væl ikkje betre upplærd, han helder. Hadde han heilt ut visst, kvat han gjorde den Gongen, so hadde han ikkje gjort det! Han var ikkje vond; han var berre tankelaus . . . Kor var so Skuldi? Lenger upp! Og lenger upp! og endaa lenger upp! . .. upp igjenom alle Tider, heilt upp til Adam . . . Det heile vasad seg ihop i ein uendeleg Floke. Ingen hadde Skuld . . . utan Adam og Eva. Men kven hadde Skuldi fyr, at dei var fallne -? - - No kvakk Gunhild. Ho strauk seg med baae Henderne yver Ennet og sukkad: Gud berge Vitet. -
           
Men ein Ting heldt ho fast: ho hadde sjølv Andsvaret fyr Son sin. Og naar ho visste det, so visste ho og, at ho burde gjera alt det ho kunde fyr aa frelsa honom. Alt det vonde, som var hendt, kunde ikkje sonast; men det, som kunde sonast, skulde sonast. Berre han vilde koma! Tidi var snart ute; ho kunde telja paa Dagar istadenfyr paa Maanadar . . . Ho gjekk upp til Presten og gav honom Pengar, fyr at han skulde beda fyr Son hennar Morgon og Kveld. Og so beda framifraa vænt um godt Ver næste Sundagen i Kyrkja. Og Presten bad. Og det vart godt Ver. Vinden snudde seg endaa Laurdags Kvelden, fyrr Kyrkjebøni vart haldi. Daa fekk Gunhild ei svær Tru til denne Presten. Han maattevera den rette Mannen til aa slaast med den Vonde.
 
                                   
8.
           
Gunhild hadde ein sterk Natur; men ho kjende godt, at ho fyr kvar Dag veiknad. Lenge kunde ho ikkje halda ut paa denne Maaten. Men so ein Dag kom Moer Judith upp til henne. Den gamle sette eit høgtidslegt, men blidt Andlit upp, og Gunhild forstod strakst, at ho hadde gode Tidender. Det gjekk som ein brennande Styng igjenom henne. han er komen -? kviskrad ho og skalv. Den Gamle var liksom rædd fyr aa svara med ein Gong; ho trudde ikkje Gunhild tolde det . . . Fort! fort! er han komen? bad Gunhild. Det kunde daa henda det.
           
Gunhild flaug upp og vilde vera med. Det kom eit Liv og ei skjelvande Uro yver henne, liksom ho hadde Feber. Men Judith meinte det hastad ikkje. Kor daa? er det nokot tids? Nei, ikkje det; - men det kunde henda, at han likso snart kom til henne som ho til honom! Er han her? fort! fort! Der var ein Feber yver Gunhild, so Gamla vart rivi med. Baade han og Kona hans! sagde ho med ein stor, glad Smil. Aa, for eit fagert Par!
           
Hjartat bankad i Gunhild, so ho laut setja seg. Ho drog Pusten fleire Gonger djupt, og kunde ikkje koma seg til aa tala; Judith vart rædd og vilde hjelpa. Lat dei koma -! kviskrad Gunhild sterkt. De toler det ikkje, meinte Moer Judith. Lat dei koma! sette ho i og vart utaaleg. Moer Judith drog seg ut, og snart høyrde Gunhild Stig av fleire komande. Det gjekk Skodd fyr Augo, Sus fyr Øyro, Stova vilde til aa sviva . . . ho var rædd, ho var sæl, ho hadde lengtat seg sjuk etter denne Stundi, og no kunde ho ynskja seg i Jordi. Der gjekk Døri upp . . . Ho drogst fram imot dei som av ei framand Magt, saag dei ikkje, men liksom gjenom ei Skodd skimtad ho ein stor, staut Gut med eit ramnsvart, digert Haar, som det laag liksom ein Ljoske um ... Og etter honom eit Kvende, ljost, med store, straalerike Augo. Gunhild flaug fram og vart uppteki millom sterke, mjuke Armar. alle tri stod samanslungne i ein Krins med Armarne ikring kvarandre, og ho skalv og ho greet, og kunde ingenting segja. Men Baard sagde: Eg visste, eg skulde finna deg eingong . . . Lukka er med meg! At eg fann deg just no, det tek eg som eit godt Merke. Anna undrast paa, at dei ikkje vart helste vælkomne; skulde Gunhild ikkje lika, at ho fann Son sin gift -?
           
Dei sette seg, Gunhild midt imillom dei tvo unge. Og ho glytte upp til dei, men torde aldri sjaa dei i Augo. Hjartat glødde i henne av Elsk til denne Son sin, som ho fann forunderleg fager. Det var eit sterkt, greidt Andlit, med nokot varmt og fust yver sine ungdomsmjuke Drag; Pannen var rask og djerv, Augo rike og klaare, Smilen forførande. Og Anna! Nokot so ljost og reint hadde Gunhild aldri set. Andlitet var som støypt, fast og klaart, men lysande av Kjærleik og Mildhug, Haaret ljost brunt, laag som ein Glans kring Pannen . . . Gunhild sat og saag paa kvar Ting fyr seg, vart meir og meir forundrad, meir og meir glad . . . Og so aa høyra henne tala! Det var eit Mæle, som skal i sin varme Rikdom av mjuk Tone: der laag ei Dirring i det, som kunde faa Hjarterøtarne i Ein til aa bivra! I alt det ho gjorde, i kvar Rørsla, i kvart Augnekast, laag det lik ein Rikdom av Varme, av Gleda; det stod Sol av henne! Fyr Gunhild, som gjekk der nedkvævd av fæle Minne og rædde Tankar, syntest ho som ein Engel ifraa Himmelen. Ho treiv henne tilslutt i eit stort Tak og drog henne tett inn til seg; det var som ho søkte Frelsa hjaa henne; som ho hjaa henne vilde finna Livd og Fred fyr seg sjølv og sine eigne Tankar. Baard sat og saag paa og smilte, byrg og glad som ein Konge; no tottest han vera ein Gong til so trygg paa, at han aatte den beste Kvinna paa Jordi. Og han reiste seg i svellande Gleda og drog eit djup, sælt Sukk: No skal me liva, Moer! sagde han.
           
Og han fortalde, halvt aalvorslegt, halvt skjemtande, at det var Anna, som hadde gjort honom til Menneske. Fyrr var eg ingen Mann, eg var ein Varulv . . . Ei Trollheks hadde kastat Dyreham paa meg . . . eg gjekk der so vill som Varg i Skog og øydelagde alt eg saag, og meg sjølv med . . . No er eg Menneske, og no hev eg funnet Moer mi . . . no hev eg alt, som skal til fyr aa liva sælt og godt . . . og no skal me faa det godt alle! Anna lagde seg varmt inn til honom; han smilte solvarmt ned til Moer si.
           
- Dubbelt, tridubbelt, tidubbelt fælt vart det fyr Gunhild no! Der stod Guten, den sælaste Gut i Verdi, ung, sterk, glad, med Livet glødande gjenom alle Aarer, med Voner so fagre som dei kunde drøymast; det stygge og vonde hadde han gjenomstridt, det gode og sæle hadde han etter; no var han framfødd; no skulde Livet byrja . . . og no, just no, just i same Stundi, kom ho, Moeri, yver honom som ein svart lagnad, med Likferdsbod, med Gravklokkur . . . um nokre Dagar skal du ut av Livet, um nokre Dagar skal du rivast ut or di nyreidde Brudgomsseng og sendast inn i Helvites Avgrunn . . .
           
Dei tvo unge stod der som avdaamde. Gunhild bleiknad burt fyr dei, treiv villt um seg i Lufti og seig i Uvit. Kvat i Guds Namn var tids?
                                                           
( Meir.)