[Notisar]

Kristiania, den 16de April.
           
Storthingsmann H. M. Olsen-Skog er daaen. Fyrste Varamann, Bonde O. T. Fagerliddal, er sjuk, so han kann ikkje koma, di er 2dre Mann, Kyrkjesongar i Kvedfjord, L. B. Drevland innkalla.
 
 
Kongen er no heilt frisk att og hev tekje yver Styret.
 
 
Chr. Friele, Styraren for Morgenbladet, hev havt ei 5aars gamall Sak med Storthingsmannen, Kapt. Jacobsen, som han hadde skjellt ut i Bladet. Høgsterett hev no dømt honom for det til aa bøta 100 Krunor til Rikskassa og betala Jacobsen 800 Krunor i Saksutgifter.
 
           
Dei ryske Keisarmordarne er dømde til aa avlivast ved Henging. Dei heiter Russakov, Mikailov, Halfmann, Kibalsik, Sofia Petrovska, Jeljabov.
 
           
Frankrike hev fengje seg Ufred med Tunis.
 
           
Om den greske Grendsa vert det væl so snart ei Avgjerd elder Ufred. Dei held kvar paa si Line, Grækland og Turkland. No hev Stormagterne sagt til det greske Styre, at det lyt taka ved den Turkarne set; ellest vil dei ikkje bry seg meir om heile den græske Saki. Det er vel det rimelegaste at Grækarne giv seg.