[Det Aar som no er utgjenget, hev voret eit hardt Aar.]

Det Aar som no er utgjenget, hev voret eit hardt Aar. Det hev voret ein Strid og ei Uro, som ingen hev set fyrr. Øvst uppi Fjellholurne og utgjenom Flatbygderne, i Byarne og, det hev voret den same Striden all Stad. Det hev mest voret likeso myket Røding um Politiken dette Aaret, som det hellest plagar vera um Vind og Ver.
           
Det var hardt i 1879, daa Valet stod paa daa, og i 1880, men ifjor var det hardare endaa.
           
Det var meir Aalvor.
           
Og ved Aalvor mognast ein Mann, og ved Aalvor mognast og magnast eit Folk.
           
Det norske Folket er som 10 Aar eldre iaar enn ifjor, det hev vortet vakset og mannslegt. For dette Aaret hev voret den Tidi, daa det hev gjort Val for Livet i Framtidi, som det aldri vil ganga ifraa.
           
Det Folk, som i ei høveleg Tid vert fyristelt so store Ting og som legg seg under so tunge Andsvar, det hev ei Uppseding, som snaudt finst Maken til. Ho er streng, so den som er veik, kann rjuka med. Men eg trur, at me stend oss baate med Helsa og med Æra.
           
Endaa sume Folk hev so ymis Tru.
           
Dei likar seg ille i all denne Staak og Strid, dei finn all Stad berre Villskap og Vyrdløysa, Lyte og svarte Flekkjer; dei stundar til dei gamle gode Dagar, daa det var Fred.
           
Men kor er væl Vegen annleids?
           
Fraa Uro til Ro, fraa Ungdom til Mannskap.
           
Det kann væl synast ymse baate Flekkjer og Saar; det er ikkje Strid utan det. Men den, som hev Folket sitt kjært, han sting ikkje Kniven burt i der, som det er saart, han leitar upp det berre for aa heila det.
           
Men sume Folk tykkjest fara ymist med det og no.
           
Folket hev no gjort sitt, og me veit at Stortinget ogso vil gjera sitt. Gjeve daa, at ogso Regjeringi maatte gjera sitt, so det vart til Lags for Aalmugen.
           
Det ser ut til so baade.
           
Det er sume, som tykkjest ingen Ting vilja gjera for aa faa Soning med sitt Folk, men helder leggja nye Ufreds-Raader til Øyding vilde det vera for baade eit og annat.
           
Me tarv ikkje ræddast, me skal standa staute og sterke og lita paa vaar Gud og paa vaar Rett.
           
Gjeve det nye Aar maa verta eit godt Aar og eit Aar med Fred.