Barneheimen.

Naar Tavla som kvit yver Vogga mi hekk,
no syner seg fargad med Flekk attved Flekk,
naar Stjerna som lyste ein Morgon so klaart,
no Augat knapt kann skimta so dimsynt og saart.
 
Daa møter eit Syn meg so styrkjande mildt,
og Hjartat det gløder og slær meire stillt;
dei Minni seg flokkar i Ring og i Rad,
og kringum meg die leikar og gjera meg glad.
 
Der ligg han i Solskin og Smaafuglesong,
den Heim der i Lukka eg leikad eingong;
der stig dei framfyr meg, det graahærde Par,
dei fyrste som eg elskad: mi Mor og     min Far.
Og Livet som fyllde den Heimen so kjær -
som Gust ifraa Solland det yver meg slær.
 
Daa sit eg som fyrr, naar paa Fang dei meg tok,
som Barn eg atter lærer det eg ei fann i Bok:
 
Den Kjærleik som mild inn i Hjarta      meg skjein,
det Rettsinn som gjorde meg Heimlufti rein,
den Trui so barnleg, um enn ho var veik:
den Livsensgrunn dei lagde i Aalvor og Leik.
 
Og gav dei som Glimt berre, fatikt og bleikt,
det skjein daa av Elden i Høgheimen kveikt;
det lokkande lyste eg drøymde attaat:
det Livet alt av Straalar og Smil utan Graat.
 
Den Draumen i Hugen so heve seg fest,
og klaarast han stig, naar eg mødest som mest.
Og alt um eg vimrade vida umkring,
han lyser meg til Høgheim, der Ljoskjelda spring.
                                    
Matias Skard.