Gjenom Dalsland og Vestergötland.

[Del 9 av 12. Første delen]
 
(Framhald.)     
           
Etter Preika i Domkyrkja gjekk eg og dreiv litetvetta fyr aa sjaa meg um og kom, fyrr eg visste Ord av, til Gustav Adolfs Torg, det gildaste i Byen. Her var mange Folk samlad, allra mest Kvende, anten det naa var fyr aa høyra Hornmusiken elder fyr aa blenkja med Ungdom og Stas den fagre Solskindagen. Medan Horni let, og Trummarne dundrad, vart eg av Folkadungjen driven burt imot ei stor Bilætstytta. Eg gjekk dikt burtaat denne og saag daa, at eg stod framfyre Gustav Adolf. Her sat han til Hest staut og drusteleg han, som av fleire gjæve Kongar av Wasa-Ætti var den beste, han, som var stor som Styrar og stor som Herførar; her sat han fast som Berget han, som aldri byrjad nokot Tiltak utan med Bøn til Gud, og som difyre stødt kunde enda med Takk; her sat han fyre Folke-Augo og i Folke-Minne han, som let Liv og Blod fyr den luterske Kyrkja. Hans Liv her paa Jordi var stutt, inkje meir enn 38 Aar; men hans Minne vert langt. Med Vyrdnad stod eg lenge framfyre Stytta hans. Det var slut med Hornblaasingi og Trummeslagingi og faa Folk paa Torget, daa eg braut upp fyr aa finna meg eit Rom i den Byen, der eg inkje kjende eit Menneskje. Fyrr eg fann Hotel Neptun, der eg budde, solenge eg heldt meg i Götaborg, høyrde eg eit skrikande og skjerande Maal inni eit Hus. Eg støvdad og spurde, um der var Preike der inne. Aa, det er berre Lesar-Preike! sagde ein Mann, som heldt Øyrat inn aat ei Glasrute, og dermed tok han Øyrat til seg og strauk sin Veg. Gjerna vilde eg hava høyrt denne Preika au; men eg tottest vera trøyt og vilde inkje, det skulde gaa med meg, som det gjekk ein Gong paa eit stort Missjonsmøte i ei vestlandsk Bygd. 3-4 Prestar hadde talat etter kverandre i Kyrkja; dette hadde teket lang Tid, og etter paa skulde ein heil Dungje inn i ei Stova der dikt att med aa faa seg Mat. Prestarne og dei fornemste Lægmannstalarar og nokre andre vælvyrde Menn vart fyrst sette til Bords, og etter paa skulde dei andre sta etter Stand og Kjennskap. Men so tok ein Lægmann seg fyre aa halda ein Bordtale, som mest aldri vart ende. Dei svultne Stakkararne, som sat rundt umkring Bordet elder stod og studde seg uppetter Veggjerne ynskte, som nokre seinare sagde, at baade Talen og Talarne hadde voret 7 Mil paa Skogen. Det vert aldri for mykjet av det Gode, pla dei segja, naar det gjeld mange Talar ovanpaa kverandre, men jaumenn kann ein eta seg for mett au, so Maten vert ilen (vemmeleg), og ein anten lyt gulka honom upp att, elder ein vert sjuk. Aa gaa lika fraa Kyrkja til ei Samling fyr aa høyra lange Talar og Bøner passar inkje; det er mest som ein skulde tenkja og segja: I Kyrkja fekk eg inkje den aandelege Føda, eg turfte; men i Samlingi vert det nokot Annat, her fær eg det beste.
           
Berre Lesar-Preike! dette Ordet klang liksom i Øyrat mit, daa eg gjekk gjenom Gata. Eg kom ihug, at eg ein Stad hadde leset, at lærde og kloke Folk i Sverige holdt Lesarstrævet fyr aa vera ein Sjukdom, som laut have si Tid liksom ei onnor Landfarsott. Seinare fekk eg Tilhøve til aa læra svenske Lesarar litt aa kjenna. Det er inkje berre aandelege Sjuklingar. Eg høyrde ein Lægmann tala Guds Ord reint og klaart med Aand og Eld. Men det kann helder inkje neitast, at der er myket Sjukt og Uheilt blandt deim aa døma etter luterskt Standpunkt. Til Dømes skal berre nemnast, at der i Götaborg var paa Lag 500 Metodistar og lika so mange Baptistar og fleire andre Trubrigder _ Sekter _. Der er mange Sertruande (Dissentar) i Sverige, og so er der mange, som berre paa ein Maate høyrer Statskyrkja til. Slike let væl Borni sine døypast av Presten, men gjeng til Altars umkring i Husi der Lægmenn gjerer Prestetenesta. Den luterske Kyrkja hev det same aa dragast med i Sverige som i Noreg, Sertru (Sektvæsen) hjaa Ulærde og Forstandstru (Rasjonalisme) hjaa Lærde. Dei Sertruande hev au fenget nokre prestlærde Menn paa si Sida. Av deim skal berre nemnast den namngjetne Lektor Waldenstrøm, som naa hev gjenget ut av Statskyrkja. Sovidt eg kann skyna, er det i Sverige som i Noreg, at Prestarne i det Heile berer fram Gudsordet reinare og friskare enn Lægmennarne, og eg trur, det er betre fyr baade Landi, at det er so, enn at det skulde vera umvendt.                                   
 
( Meir.)