Tidender.

Kristiania, den 6te Januar 1883.
 
Leon Gambetta er daaen. Den djerve Aand er sloknad, den faste Haandi kald, som heldt Frankrik uppe den Tid, som leid Naud, som førde Republiken fram til Siger.
           
Det er inkje berre Frankrike, som i Gambetta hev misst ein stor, ein repræsentativ Mann. Fyr Framgangs- og Fridomsfolket i alle Land er det eit stort Tap, fyrdi Gambetta var Fridomens store Maalsmann, og fyrdi Frankrik, alt ifraa den store Revolutionen hev voret som Midstaden, som Utviklingi i Europa hev svivet ikring.
           
 
Sverdrup hev drevet med Hypothekbanken i 25 Aar. Daa gjorde dei ei Vitjing til honom her um Dagen alle, som er med der og takkad honom for Greidskapen og Gjævleiken hans, som hadde gjort Arbeidet lett under Styringi hans.
 
           
Umgjort. I Skien gjekk Formannsvalet rart til fyre Jol. Arbeidsfolk, som ikkje raadde yver si Tid fekk ikkje røysta, daa det, plent som Valet skulde byrja, vart teket paa en onnor Gjerd, enn det var tillyst. Castberg klagad, og Amtet maatte faa i Stand eit nytt Val. Ved det fyrste vart det berre Høgremenn valde, ved det siste vart det 3 av Høgre og 1 av Vinstre. Det var hellest berre 4 Røyster imillom.
 
 
I Kristianiagjekk Høgrelista igjennom ved Formannsvalet, som venta kunde vera.
 
I Bergen vann Vinstre.
 
I Kraakerøy vann Vinstre.
 
I Kristiansund vann Vinstre.
           
 
Samhug med Franskmannen. Her i Byen tykte mange, det var vondt, daa dei fekk høyra, at Franskmannen hadde mist likaste Karen sin. Han Johan Sverdrup, Arctander, Berner, Jakobsen, Hølaas, Professor Sars, Lyng, G. Storm o. fl. baade Bønder og andre sende Helsing.
 
           
Rjupekaup. Ein Bonde ovanfraa Hol hev kaupt 2000 Rjupor og gav 0.75 fyr Stykkje. Han vil fara til Kjøbenhavn eller Malmø med dei. Ifjor gav dei upp til 1.80 fyr ei Rjupa i Kjøbenhavn, men so lyt ein no all Tid leggja ut 0.55 i Toll fyr kvar, so Vinningi ikkje vert reint for ovstor.
 
           
Ei god Gaava. Uppe i Trøndelagen sender dei Truntalen kring til Sokneboksamlingarne. Ho skal vera givet av Kongen sjølv og er som venteleg kann vera trykt paa fint Papir, og so er der ein forgyld Kant kring og ein stor O i Midten. (So fortel Trøndelagens Blad).
 
           
Paa Sandwichsøyarne er det ikkje so galet som det let med fyr dei, som for dit aa teua fyr ei 2 Aar sidan. Det var berre paa ein Stad, det var noko Krangel, men det ser ut til aa retta paa seg. So fortel Grip, den Mannen, som dei sende ut fyr aa sjaa etter det.
 
           
Nye Blad. Heimdal, eit Blad fyr Ungdomen, kjem ut i Stavanger kvar 14de Dag og kostar 1.10 fyr Halvaaret. Det er styrt av J. Tvedt, A. Vestrum, J. Telnæs, R. Hauge og Ø. Asheim.
           
Morgengryet kjem ut i Kristiania og kostar 1.00 fyr Aaret. Det vil arbeida fyr aa faa Ende paa Krigen.
           
Søndmørsposten eit frilyndt Blad kjem ut 2 gonger fyr Vika i Aalesund.
           
Luthersk Lægmandstidendekjem ut i Kristiania kvar 14 de Dag og kostar 2.20 fyr Aaret. Det inneheld Meldingar um det gudelege Liv i Landet.
           
Norsk Familieblad sluttad no til Nyaaret. Sameleis gjorde
           
Rigstidende, men i Staden fyr den kjem no Norsk Kundgjørelsestidende og Departements- Tidende.
 
           
Gamle Folk. Paa eit Asyl i Trondheim er ein 84 Aar gamal Mann fraa Faaberg. No nyst skreiv han heim til Presten og spurde etter gamle Mor si. Han trudde, ho livde der i Dalen. Jau, ho livde og var baade frisk og før, enda ho er 106 Aar gamal.
 
           
Kvendi hev stundom fyrr bruka aa pynta seg med Fuglar paa Hatten, no byrjar sume aa bruka Kattungar til det.
 
           
Uventat Møte. Den russiske Digtaren Ivan Turgenjev hev fortalt ei Jolasoga fraa Heimlandet sitt soleis: Tvo tri Dagar fyre Jol heldt Vaarherre Gjestebod i Slottet sitt.
           
Han baud alla Dygder og ingjen Annan; berre Kvinnor, inkje Menn. Manga Dygder kom, suma stora, suma smaae. Dei smaae var fagrare og vænare hell dei stora, og dei tyktest vera væl kjenda og gode Vener.
           
Men Vaarherre vart var tvo, som inkje saag ut vita av kvarandre. Det var den Godgjerande og den Takksame. Detta er den Godgjerande, sagde han og peikte paa den fyrste, og der er den Takksame, lagde han til og peikte paa den andra. Dei vat baada forbinad. Det var fyste Gong dei trefte einannan, sidan Veri vart skapt.