[Maalarbeidet...]

Maalarbeidetmonar fram. Umfram Yvar Aasen hev me alt fenget tri andre Stipendiatar, dei er likesom tenande Aander, som Folket leiger, forat dei skal fara kring i Bygderne og randsaka kvar ein Krok i Landet og hemta ihop alle gamle Ord og Vendingar og kvar ein gamal Visestubb hell Stykkje, som sleng her og der nokon kvar Staden burtigjenom. Dei sankar og legg det alt isaman og granskar det, so gjev dei det ut til Folk igjen uttydt og i Samanheng. Me tykkjest lite eiga av slikt kvar for seg, men naar det kjem ihop alt, maa me undrast, det vert myket likevæl, og endaa er det ikkje nokot nytt, det er berre vaare eigne Eigendomar, som dei hjelper oss til aa kannast ved. Det er væl for Vitenskapen helst, dei er utgjengde, men Maalsaki haustar likeso mykjet av dei, og hadde ikkje Maalsaki voret, so skulde det væl strikast, um det hadde voret slik Godvilje til aa senda dei ut. I Maalsaki hev det voret so fraa dei fyrste Tider, at Vitenskapen og det praktiske Livet hev fylgt tett ihot; og solenge det vil vara, hev me so god ei Stilling, som me kann hava det.
           
Endaa Folk, som ikkje plent trur nokot paa Maalsaki, som no til Dømes den gode Granskaren Johan Storm og Sohpus Bugge hev Hug til slik Forfaring, og dei set det høgt i Verd. Og berre denne Granskingi vil gjeva ei Glans og ein Vyrdnad aat Arbeidet vaart. Det er daa me Maalmenn einaste, som fær hausta Frukt for Livet av slik Vitenskap, anten so Mannen, som strævar med det er med hell mot.
           
Ivar Aasen gjeng og ruggar og driv med sitt her i Kristiania.
           
Hans Ross er ogso her i Byen. Han hev gjort ein lang Sveiv rundt Landet fraa Throndheimskanten og nedetter; og det segjest, at han hev funnet utruleg mykjet nytt no ogso, mest paa Sud-Leidi og Stavangerkanten.
           
Moltke Moe reiste iveg no fyri Jol paa ei Snarvending i Vest-Telemark. Det er helst gamle Visur han vil hava Tak i no denne Gongen, aa ja annat ogso. Alle som hev nokot, der han fer, maa dei sansa etter og draga det fram. Det hastar no med aa faa hemtat slikt, daa Politiken mykjet gjer Minnet gløymskt paa slike Ting, og det kunde snart verta for seint.
           
Johannes Skar sviv i Setesdalen. Han hev faret der no nokre Aar; og han skal hava utruleg store Samlingar baate med Stev og Segner og Stykkje hellest der or Dalen.