["Hvorfra Stammer Miraklerne...]

Hvorfra Stammer Miraklerne i det ny Testamente? heiter ei Bok, som no er gjevi ut ved Bjørnstjerne Bjørnson.
           
Det er eit Ordrag av ei Kristendomssoga til Aar 200 av Charles Waite, ein Amerikanar.
           
Boki gjeng ut paa aa visa, at Kristendomen og dei Skrifter, han held seg til, inkje hev so gamalt Upphav, som Kyrkja held det for; nokot som inkje er nye Meiningar utalands, der det er sume heile Vitenskapsskular, som meiner det same, men det er væl fyrste Gongi, at slike Bøker hev komet umsette hit til Landet.
           
Han segjer til Slut:
           
Det bør som resultat af undersøgelsen gjentages, at der i det første Aarhundre ikke findes noget bevis for tilværelsen af nogen af følgende læresetninger: den ubesmittede undfangelse Kristi mirakler og hans materielle opstandelse. Ingen af disse læresætninger findes i brevene i det ny testamente, heller ikke har vi været i stand til at opdage dem i noget andet skrift fra det første aarhundre.
           
Slik Gransking, segjer han, er hellest vanskeleg, daa det er for litet Stof, hvorpaa en paalidelig Fræmstilling kunde bygges.
           
Det finnst berre sume Bein, segjer han, som ein daa maa laga heile Skapnaden ihop av.
           
Men av slike Bein trur me, at det væl kunde byggjast ein annan Byggning enn den, han hev lagat.
           
Det er Syni og Trui hjaa Byggmeistaren alt kjem so mykje an paa ved slike Emne.
           
Um denne Boki trur me hellest, at ho vil verta til ymist, baate til Tvil og til Vissing, alt etter den Maate, ho vert brukat paa, og etter dei Slag Folk, ho vert lesi av, og etter den Gjerdi i det heile, som ho vert medfari hell motlagt paa.
           
Men eit er sannt, at denne fyrste Kristen-Tidi er ei forvitneleg Tid baate for Allmannen til aa høyra um og for Vitenskapen til aa granska i.