Til Fædrelandet m. fl. om Censur. 1)

[Del 1 av 3.]
 
(G.)
 
Det, eg skreiv um Censur, var Tankar, som eg hev samlat paa gjenom fleire Aar. Eg skreiv altso um meir enn um berre denne Hellenbach-Saki. Den gav snarare berre Tilhøvet. Og derav kom det, at Ordi mine fall vidare, meir aalmenne og meir sterke, enn um eg hadde skrivet einast um den serskilde Saki. Det trudde eg, at Folk maatte set av sjølve Stykket.
           
Men daa dei ikkje hev set det, fær eg fortelja det sjølv.
           
- Aars Tankar var det, eg lagde fram. Og eg skreiv ikkje berre fyr meg sjølv, men eg prøvde aa vera Talsmann fyr alle dei meir enn mange, som i desse Ting hev røynt og gjenomlivt det same som eg. For det er ikkje lenger sannt, at me alle er saadan Christne, som Kierkegaard segjer; det Sanne er, at dei fleste av oss maa lida tungt under denne Striden millom det Gamle og det Nye, og at mange gjeng til Grunns i den, i Vonløysa elder i Sjølvuppgjeving, i Filisterdom elder i Nihilisme, - det eine ikkje stort betre enn det andre. Og er det so, - so trur eg, eg hadde Rett til aa skriva som eg skreiv.
           
Det vert no um Dagen, so vidt eg kann forstaa, sagt endefram i Mgbl. og Fædrel., at me vil ikkje hava Diskussion um Kristendomen. Det einaste, me trur aa ha aa gjera, naar me ser, at ukristelege Tankar bryt upp, det er aa paavisa, at dei er ukristelege; naar me hev gjort det, so fær kvar velja sjølv.
           
- Det høyrest fint! Men, kjære Herrar, hev De daa ikkje ein einaste Tanke fyr alle desse Armingar, som - tvilar? Alle desse mange, som tærest upp av Spursmaal, og som ikkje kann faa Svar, fyrdi her aldri vert talat her i Landet? fyrdi her ingen Diskussion er um desse Ting, ingi Rettleiding, berre ei uhorveleg Skodd av trongtenkt Intolerans, berre sutrande Preikur yver den vonde Tid, berre dundrande Domar yver dei Spyrjande, og Fordøming, naar dei Spyrjande gjeng annanstad av fyr aa finna Svar, trøytte av aa spyrja svarlaust -? De, som er so vise, De, som sit so trygge med heile den absolute Sanning i Fang, so trygge, at De ikkje eingong bryr Dykk um Forhandling, kvi talar De ikkje, naar De ser, at Tiderne er vonde, og at gudlause Tankar bryt innyver oss paa alle Kantar? Kvi tigjer De? Kvi stend De ikkje upp i olympisk Ro, som det høver fyr Menn, som eig den evige Sanning, og legg fram fyr oss all den Visdomen, som gjer Dykk so trygge, legg honom fram so fullt og klaart, at dei Spyrjande kann faa Svar, og dei Fornegtande skjemmast og tagna?
           
De svarar: Det vilde ikkje nytta. Dei, som kjenner Kristendomen og likevæl ikkje trur, dei vil ikkje tru, og trudde ikkje, um dei so fekk aldri so mange Grunnar. Det, som det her kjem an paa, er Viljen.
           
Naar De kjem med det, so kann De vera stygge. Det aa døma ein Mann i Viljen, moralskt, fyr di han viser seg aa hava andre Meiningar enn De, - segja um ein Mann, at han er ein Djevel, d. v. s. ein som fornegtar det, han sjølv vedkjennest som sannt, - det er væl det grovaste ein Kjættardomar kann finna paa.
           
Dessutan: eg trur ikkje stort paa denne vonde Viljen. Ein Gap kann finna paa aa vilja vera Fritenkjar, fyr di han ikkje likar Religionens Viljetukt; men ingen vaksen Mann kastar Trui av den Grunn. Dertil sit ho, iallfall her hjaa oss, for fast inngrodd i vaar eigen Natur, for fast samanvaksi med alle vaare beste og varmaste Kjenslur. Dessutan skal Ein ikkje vera rett gamall, fyrr Ein ser, kor saart Ein kann trengja til ein personleg Gud, ein Frelsar fraa Synd og saaare Minne, ein Trøystar og Hugsvalar i Sorg og Naud, ei Von um eit Liv, som ber utyver dette, - dette jammerlege Jordliv, som er for stutt til at Ein kann faa Meining i det, men altfor uendeleg langt til aa lida i. Dei kjære Prestarne stend kvar Sundag i Kyrkja og preikar um, kor tungt og vonlaust det maa vera aa liva utan Kristendom; - det kunde Fritenkjararne fortelja betre um. Ein skal knapt raaka mange Fritenkjarar, som ikkje vedgjeng, at dei er mindre sæle enn ærlegt truande Kristne kann vera. Det er ikkje vond Vilje! Og dersom det er ein, som i Gap og Tankeløysa hev kastat Trui, fyrdi han ikkje likad henne, - so vil han fyr det meste taka henne dess ivrigare att, naar han vert eldre. Det Slaget av Fritenkjarar er ikkje verdt so mykje som ein Kjættardom. Det er helder ikkje i Grunnen dei, Prestarne meiner. Det meiner alle, og serleg dei mest aalvorslege. Men daa tek dei i Misst.
           
So kann Prestarne segja: me vil ikkje hava Diskussion, fyrdi me gjeng ut fraa, at Trudomen er ei Hjartesak og ikkje ei Tankesak. Kann so vera! Men kor tek dei Retten ifraa til aa gaa ut ifraa slikt? Kunde det ikkje vera verdt aa undersøkja den Tingen? undersøkja, um det gjeng an aa hava tvo Sanningsprincip, tvo ulike Maatar aa finna det Sanne paa, tvo ulike Tydningar av Ordet Sanning? Kunde det ikkje vera verdt, at Folk fekk vita, kvat der kann segjast paa baae Sidur um den Ting? Er det rett aa tigja, og tenkja som so, at me fyr vaar Part er ferduge med desse Spursmaal, altso skal dei andre og vera ferduge? Karl den fjortande er mett, ergo skal dei hine og vera mette?
 
           
Eg veit ikkje, eg. Men det veit eg, at i den Tidi, daa eg sjølv laag som verst og stridde med alle desse tusund Spursmaal, so var det det, eg harmad meg mest yver -: kvifyr ikkje desse kloke Folk kunde tala! Eg sjølv forstod ikkje eit av tusund. Og eg leid syrgjeleg ved all den Tvilen; for eg vilde i Grunnen tru; Kristendomen hadde fast Tak paa meg gjenom Kjensla, og eg var so rædd Vantrui som eg var rædd den Vonde; for den bar ingenstad av, det tottest eg alt hava røynt. Og eg hadde leset Rasmus Nielsen so vidt, at eg og trudde, at Trudomen var ei Hjartesak og ikkje ei Tankesak. Eg prøvde Skam aa segja det! men eg prøvde ofta paa aa kvæva Tanken ned, so snart han kom med sine eggjande Spursmaal; eg var upplærd til det, og gode Menn sagde meg, at det var rett -! men det kunde so lite hjelpa. Tanken kom, naar eg minst ventad, kom stikkande og eggjande med sine tusund raadlause Spursmaal . . . Aa! eg gjekk der og var sjuk meir enn ein god Gong. Detta fortel eg, fyrdi eg veit, at mange hev havt det og hev det og vil faa det paa same Maaten, elder endaa verre; - det er inkje nokot, som er serskilt fyr meg. Men daa sagde eg til meg sjølv: Herre Gud! kvi kann ikkje desse kloke Folk tala! Vantrui, den talar, den, og den fører Prov, so det berre søkk i deg; du maa reisa heile din Vilje fyr aa ikkje rivast med; - men Teologarne? ikkje eit Ord! Berre Deklamation, Lyrik, Skrik; - og prøver dei eingong aa argumentera, so kann du vera stød paa, at dei gjeng ut ifraa justement det, som du Stakkaren gjeng og er i Tvil um!
           
Eg minnest eg brukad Kunster fyr aa mana desse Folk fram. Eg sagde til meg sjølv: desse Folk, som sit der uppe paa sine teologiske Lærestolar, dei maa hava Greida paa desse Ting! Dei kann ikkje sitja der og forkynna den Dogmatikken sin Aar ut og Aar inn som evig Sanning, utan at dei fyrst hev greidt ut fyr seg sjølve alle desse Flokarne, som eg gjeng her og grublar meg galen paa; - dei maa vita Greida! dei maa hava Grunnar og Visdomar, som eg og me andre ikkje kjenner til; - dei skal tala! det gjeld ikkje berre meg; men det gjeld mange; det gjeld heile Kyrkja; dei skal tala.
           
So brukad eg Knip. Eg skreiv i eit Blad og lagde fram mange av mine tyngste Tvil og Spursmaal, - men berre objektivt, berre so pent, so Ingen skulde sjaa, at eg var i Tvil; for det kunde føra andre og inn i same Uføra! - Slikt kallar Bjørnson no um Dagen Fusk. Eg lagde dei altso fram, Spursmaal paa Spursmaal, svarad halvt paa dei sjølv, men leet dei samstundes standa halvt opne, eller iallfall liksom paa Glytt . . . naar dei vise Menn i Teologien saag, at me Lægfolk kunde vera i Beit med slikt, so var det greidt, at dei vilde svara -! Aa jau Takk. Nei, det skulde nok meir til enn so.
           
No kjem det Folk, som fer mindre godslegt fram. Det kjem Folk, som segjer greidt ut, at dei ikkje kann tru! Svarar Teologarne no? Aa, det er ikkje rart. 2) Fyr det meste er det dette gamle, som hev harmat meg so mang ein Gong: Sic! so stend det, og dermed Punktum! Den som ikkje vil tru, fær sjølv taka Skaden; me kann ikkje hjelpa honom; pereat! Amen. Steinar fyr Braud, Slag i Bordet istadenfyr Forklaring, Forkjætring yver dei Spyrjande, Fordøming fyr dei, som søkjer Svar annanstad ein der, som Svar ikkje er aa faa! -                          
 
( Meir.)
 
1) Eg hadde tenkt aa svara i eit annat Blad, av di det ser ut til, at Mengdi av Fedraheimens Lesarar finn denne Kosten for sterk. Men eg er nøydd til aa skriva her, iallfall denne Gongen.
2) Bjørnson hev, so uteologisk han er, til Slutt pint ut eit saklegt Svar i Luth. Ugeskr., - men med lange Preikur for, bag og midt udi, naturlegvis.