Christofer Bruun

 
skriv i Dagbl. mill. a:
           
Min politiske Virksomhed begyndte, siger Dagbl., med at søge Venstre mistænkeliggjort for politisk Uærlighed. Jeg skal faa Lov at minde om, hvad det var, jeg sagde. Jeg sagde, at der inden Venstre fandtes en hel Del Mennesker og deriblandt inflydelsesrige Politikere, som i sit Hjerte var Republikanere, som kunde udtale dette i privat Samtale, men som ikke offentlig vilde være det bekjendt. Siden den Tid er det indtruffet, først at enkelte fremragende Storthingsmænd aabent har vedkjendt sig, at de holder Republiken for den bedste Statsform. Senere har flere af Venstrebladene gjort det samme. Og nu udtales denne Tanke saa overlydt ved Folkemøder og andre Lejligheder, at der endog er dem, som paastaar, at i Tilfælde af en Afstemning vilde Republiken faa flere Stemmer end Kongedømmet. Saa nu lader det republikanske Drag inden vort Venstre sig ikke lenger drage i Tvil. Ikke engang offentlig. Thi privat havde man, som sagt, ogsaa tidligere hyppig indrømmet det. Det, som jeg i sin Tid udtalte om den dulgte Republikanisme her i Landet, kan saaledes ikke siges at have været uden Grund.
           
Der er ikkje svært mykje sannt i dette, som Chr. Bruun her segjer.
           
Det er sannt, at det no hev komet fram eit sterkt republikansk Drag i Vinstre og i Folkehugen i det heile. Men Hr. Chr. Bruun hev ikkje Rett til aa bruka dette som Prov for, at det, han sagde og skreiv for eit Par Aar sidan, var sannt daa.
           
For det fyrste er det ingen af Førararne i Vinstre og det var dei, Bruun serleg skreiv imot _, som hev vist seg meir republikanske no enn fyrr. Bjørnson hadde skrivet og talat likso sterkt for Fristaten daa som no; Sverdrup hev ikkje um den Ting sagt annat elder meir enn han alt daa hadde sagt og stod ved. Jaabæk hev sagt, at han var Fristatsmann, endaa han nok kunde finna seg i Kongedømet, naar det styrde vitugt; _ men det same hadde Jaabæk sagt fyrr i Bladet sitt. Andre av dei, som fyrr hev voret talde med millom Vinstreførarne, hev ikkje, so vidt me veit, uttalat seg for Fristaten.
           
For det andre skal det merkjast, at vistnok hev det no komet upp eit fristatslegt Drag i Vinstrefylkingen i det heile; men dette Fristatsdraget var ikkje uppe i Vinstre for tvo Aar sidan. Det hev komet upp etter Freistnaden med det absolute Veto. Me spaadde i 1879, at det vilde koma, dersom Regjeringi negtad Sanktion paa Riksraadsaki. Det maatte koma, og det kom.
           
Men derav kann ikkje Hr. Chr. Bruun slutta, at hans Tale i 1878 var sann.
           
I 1878 var der so litet Fristatshug millom Vinstrefolket i det heile, at det kunde sjaa mest vonlaust ut for dei, som elskad Fristatstanken, aa faa denne fram. Dei fleste sagde som so, at Kongedømet var no det, som me hadde og kjende, og at det var meiningslaust aa kasta det, so lengje Landet kunde trivast med det; dei, som i Tanken var Fristatsmenn, sagde, at dei nok kunde finna seg i eit konstitusjonelt Kongedøme, og at det iallfall var meiningslaust aa tenkja paa Fristaten, fyrr me var naadde so langt fram som Kongedømet kunde føra oss, og fyrr Folket i det heile fekk Trong til friare Riksformer. I det heile stod Kongedømet for tvo Aar sidan som og Fedrh. skreiv so trygt, at det berre var Tanketull aa snakka um, at der var Faare for Kongedømet.
           
Men so kom det absolute Veto og alle dei hyggjelege konstitusjonelle Konflikter. Det viste seg, at Kongedømet ikkje vilde elder ikkje kunde styra konstitusjonelt. Og so maatte alle, som hadde Fridomen og Landsens Framtid kjær, segja til seg sjølve: dette gjeng ikkje an. Me hev ikkje lenger Rett til aa halda paa Kongedømet, _ endaa me av Hug elder Vane kanskje helst gjorde det.
           
Dei 99 av 100 Vinstremenn vilde i denne Dag takka sin Gud, dersom dei kunde faa halda seg trygt og heilt til Grunnloven av 17de Mai med dens folkelege Kongedøme. Berre me hadde ei konstitisjonell Regjering, so vilde dei so gjerna hava det som me hev havt det, og det av mange gode Grunnar. Men slikt som Kongedømet steller seg no, so kann mange ikkje lenger tru paa det elder tru seg til det. Det vilde vera ei Synd mot Land og Folk. Og daa det ser ut til, at Kongedømet vil tura fram i sin ukonstitusjonelle Styremaate, so maa Folk taka til aa tenkja paa ei ny Statsform. Det er Uraad annat. Det hev som Fedrh. skreiv mot Bruun _ hendt nokot no, som gjer, at Fristatstanken er komen upp.
           
Ein kunde trøysta seg som ein viss Mann paa store Bededag med, at dette varer ikkje æveleg. Men naar endaa Oskar II, som daa likevæl skulde vera ein klok Mann, og som til-med kann gjera Vers, _ naar ikkje han hev meir Syn paa, kva Tidi og Folkelukka krev, _ kva skal me so venta, naar Ætti veiknar, og Mennerne vert mindre?
           
Difor vert Folk no Fristatsmenn, anten dei vil elder ikkje. Og difor talar dei republikanskt paa Folkemøti og skriv republikanskt i Bladi. Det er ikkje nokot, som Chr. Bruun kann taka til Inntekt for seg; det er ei Fylgd av det, som hev hendt, og er altso snarare ei Sanning paa det, som Fedrh. i 1878 skreiv i mot Chr. Bruun.
           
- Til slutt skriv Bruun i Dagbl. at den Haan, med hvilken Bladet taler om en Forkynder som et Menneske, der skulde føle sig hævet over, hvad andre samvittighedsfulde Folk er forpligtet til, 1) denne Haan synes mig ikke at afkræfte en Mistanke for tvetydigt Forhold til Kristendomen. Me hev høyrt Prestar snakka um, at den, som talar ille um Prestestandet, han er ein Fiende av Trui. Skal det no vera so og, at den, som kritiserar Chr. Bruun, er ein Fiende av Kristendomen?
           
Daa vert det ikkje greidt aa vera til.
 
1) Dagbl. hev skrivet, at Bruun ikkje hev ført Prov for sitt Paastand um, at visse Vinstreblad er usikre i Trui, men at det kanskje er for mykje aa venta, ein Forkynnar skal bry seg med nokot so prosaiskt som Provføring og slikt.