Stade-Lars.

[Del 2 av 2. Første delen]
 
(Fraa Vaagaa vedIvar Kleiven.)
                       
(Framhald.)
 
           
Um Vaaren laag han Lars paa Morken etter Fuglen; det var berre paa Morken og i Fjelle han trivdes. Ein Vaar laag han burtved Okkervatne etter Tiuren; det var ein Tiurleik tett innved Budi, han laag i, og ein Morgon let det ein Tiur utpaa Flishaugji, med han Lars laag inne i Bud’n. Han kom i eit Par Brøk han Lars da: skul han glotte paa Døri, so skræmde han Tiur’n, og ikkje var det nokot so stort Op paa Dør’n hell, at Børspipa gjekk utigjenom. Men einkvart laut han finne paa. Det var ei Rivu nedst paa Dør’n, og der tok han Lars til aa skjæra utur med Tolkniven; naar Tiur’n slog Klonken, var han Lars tilreide og skar nokre grove Drag med Kniven. Da han fekk Holet so stort, at han saag godt utigjenom, vart han var, at det sat ei Røi nedpaa Marken so reint imot Døri, at naar han Lars skar med Kniven, so datt Kaasarne nedpaa Ryggen hennar. Jau, sist fekk han Holet stort nok _ det small og Tiur’n vart liggjand paa Flishaugji; men Røii, ho skvatt sakte illt!
           
Med han stod med dessa Tiuri i Haand’n, fekk han høyre so rart eit Læte uppover seg, høgt upp i Været. Det let so hardt, og vakkert let det au. Det var alleslags Læti, som kunde tenkjas: Fele og Fløite, Klanette og Trumme, han saag ikkje nokot, men det var høyrande til, at det drog nordover Okkervatnet. Han høyrde det, liketil det kom so langt nordover, at Lyd’n do burt. Han talad sidan ofte um det Lætet, han Lars; han var forundrad paa, kvat det kunde vera for nokot. Det var ikkje meir enn so, at han trudde, det gjekk rigtogt til med di.
           
Da det leid utpaa Aari med ’om Lars, so han tok til aa bli mindre god til seg til aa fara i Fjell og Fyru, fekk han seg upp ei orlitol, firkantote Stugu nord i Holungsøyom; Stugo stod der synnafor Øii, der Dotter hans budde. Med han heldt paa aa sette upp den vetle Stugo, var det ein Dag han trefte han Ivar Snerle, og so fortalde han ’om Ivar, at han heldt paa aa bygde aat seg daa. ”Det bli mang ein Aas!”, sa’n, likesom han skul haldet paa med eit avraadent stort Hus. Nokot Moro laut han gjera av alt. _ I di vetle Stugu’n budde han i mange Aar; det var nokk Jemna’n smaatt for ’om, men det var no sovidt, han berga seg, so han ikkje kom paa Bygdi.
           
So var det eingong han Far var ved Kvenni um Hausten og mol. Han Lars hadde Stugu si der i Nerheiten og so kom han og tok til aa prate ved han Far. Deim var godt kjende, deim hadde voret mykje tilsamen i Reinsfjelli. Han Lars hadde tekjet til aa vorte laak i Halsen daa og hadde gaatt og skrangla ei Tid. Deim pratad um mangt og mykje, best det var sa han Lars: ”ja no kjænne eg, at det er Dauen eg har faatt, no bli eg alder god att meir.” Han Far meinte no, at det kunde ikkje vera so visst, han. ”Eg har høyrt”, sa’n Lars, ”at du har nyleg voret burt i Fjellom og drepet Rein, enn eg ikkje skulde naatt sør aat deg og faatt lite Reinskjøtt”, sa’n.Det fekk no vel altid bli ei Raad med di, meinte han Far og lovad ’om, at han skul sende ’om lite Reinskjøtt. ”Ja hadde du vilja gjort det, so har det voret mykje paa Færd, for det er ikkje nokon Ting slikt aat meg som Reinskjøtet,” sa’n. Dagen etter var bror hans Far ved Kvenni att, og han hadde da med seg baade eit Reinskjøtstykkje og ei Flaske med ferskt Øl aat ’om Lars. ”Ja, no et eg ikkje meir Reinskjøtt enn dette, eg,” sa’n ”for dette Halsbylde kjem nokk til aa gjera Ende paa meg, det.” ”Aa, du kann nokk bli att au, maa vita,” sa’n Farbror. ”Ja, sprikk det ut, so kann eg nokk bli att, men, sprikk det inn, so ryk eg, og det er eg mest viss paa, at det gjerer,” sa’n. Han var mykje laak vordten daa, men endaa vart det att nokot Moro i ’om. Daa deim skulde tøme Ølflaska, han Farbror hadde med seg, fann han Lars fram ei Flaske, han hadde, men ho var so litol, at ho vardt i fullaste Laget. ”No fekk a børdt 1) , sa Heggjerusten daa han gjorde aat for Væggjelusen, han tokk ei og hadde nogot inn i Kjæften paa henna, so ho do, no fekk a børdt, sa’n og no fekk Flaska børdt au.”
           
Eit Par Dagar etter fekk deim sjaa, att han Lars kom gaaande so fort nordtil fraa Stugu’n sine og aat Øien, der Dotter hans budde. Han gjekk so kvasst, at han mest som sprang. Han kom nordi Øii og lette kvasst upp Døri, gjekk innover Golvet og sette seg paa Klevadørstokken. Men, med di sama han fekk sett seg, reis han att aa bak og var klar. Halsbyldet hadde kvævt han.
 
1) Børdt = byrgt (Landsmaalet) brukas ofte t. D. er det nokot, som det er berre so vidt Ein kann koma fraa, so segjes det: eg tenkjer du kjem til, aa faa børdt (bylt, tjukk L.).