Tele-Laget.

§ 1.
I Tele-Laget kann verta inntekjen kvar ein, som er fraa Telemarki, og som hellest er ein fullvyrd Kar og Kvinna.
 
§ 2.
Laget meiner aa halde uppe det, som høyrer til Folkelivet i Telemarki, og halde Ordskifte um ymse Saker.
 
§ 3.
Laget kann innvelje Lagsmenn fraa andre Kantar, og Lagsmennarne kann inbjode farande Folk fraa Telemarki og andre, som det kunna vera høvelegt aa hava med.
 
§ 4.
Røysterett heve kvar Tele til Innveljingar og kvar Lagsmann i andre Saker. Største Talet vinn. Naar det er likt, vinn den Luten, som Formannen røyster ihop med.
 
§ 5.
Formannen, Varaformannen og Kasseraren styrer Laget. Desse veljest til kvart Fjordungsaar. Betalingi fyr Fjordungsaaret er 1 Kr.