Litt attpaa.

[Del 1 av 2]
 
(Av Hermod Hejmdal.) I. Eg likad gott det, Fedraheimen svara paa Uppropet av dei 250, Til Kristendommens Venner i vort Land. Svaret var baade vitugt, djervt og varmhuga. Men det var ein Ting, som eg totte, at Bladet handsama kje slik som det skulde. Og det var det, at dei 250 gjev Politiken Skuldi for Kristendommens Tilbagegang, og at Venstrepolitiken er ukristeleg. Dette er langtifraa kje rett, etter mi Meining daa. Og eg skal freista aa prova det. Dersom det er sannt dette, at Politiken kjøver det kristelege Livet, so maa Kristendomen bløma fagrast der, som Klokkaren og Lensmannen greier det politiske Stellet for heile Bygdi. Dei Bygdar, som inkje fer med Politik, maa daa vera dei kristelegaste. Men slik er det kje. Den som kjenner dei lokale Forhold her i Landet, han veit, at det kann vera jammerlegt smaatt Stell med Kristendomen i slike Bygdelag. Ja han veit nokot meir og. Han veit, at det til Jamnaden (i Regelen) er slik, at upolitiske Bygdefolk er daude Kristmenn. Men han veit endaa meir. Han veit, at dei mest politiske Bygdelag kann hava mange varmhuga Kristmenn. Og han veit, at det er slik til Jamnaden. Hadde Professor Johnson og dei andre Kristianiamenn, som hev skrivet under paa Uppropet, voret nokot meir landskjende enn dei er, so hadde dei og visst dette, og daa hadde dei aldri skrivet slik, som dei no hev gjort. Dei hev dømt heile Landet etter de lokale Forhold i Hovudstaden. Og det er i dette dei so reint og steint hev misteket seg. Paa Landet (i Hovudstaden kann dette nok lata seg gjera) nyttar det kje aa gjera Skilnad paa Politikslagen. Dei argaste Novembermenn kann der vera daude Kristmenn, og ein Rabulist av verste Velten kann vera ein varmhuga Kristmann. Slik er dei lokale Forhold. Men ein kann kje krevja av Menn, som inkje kjenner det minnste til Livet paa Landet, at dei skal vita dette. Men det er nokot annat, som Professor Johnson & Ko. skulde kjenna til. Og det er Kjyrkjesoga. Kva segjer daa Kjyrkje- soga um Politik og Kristendom? Jau plent det same som dei lokale Forhold her i Landet. Kjyrkjesoga fortel oss, at det til Jamnaden hev voret slik, at ei kristeleg Rørsle i eit Folk hev ført dette beint inn i Politiken. Kos gjekk det kje t. D. med Luther og dei, som fylgde honom? Dei gaadde aldri aat, fyrr dei kom fram i den europæiske Politiken. Og slik hev det voret stødt. Kjyrkjesoga hev tusen Dømi paa, at ei kristeleg Rørsle sistpaa er vorte ei politisk Rørsle. Ja Kjyrkjesoga hev jamvæl Døme paa, at varmhuga Kristmenn kann vera _ revolusjonære. Dei hev sett seg upp mot baade Styre og Kongen av Guds Naade. Dette hev t. D. hendt i England. Upphavet til den engelske Revolusjonen var ei kristeleg Rørsle i Folket. Det var varmhuga Kristmenn (Puritanerne), som hogg Hovudet av Karl I Stuart i 1649. _ Baade dei lokale Forhold her i Landet og Kjyrkjesoga provar etter mi Meining, at Kristendomen gott kann tola Politiken, ja jamvæl, at livande Kristendom maa enda i politik. _ Naar dei 250 meinar, at den kristelegge Politiken maa vera konservativ, so svarar eg med det same, me hev baade Menn og Bygdelag her heime, som syner fram eit utifraa fagert Kristenliv, endaa dei stend paa Vinstresida i den politiske Striden vaar. Og Kjyrkjesoga hev tusen Døme paa, at den kristelege Politiken kann vera Vinstrepolitik. Og vil dei 250 vera ærlege, so maa dei sanna, at den hev voret det stødt. Den kristelege Politiken hev kje synt seg ansleis enn som reformerende, det vil sega som Vinstrepolitikk. Dette hev den gjort heilt fraa fyrst av.
           
Kva sagde kje dei Skriftkloke og Farisæerne um Jesus? Han forfører Folket; han er ein Opviglar, sagde dei Skriftkloke og Farisærerne.
           
Nei dei mistek seg meir enn dei sjølv kjem ihug desse 250, naar dei meinar, at det er Politiken, som er Skuld i, at Kristendomen veiknar av. Eg vil beda dei um aa lesa litt meir i Kjyrkjesoga. Kannhenda dei daa vil koma til aa skriva eit annat Upprop til Kristendommens Venner i vort Land.
 
[ Meir]