Husmannsstellet paa Austlandet.

[Del 2 av 3. Fyrste delen]
 
(Av Ivar Kleiven).
                       
 
(Framhald.)
 
           
Denne vanvyrdingi av ”den simple arbeidaren” fær husmannen i Norig gjera kjennskap med frå di han er ein liten gut. Han er ikkje stor kar, fyrr han veit, at han er ”berre fant.” Såsnart husmannsborni er so gode, lyt dei burt, og jamnast kjem dei då for det fyrste burti gardarne som gjætarar. Det kann då i seg sjølv vera bra nok. Men frå fyrste Tidi maa dei no lida ved den råskapen, som standsskilnaden hev skapt, og tidt vert groen til sedløysa lagd i den unge guten og gjenta med det same, og allerhelst på storgardom. Sjølv um den unge guten eld gjenta er komet frå ein god heim _ for det finst gode heimar millom husmennom au _, så er det mest eit under, um dei går uskadde frå det livet dei kjem frami millom tenestfolki og arbeidararne på garden. Det er vel verst, trur eg, med gutom. Livet og åndi millom desse arbeidsfolki er mest for ende reint sedelegt øydelagt. Ogbergar dei unge seg i gjætarårom, så kjem dei for ålvor ut for sedløysa i ord og gjerning, når dei er framslopne for presten, og for ålvor skal burt og tena. Få, ja reint få, gjeng utor dette livet sedelegt reine. Den, som ikkje tilgagns kjenner livet millom arbeidsfolk og tenarar på gardom, kann ikkje tru, kor umogeleg rått det er; det snakket, dei fører, er tidt slik, at det må vera drepande for ei barnesjæl.
           
Slik umgang fær den unge guten i ”framslengsårom,” då han mest kunde trengja moralsk studning; det er då ikkje å undras på, um han vert øydelagd, so han sidan kann vera med å øydeleggje andre. Det heiter, at husbond og matmor skal hava umsorg for tenarom sine, og me minnest visst det frå barnelærdomen vår. Ja, Herregud, dei fær nok både mat og drikke, løn og klæde; skal ikkje det vera umsorg? Men umsorg for deires åndelege liv? Det fær dei no syrgja for sjølve. Uppmaning, ålvorstale, rettleiding og kjærleiksfull umsut som for sine eigne born – nei, det går for vidt, det er ikkje vår pligt som hudbondsfolk. Nei, det er ulykka, at me ikkje vil gjera meir enn det, som er vår ”pligt”, vår lovlege pligt, og tenestfolket forstend godt det, dei. Det er ikkje lengje fyrr dei skynar, at dei er haldne for ”fant” og ikkje for ”folk,” og so misser dei modet og taper hugen til det, som godt og vakkert er. Eit tjukt skval av råskap og sedløysa legg seg um hugen og hjartat hjå dei unge gutar og gjentor, og so er det ikkje langt å bia, fyrr dei misser sjølvvyrdnaden og dermed all sedeleg magt yver seg sjølve. Um nokre år hev den unge guten og gjenta eit lausbarn. Det er syrgjelegt kor mykje lausborn det fødest um året her i Gudbrandsdalen. I heimbygdi mi var talet på dei uægte døypte born ein tredjepart av alle døypte for eit par år sidan, um eg ikkje misminnest reint. Og sidan kann eg ikkje tru, det hev vorte likare. Og det verste er, at du sjeldan skal høyra, at dei held det for skam dessmeir å hava eit lausbarn. Sume gjiftar seg seint um sidan, men ein stor del inkje, og so fær bygdi umgjelde, elder gjenturne kjem heim att til plage og armod for foreldrom. Gjiftar slike unge folk seg, so vert det svarte armodi med slit og slæp, å liva frå hånd og til mund, dag ut og dag inn og med fatigkassa til ryggstød, når alderdom og sjukdom kjem.
           
Det lyt vera tungt å gå med den voni, at når du ikkje kann meir, så kjem du på bygdi, og slike voner hev mange av dei, som fer skikkelegt fram og. Og voni kan ikkje vera onnorleids, når ein skal sitja med kjering og 5, 6 born på ein plass, som føder 1 ku og vel så det, og nokre småkretur, som ofte høyrer andre til. Attåt gjelden, dei sit i, skal dei arbeida upp 3, 4 dalar i husleige til 6 elder 8 skill. dagen (12 i slåtten). Å arbeida upp heimen er det ikkje å snakka um, når dei skal vera på garden den beste tid av sumaren, og dei ikkje hev råd til å leige hjelp. Um dei ikkje stend på garden stendigt, lyt dei freista å tena seg einkvar krona andre stader for å halda gjelden etter og få på litt til klæde åt kjering og born. Og so hev dei mange stader nok med å svara husleiga for året, attåt det arbeidet dei er nøydde til med å sparka ned i jordi kvar vår, når ”verten” er ferdig med våren, så husmannen kann sleppa heim nokre dagar, og med å vinna i hus likeeins baketter. Det er nok mangein heim, som med umvøling og upparbeiding kunde føda ein smånøgd huslyd; men stordelen av husmennom orkar ikkje, som sagt, og ein annan ting er det, at det vantar deim hug til di. Dei veit ikkje anten borni deires elder framande skal njote godt av det, dei steller og arbeider upp; jamnan verdt det berre for andre, og for at verten kann få større avgjift av heimen, når det kjem ein ny husmann på staden. Me kann då ikkje undraspå, at husmennerne ikkje legg meir arbeid enn dei er nøydde til, på heimarne sine; me vilde visst tykja det var eit vonskjøytt arbeid, nokon kvar av oss, å stræva slik på uvissa. Eg for min del kjenner væl, at hugen vilde bli for stutt, når eg skulde til å leggje att år og arbeid på ein heim, som kanskje Per elder Pål skulde byggja og bu på etter meg, medan borni mine skulde reike heimlause umkring. At det er stor skil, både på husmenn og vertar, er sannt; det finst dei husmenn, som sit godt til på gode villår, og vertar, som liiver husmennom sine det dei kann; men i det store er tilstanden slik, som eg her hev nemnt. Det er berre undantak, at husmennerne bergar seg godt og arbeider heimarne upp utan å lata tankarne um dei lause vilkori, dei sit på, kjøve seg ned. Likeins er det berre eit undantak, at ikkje vertarne freistar å draga so stor nytte, som dei kann, av husmennom sine; me er nok slike alle: me vil hava det, som me utan skam kann få fat på.
 
           
I det heile hev husmennerne på storgardom det verst. Eg veit ikkje kva det kjem seg av; men småbrukaren kan sletikkje koma frå å drive husmennerne sine so hardt og stendigt i arbeid elder gjeva deim slik kost, som dei jamnan fær på storgardom. Det kjem væl av di, er det von til, at det ikkje er so mange ”grader” i skilnad millom husmann og småbrukar. Klufti sprikjer ikkje so mykje her, som millom husmann og storbonde. Eg hev høyrt småbrukarar hev sagt: ”skull’ oss bjoda husmennom og arbeidarom våre slik kost, som der og der, og skull’ oss tvinge di 2 elder 3 husmenn, oss har, til å stå etter husmannstakst, soleids som han og han gjerer, så var oss blåe for å få gjort nokot.” På mangein storgard lyt sume husmenn, helst dei, som sit kleinast til,stå året rundt, som det heiter; sumestader kann dei hava fri Laurdag og nokre dagar att imillom for å sparke ned i jordi um våren og få slegjet dei stakkars høy-stræerne, som jamnan bli for gamle. So fær desse, som ”står” soleis, mest alt det, som dei og hopen deires skal leva av, hjå verten; avlingi på plassen røkk ikkje til jul mangein gong. Dagløni er 6 elder 8 skill., og 12 i slåtten; når so husleiga er greidd, og so det, husmannen hev fåt åt seg og sine av korn og mjøl, jordeple og gamle klæde, er attåtlagt, so er husmannen komen i skuld, trass i alle dei 6- elder 8-skillingarne han hev arbeidt upp. For det monar så forsett lite, 8 skill. dagen må vita. Tenk etter å arbeide upp berre ein dalar; du lyt stå der i 15 dagar! So aukast skuldi for husmannen år for år, verten han ”stryk” fulla sume postar; men so fær han og husmannen dess meir i si magt; no hev han bandet kring foten. Det kann vera fortenest å få på andre stader i bygdi, der han kunde få god dagløn for arbeidet sitt; men han lyt likevæl stå på garden, der han ”tek det han liver av.” Det er reint som ei ære for sume storbønder det, at dei ”føder hopen.” Slik armodsdom er det, ein del storbønder tykjer best um. Eg veit, at ein storbonde hev sagt, ”at når husmannen er so god, at han har meir enn ei ku, då er han ikkje værd å hava.” Nei, fær han tvo kjyr, då vert han for stiv og for sjølvstendig, måtru; han er ikkje nøydd til å gå på verten etter kvart korn og kvart mjølpundet, han skal hava etter jul då. Og det er sannt: det er ikkje så reint likesælt for det åndelege og høgre liv i menneskje, um det liver som eit dyr i naud og armod elder i god berging. Den som svelt og frys i ureinskap og fillor, han hev tungt for å koma høgre i tankelivet enn til maten for dagen. Og altso fyrst då, når dei liver mest som dyri, når dei skal gå på verten etter alt, likefrå korn og mjøl og gamle klæde til halm åt dei svoltne krytyrkrokom sine, _ fyrst då er dei havande! Slike vertar jamrar seg ofte verst av alle for fattigutgjiftom; men kven er vel skuld i, at dei aukar? Tru ikkje den, som set husmennerne sine på slike vilkår og på slike heimar, at dei umogeleg kann berga seg? – Slike vertar skulde bera 3dubbelte fattigutgjifter.
           
Det finst som sagt slike storbønder, og det finst mange. Og dei er ikkje forgode til å bli tekne med, alt um dei kann hava ervt ei slik framferd frå gamle dagar og frå gamle tilstand.
           
Etter slik medferd, som me hev gjevet husmennerne våre i lang tid, kann me ikkje undrast over, at dei unge husmannsgutarne legg av å tenkje på å setja seg til att som husmenn her i landet. Og so er det fyrst for handi å reisa til Amerika. Tidi hev vorte so ”materialistisk” no, at endå ein husmannsgut tenkjer på å bli sin eigjen herre, anten det no kann verta i Norge elder i Minnesota.
                                              
( Meir).