Bibelen og dei moralske Reformer.

[Del 2 av 5. Første delen]
 
(Foredrag av Principal I. Macyi Iowa Collegiumskristelege Samlag.)
 
(Fraa No. 18.)
           
Bibelen hev, etter det han sjølv lærer oss, sitt Upphav fraa Folk, som var litet meir enn Villmenn. No er han ei Haandbok for dei lengst komne og mest upplyste paa Jordi. Og han skal eingong verta ein Rettleidar for Folk, som stend likso høgt yver oss, som me stend yver dei ville. Ei Bok, som er tilmaatad aat so ulike Aldrar, maa hava eitkvart merkjelegt ved seg.
           
Abraham vert i Bibelen kallad Guds Ven, og Fader aat dei Truande. Han var ein rettvis Mann. I alle Aldrar hev dei beste og reinaste paa Jordi kjennt seg uppbygde og framdrivne av den simple Soga um dette trufaste Livet. Abraham snudde Ryggen til ei Verd av Synd og Avgudsdyrking og vende seg fram mot ei Verd av Rettferd. Den gudlause Verdi var synleg, Rettferdsriket var berre i Trui. Men i denne usedde Verdi livde Abraham, den store Rettferdskjempa, heile sitt indre, sitt aandelege Liv, og dette hans indre Liv er verdt aa verta granskat av dei heilage i kvar Tid. Derimot utvortes livde han millom Folk, som i det store og heile var Villmenn. Og hans ytre Liv høvde med den Tidi, han livde i, naar ein reknar ifraa nokre faae Ting, som Guds endeframme Fyresegner forandrad. Dersom ein Mann no vilde setja tilsides den klaare Læra i Abrahams indre Liv og berre festa seg ved hans ytre Aatferd, og so vilde fylgja Fyredømet hans, so vilde han koma paa Fangehuset elder i Daarekista paa mindre enn seks Maanadar. Det ytre Livet hans Abraham høyrde til ei villmannsleg Tid, var villmannslegt. I sitt indre Liv var han trufast mot dei Fyresegnerne, han hadde fengje, og Bibelen syner fram hans Liv som eit heilt i stutt, endefram Forteljing.
           
Kvi kunde ikkje Bibelen, naar han fortalde um dei rettvise Menn, ha tagt med dei Ting, som for oss er stygge? Kvi skal ei fin, kjenslerik Tid skakast av fæle Sogur fraa Villmannslivet? Bibelen er likso ubøygejeg i aa syna fram Lyti og Synderne aat dei rettvise som i aa syna fram deira Dygd. Han brukar ikkje Høling. Han talar greidt og endefram, og dylgjer korkje det eine elder det andre.
           
Her er Grunnen til den Knipa, me hev talat um. Men -:
 
(1) Me trur paa moralsk Framgang. (2) Den moralske Framgangen hjaa den einskilde viser seg i Samfundet og fører til Umbrigdingar i Folks ytre Liv. (3) Er der moralsk Framgang, so maa dei beste Menn i ei tidlegare Tid ha ført eit Liv, som i ei seinare Tid maatte reknast for gudlaust. (4) Er der moralsk Framgang, so kann ikkje det ytre Livet aat dei beste Menn i ei tidlegare Tid takast til Rettesnor for det ytre Livet aat ei seinare Tid. (5) Er der moralsk Framgang, so maa det Slags Folk, som i ei seinare Tid lagar sitt Liv etter den ytre Aatferd aat Mennerne i ei eldre Ætt, koma i Strid med Moralen i si eigi Tid og verta til Hinder for Framgangen.
           
Desse fem klaare Setningarne hev sin Grunn i sjølve Framgangstanken.
Dei segjer seg sjølv; dei framtvingar Samtykkje. Dei kjem ikkje fraa Bibelen, men fraa Utgrunding og Undersøkjing. Likevæl hjelper dei oss langt fram til aa kunna greida det Spursmaalet, me her hev for oss
.          
Der er visse Ting ved desse Setningarne, som hev eit meir likefram Samanheng med Bibelen. (1) Dei praktiske Fyresegnerne, som det ytre Livet aat ei tidlegare Tid rettad seg etter, kann ikkje alle verta ei Rettesnor for Livet i ei seinare Tid. (2) Ein Mann, innsnørd som han er i heile sitt Moral-Liv av Tidi, han liver i, kunde paa ingen Maate setja ihop eit Moral-Skrift, som kunde høva aat Turfterne i ei komande Tid. (3) Eit Moral-Skrift, som høver aat Turfterne i fjerne og ulike Aldrar og Ætter, hev ikkje eit berre menneskelegt Upphav; det maa vera komet fraa ein, som kunde sjaa fyre aat, kva fjerne Aldrar vilde turva.
           
Her er ei Bok, som i denne Tidi inneheld snart sagt den einaste Voni for hugsprengde Foreldre, som ynskjer aa faa sine Søner frelste fraa eit forfyllt Liv. For ei Tid sidan kom ho med Ljos og Fridom til Trælarne, som paa onnor Vis laag vonlause og hjelpelause. For ti Aar sidan var ho i Italia den sterkaste Uppmanar til Strid paa Livet for Fridom og Nasjonalitet og konstitusjonelt Styre. I det 17de Aarhundred gjorde Bibelen eit liknande Storverk i Engeland. Den opne Bibelen hev gjort, at denne Alderen kann gleda seg yver ein god Aalmennskule. Men Boki er komi fraa gamle villmannslege Tider. Og ho ber Merkje av Villmannskapen skrivne nedetter Bladi sine i dei klaaraste og mest umistydelege Ordelag. Baade Kristne og Fritenkjarar er nøydde til aa vedkjennast dette.
 
Dersom me no kjenner for lite til desse fjerne Tiderne til paa nokon Maate aa kunna skyna deira verkelege liv, um me endaa kjenner mykje til dei, kva skal me daa segja um desse gamle og halv-ville Tiderne, som visste inkjevetta um oss, og som likevæl røynleg hev gjevet oss eit Moralskrift, som just høver til vaare allstødt skiftande Turfter? Er denne Røyndomen som
Wendel Philips segjer lagad til aa skapa Fritenkjarar?
           
Lat oss til betre Upplysning sjaa litt nærmare paa Træle-tilskipnaden. I dei villaste Tiderne drap Folk sine Krigsfangar. Heile Huslydar og heile Fylkje kunde dei slagta ned. Ettersom Folkeskikken vaks og der vart ei betre Styring, so lærde dei aa taka Fangarne livande og bruka dei til Trælar. Dei, som soleis vart tekne til Trælar, hadde altso ikkje aa velja millom aa vera Trælar elder frie Menn; dei hadde aa velja millom aa vera Trælar elder daude Menn. Kva vilde no Bibelen segja um dette? Bibelen held Folk allestad til Kjærleikslogji. Denne Logji nøyder deg til aa velja for kvar Mann, det, som etter Tid og Tilføre er honom best. Set no, at ein Trældomsmotstandar, som var Fritenkjar, var i det Høvet, at han skulde velja millom aa døma ei Bygd til aa øydeleggjast elder til aa gjerast til Trælar. Korleis vilde han daa velja? Han kunde segja: Nei, eg kann ikkje vera med paa aa gjera Folk til Trælar; Mor mi lærde meg, at Trældomen var Synd. Eg vil, at desse stakkars hjelpelause Borni skal setjast inn paa eit Barne-Asyl, og Enkjurne fær me syrgja fyre i Fatikheimar! Slikt Snakk vilde, i den fyrste harde Tidi, daa Trældomen kom upp, berre lydast som Galenskap, - og for galne Folk, so væl som for alle slike hjelpelause og gagnlause Armingar, var der i den Tidi berre ein Heim, og den var i Moldi. Trældomen hev i si Tid voret ei vælgjerande Tilskiping. Han hev bergat med Livet baade Fylkje og Folkeslag, som hellest hadde gjenget til. Mose-Logji godkjende og heldt Skikk paa Trældomen, so lengje Samfundet var slik, at Trældomen gjorde Gagn. Men daa Samfundslivet vart eit annat, so at det aa gjera ein Mann til Træl vart aa røva fraa han eit fritt og lukkelegt Liv, daa dømde denne ubrigdelege guddomelege Kjærleikslogji Trældomen som ei Synd, ei Ugjerning, Summen av all Udaad.
           
Kva skal me so segja um den fritenkjande Trældomsmotstandaren, som dreg seg inn i sitt tronge Skal og segjer: Trældomen erSynd. Eg veit det er Synd. Eg kjenner det inn i mi innste Sjæl. Alle mine beste og høgste Kjenslur segjer meg, at det er Synd. Dersom Bibelen paa nokon Stad, elder til nokor Tid, godkjenner Trældomen, so kann eg ikkje tru paa Bibelen!? Dersom Bibelen var skriven for aa hyggja og heila berre ei stakkars veik liti hinkande Sjæl, bundi til ei einaste stutt, stutt Tid, so kunde Størsteparten av Bibel-Innhaldet voret ute, og mykje, som ikkje stend der, kunde voret sett inn. Men dersom Bibelen er ei Bok, komi fraa honom, som lagad Mannahjartat, og som styrer alle Folkeslag og Ætter fram mot sitt Endemaal; dersom Bibelen er ei Bok, innehaldande den himmelsende Sanning, som hev lyft Ætti ut or Villmannskapen og skal føra henne fram til eit Rike av Reinleik og Rettferd, som inkje Manna-Auga enno hev set og inkje Mannahjarta drøymt; dersom Bibelen er den Boki i Verdi, som aaleine kann bera den endelause Framgang; dersom den aaleine inneheld den Sanning, som manar dei reinaste og beste Menn i kvar Ættled til aa arbeida med usliteleg Iver for aa faa burt, det som i kvar Tid hindrar Framgangen; dersom Bibelen viser Framgangs-Maaten i Fortidi og høver til alle Fram-Stig i Framtidi, - med andre Ord, dersom Bibelen er det, han i dei klaaraste og vissaste Ord gjev seg ut for aa vera, og det, Soga sannprovar, at han er, - so kann det nok henda, at eit Menneskje, som er bunden i Hugen sin til dei Tankarne, han saug inn med Morsmjølki, vil finna eitkvart i Bibelen, som er heilt gaatefullt og rart. Bibelen hev Mjølk for alle sanne Born, men sterk Mat for Menn. Dei Bibel-Lærarar, som slettar yver, orsakar, elder freistar aa bortfortolka desse Bibel-Flokarne, dei gjer seg sjølve smaae, og vilde, um det var mogelegt, avminka sjølve Bibelen.
Dersom Bibelen lærde Jødarne aa halda Trælar, lat den Sak standa. Men ved aa samtykkja i dette skapar me Fritenkjarar! segjer Veikingen. Um so var! Saki i seg sjølv er lagad til aa skapa Truande, og Truande vil ho skapa, ettersom Folk vert meir upplyste og vituge. Hellest er ein Fritenkjar, som hev vortet dette av rein Vælgjerdshug, ikkje nokon svært vond Mann. Dersom han er sann og aalvorleg i si Leiting etter Sanningi, so kann den Tidi koma, at Dimma løyser seg fraa Augo hans, og han fær sjaa, at han aldri var Fritenkjar, - at han trudde so mykje av Sanningi, som han hadde Vit til aa forstaa. Men dersom Fritenkjaren er ein Hyklar, som berre brukar desse Bibel-Flokarne til Fyrevending for sin Fritenkjarskap, daa er det mykji betre, at han er ein hyklande Fritenkjar enn ein hyklande Kristen.                         
 
( Meir.)