Tidateikn.

No hev eg høyrt Lars Oftedal. Det totte eg var ein glup Kar til aa tala, og ein varmhuga Kristen, det trur eg ingen kann avsanna. Godt er det difor i vaare veike Tider, at denne kraftuge Mann au no kann faa Høve til aa tala her paa Austlandet. For endaa han sit i Tinget og hev sitt Arbeid der, so er han endaa so godviljug, at han gjerne gjev seg Tid til aa tala, umd det so er au eit Stykkje ifraa Kristiania, naar han dertil vert beden. Slike Karar skulde ein difor venta vart fagna og vællika av dei, som hev Hugnad i, at Folket skal samlast um Guds Ord. _ Men det er eit Under og ei Skam, som aldri burde nemnast, Prestarne tek aat aa stengja Kyrkjur og Skular for honom.
           
Hev han daa laake Grunnar, hell lærer han ei gali Tru?
           
Det hev eg inkje høyrt nokon neisa Lars Oftedal for.
           
Nei, nei. Det er fordi han hev inkje sama Meiningi som dei i Politiken; som han likevæl er meir fri for aa preika um enn dei fleste Prestar.
           
Det Prestarne der gjer, det trur eg inkje dei gjer som Kristi Tenarar.
           
Eg maa her sanna desse Ord, som stend i Politik og Kristendom:
           
For en Kristen maa det saavel i Politiken som i alt andet være Hovedsagen at gjøre Guds Vilje og at fremme Guds Rige; overfor dette Hensyn maa alle egenkjærlige Hensyn og alle Partihensyn vige. _ _Det er en farlig Sag, naar Politiken optager et Folks Sind og Sands i den Grad, at den bliver for det det høieste, det ene fornødne.         
           
Og dubbelt faarlegt vert det, naar det skal slikt henda med Prestar, som skulde vera sette som Fredsmenn og gode Fyredøme fyr sitt Folk.
           
Og det er eit syrgjelegt Tidateikn, at slikt kann drivast, utan at det fraa kristeleg Sida vert vitna kraftugare imot det. Det visar altfor mykje, kor lite Salt det er i den Kristendom, som rører seg millom dei, som for Styre stend.
           
Allvist skal dei Blad haldast til Andsvar, som hev sitt Rom millom Prestar og slike Folk, at dei inkje brukar si Røyst og hjelper til aa halda kristendomen klaar i desse vandskelege Tider.
           
Eg vil spyrja Fædrelandet, kva drygjer De etter?
           
Det er inkje Kristendoms Namn berre, det er Kristendoms Gagn det gjeldst um i desse Tider.
 
s. s.