Rispur.

Ein hadde stoli. So vart han dømd til 15 Dagars Vatn og Braud. Daa Skrivaren las Domen upp for honom, sa han: ”Aa kjære Skrivar” du kann vel inkje forvenda Domen slik at det blir Brennevin og Braud, so skal eg helder sitja dubbelt so lengje!”
                                               
O. s. h.
 
           
I Førsdal hadde dei ein Prest heitte Bock. Daa han reiste, fekk dei ein, som heitte Høy. Daa sagde ein Førsdøl: ”Vrangt skal det allstødt vera; daa me hadde Boch, hadde me ikkje Høy, og daa me fekk Høy, hadde me ikkje Boch att!”
 
           
Ein, som skulde takast til Soldat, skapte seg dauvhøyrd for aa sleppa. Dei baskad med han paa mange Vis; men det monad inkje: dauvhøyrd var han og dauvhøyrd vart han. Daa kviskrad Dokteren til han so halvhøgt – dei andre maatte ikkje høyra – ”Vil du gjeva meg eit Pund Smør, so skal du sleppe!” ”Ja misæl vil eg det!” – svarad Guten. Han høyrde det likevæl!
 
           
Visguten. (Segn fraa Hallingdal). Dæ var ein, dei kalla Vis-Guten; han visste meir enn anna Folk. So var dæ ein Gong, dæ vart burte ein liten Ungje, som hadde gjenge uti Garden valtra, og slettikkje var dæ Raa aa finna att Ungen, ko dei leitte og spurde. So reiste Far aat Ungen til Visguten og kom dit so mot Kvelden. Som daa Mannen hadde uppmuntra sitt Ærend 1) , so sa Visguten dæ: ”Ja, i Kveld kann eg ikkje segja deg dæ; men du fær burt og faa deg Hus einkvarstad til i Morgo, so skal eg segja deg dæ”. Mannen var framand, og Kvelden var dæ med; han gjekk burtpaa Laaven og las seg der i ei Ron. Som de daa leid mot Dagen, kom Visguten med ned paa Laaven og til aa mana paa den Slemme, og Laaven grisna i kvart Veggjemot, daa den Vonde kom. ”Ko er dæ du vil meg no?” sa han og var høyrand’-til so gryten og vill, som no ikkje var aa undrast paa held, naar han vart brydd so tidleg paa Morgonkvisten. ”Aa”, sa Visguten, ”dæ kom ein Mann her i Kveld, som ikkje finn att ein liten Unge”. ”Aa”, sa den Slemme, ”Ungen ligg i den Timberlunna uti Garden hans, og Far aat Ungen ligg burti denne Roni”. ”Du fær brekke eit Bein paa han daa”, sa Visguten. ”Nei eg hev ikkje Magt til dæ,” sa hin; ”han la seg ikkje her i nokon vond Tanke.” Dermed skildest dei aat, og Mannen foor heim og fann Ungen i Timberlunna.
 
 
1) Stend so hjaa Indsendaren.