Utlandet.

Det danske Kongeparet er ute og reiser. No er dei Gjester hjaa den tydske Keisaren, og det er svært so gildt. Det vert no og fraa baade Sidor forsikrat, at dei tvo Rike ikkje skal hava nokot ubytt imillom seg lenger.
           
Etter at det franske Riksthing no i 8 Aar hev haldet sine Møte i Versailles, samladst det den 27de November i Paris til ei stutt Umfram-Stemna. Gambetta opnad Folkethinget med ein kort Tale. Han ynskte til Lukka med, at Kongressen (dvs. baade Thingi ihop i Sammøte til Avgjerd av Grunnlogsaker) hadde gjevet Paris att den fulle Hovudstadsrett. Paris er det folkelege Einingsband, sagde han. Styret hev no fest Bu paa den einaste Staden, som det kann styrast med Myndugskap ifraa. Kongressavgjerdi syner, at Thingi lit fullt ut paa Fedralandshugen aat Parisarom, og ho vil koma til aa letta Loggjevingsarbeidet. Han bad Thinget um aa halda seg ifraa alle unyttuge Uppstyr og berre stræva til aa naa det høgste Fyremaal: aa gjera Fedrelandet stort og Republiken sterk. Talen vart motteken med stort Samtykkje av Thinget, og han hev voret rost av dei republikanske Blad. Alle trudde paa Fyrehand, at dette Thingmøtet fyre Jol skulde ganga stillt av seg, at det skulde taka fyr seg berre reine Forretningssaker og lata Stridsspursmaali liggja til det nye Møtet, som skal byrja etter Nyaar. Og fraa fyrsto saag det ogso ut til, at Vinstreflokkarne var meinte paa aa samlaga seg fyr aa stydja den noverande Regjeringi, og at dei vilde slaa seg saman um eit Programm, som var slikt, at ho kunde taka ved det og verta standande so lenge. Men korleids det no hev gjenget til elder ikkje (det er ikkje godt aa sjaa av dei Tidender, som til no er hitkomne), so hev det likevel flokat seg ihop soleids, at det spøkjer fyr Regjeringi. Annat kann det ikkje tyda, naar Waddington hev funnet seg nøydd til paa Ministeriet sine Vegner aa krevja eit Tillitsuttal av Folkethinget. I Møtet den 2dre December uttalad han: Thinget maa stutt og greidt segja fraa, um det hev Lit til Ministeriet elder ei; skulde det ikkje hava full Tillit, vil Ministeriet strakst vika. Etter at Dagsmøtet var ferdugt, heldt dei 4 Vinstrekløyvingar serskilde Møte. Um Utgangen paa Raadleggjingarne deira heiter det i eit Telegramm av 3dje December: Uttali fraa dei 4 Vinstreflokkar samstavast ikkje i alt. Vinstre Centrum hev avtalat aa stydja Regjeringi, soframt det noverande Ministerium vert standande, men ikkje, dersom Gambetta skal skipa til det nye Riksraad. Union Republicaine (det republikanske Samlaget) hev teket ved aa gjera ein Fyrespurnad aat Regjeringi. Det Møtet, som var paatenkt, av Utsendingar fraa dei 4 Vinstrekløyvingar hev gjenget yver Styr. Kvar av Kløyvingarne vil hava frie Hender. I Folkethinget vil Brisson imorgon koma med sin Fyrespurnad. Dei trur, at Floquet vil tala fyr ei Avrøysting til Bate fyr Regjeringi. Brissons Fyrespurnad vil truleg ogso verta stellt slik, at Regjeringi kann gjeva eit Svar, som Thingfleirtalet vil vera nøgt med.
           
Den Rørsla, som vart i Storbritania og Irland, etter at Regjeringi hadde fengslat dei tri irske Partiførararne, hev enno ikkje lagt seg. Det gjeng knappt ein Dag, som det ikkje vert haldet eitkvart Møtet i einkvar Storbyen i dei samfeste Kongerike til aa leggja imot Aatferdi aat Regjeringi. Styret skal vera meint paa aa klaga dei tri Førararne fyr aa ha voret med i Samansverjing, og ho skal vilja stydja Klagemaalet paa dei Talar, dei hev haldet. Den liberale engelske Statsmannen Gladstone er paa denne Tid paa Reisa i Skotland. Han ætlar aa stella seg upp til Tingmannsemne i Krinsen Midlothian. Allstad hev han vortet fagnad med Fysna. I Edinburgh heldt han sin Tysdag fyrste Talen sin fyr ein Muge paa 2000 Veljarar. Talen fyller 6 Bolkar i Storbladet Times. Hans Paagang paa Regjeringi vert skarpt avdømd av Bladet.
           
Den ryske Keisaren hev voret ute fyr ein ny Mordfreistnad. Den 1ste December um Kvelden kom han paa Jarnvegen til Moskou. Men ei Stund etter at han var framkomen, vart eit annat Tog, som førde Varningen og Tenarskapen hans, ille medfaret, idi at ei av Føringsvognerne vart sprengd til Vedrs av ei Krutmina, og dei andre Vognerne kom ut or Sporet; men ingi Menneskja kom til Skade. Fraa Mina gjekk ein Traad under Jordi til eit elektriskt Batteri, som var uppsett i det næmaste Huset. Detta var folkelaust, og Gjerningsmannen er enno ikkje funnen. Skal no detta nye Hendet hava til Fylgd, at dei held fram med nye Tvangsgjerder, som berre gjer vondt verre, elder at dei gjeng til den einaste Raadi, som det er Hjelp aa vona av: aa gjeva Landet ein fri Riksskipnad -?
           
Tingingarne um ei Handelssemja millom Austrike og Tydskland hev voret faafengde, og dei austrikske Utsendingarne til Berlin hev reist heimatt. Det heitest, et Austrike var uhugat til aa gjera Ettergifter. Snarare synest daa det tydsk-austrikske Samband, som det hev voret talat so mykje um, men som faae hev rett Greida paa, aa skula bera Frukt paa det militære Umraade. Det austrikske Folkething hev gjenget inn paa aa taka fyr seg og ganga igjenom Herlogi i dei einskilde Punktar, og det kjem daa fulla og til aa ganga inn paa Regjeringi sitt Forslag um, etter Tysklands Fyredøme, aa fastsetja Krigsstyrken fyr 10 Aar og dermed binda Armebudgettet fyr ei likeso lang Tid paa ein Gong.
           
Den prøysiske Regjeringi hev funnet, at det er naudsynlegt aa lata det litle Umlægringstilstandet fyr Berlin vara eit Aar til. I Røyndi er Folket like uppstellt, meiner ho, og det er berre Tvangen, som agar det. Og ille maa det standa til, naar det skal vera Naud paa aa gjæta Folket so vel fyr alt, som kann leida i Freisting, at Styret maa som det verkleg hev gjort i Berlin forbjoda Uppføringi av eit slikt uskyldugt, kongsvenlegt Dramb-og-Drust-Stykkje som Maria Antunietta, som den namngjetne italiske Skodespelarinna Ristori nyst hev gjevet her i Nordlandom, og som ho no vilde gjeva Berlinararne Tilføre til aa fella sine modige Taarar yver. Men nei daa dei trottad ikkje! Og det løglegaste av alt er det lange Forsvaret, Styret hev gjevet fyr si Aatferd, i Bladi.