Tidender.

Kristiania, den 17de Marts.
 
F. Bætzmann, som styrde Dagbladet her eit Bil, skriv no i Aftenposten um kor galet det er, at Storthinget vil fylgja Folkestemningen istadenfor aa fylgja Hr. Bætzmanns gode Raader. Han hev no funnet ut, at Riksretten er ein reint leid Ting _ i Dagbladet leet han ikkje heiltupp so _, og han skriv um Majoriteten og um Sverdrup paa ein Maate, som væl liksom skal vera spottande. Det er dei som trur, at Bætzmann likso godt kunde ha latet detta vera.
           
 
Bibelumsetningi paa norsk. Styret for det norske Samlaget hev sendt Søknad til Tinget um, at dei maa faa til Umsetningi 3000 Kr., som var den Sum, dei nemnte for Kyrkjedepartementet i Brev den 25de November 1882. Det meiner Departementet hev misstydt dette, naar dei berre sett upp 1000 Kr. For skal Arbeidet fremjast, so det kann vera nokon Mun i det, maa dei faa M. Skard til Kristiania for ei lenger Tid, og berre til Løning aat honom vilde 1000 Kr. vera snaudt.
 
           
Styret for Folkevæpningssamlagi søkjer Stortinget um 30,000 Kr. til Utbyting millom Samlagi.
 
           
Fraa Nissedal skriv dei til Verdens Gang, at Presten der negtad aa vilja beda for det nu forsamlede Storting, endaa han vart uppmoda um aa gjera det, gjenom Medhjelparen. Ein gamal aalvorleg Mann mælte um detta, som visst alle laut samstavast i:
           
Aa inkje bera for Stortinget no um Dagen, daa det hev so mykje aa stande i, tyks eg er fælt; lat vera, at eg trudde det arbeidde gali paa aa løyse si Uppgaave, so maatte eg daa so mykje helder bea, at Gud vilde læra det Visdom.
 
           
Mord ved Skien. Her i fyrre Vika fann dei ein daud Mann paa landvegen i Solum, 3 Fjordungar fraa Skien. Han hadde mange djupe Knivstyngar i Ryggen og Oksli og eit stygt Slag hadde han fenget i Hovudet. Det var ein Bonde fraa Holla Sokn og heitte Tjostolv Olson, han var paa Heimvegen fraa Byen, det var fleire med honom ogso. Det kom eit Fantefylgje og tok paa dei, dei andre tok so til Sprangs, men denne vart att med dei og vart utplundra for det, han hadde og drepen. _ 7 Mann hev dei alt sett fast, men 2 hev dei inkje funnet endaa. Dei segjer seg skuldlause alle desse 7, og velter alt yver paa dei tvo.
 
           
Ein bibelsk Byhev dei no i det seinste Bile funne att i Ægypten. Jarnvegen gjeng framum ein By, som dei hev trutt var det gamle Rameses og Stoppestaden der gav dei difyre det Namne. Men so kom dei til aa grava i Jordi der, og daa fann dei gamle Innskrifter, og paa dei stend det, at Byen heitte Pithom og Sukkoth. Jødanne bygde upp denne Byen aat Kong Rames den store _ og til kvardags kallad dei han Sukkoth, men Pithom var det heilage Namnet paa Byen.
 
           
Peder Rinde vil faa Stortinget med paa, at det kann lagast so, at kvar Hersvein kann faa Rifta si til Eigedom, mot at han held ho i brukfør Stand. Det kom kannhenda til aa kosta 250,000 Kr. um Aaret.
 
           
Fraa Bygland i Setesdalen skriv dei til Nordmanden:
           
No heve mi stelt til eit Samtalelag her i Bygland. Her skal haldast Møte av og til for aa høire Fyredrag og samtalast om kvat som kan vera godt og gagnlegt fyre os aa vita. Presten og Doktaren heve voret so snille aa halde Fyredrag. Det heve voret hugsamt og greidt. I seinste Møte talad mi om kvat for eit Blad Laget skulde halde. Det vart Fedraheimen som vann. Mi skal og melde os inn i det Norske Samlaget.
 
 
Fyrst Alexander Michailowitsh Gortschakoff, Europas elste Statsmann er daaen no 11 d. M. i Baden-Baden. Han var fød 16de Juni 1798 og vart soleis mest 85 Aar.
 
 
Rusland. Det var no ei Stund liksom lite rolegare av seg derborte. Men det var nok berre aa sjaa til. Daa Keisar-kryningi no er tilskipat til 29de Mai er alt livnat upp. Nihilistarne verta bersynte att. I Charkow er ei Dama Eugenie Fiegner vorte sett fast, og det hev synt seg, at ho hev voret ein av dei idugaste og frægaste Felagar i Nihilistsambandet. Dei hev hjaa henne funnet mange vigtige Papir.
           
I Kronstadt hev General Ivanoff drepet seg sjølv. Sume fortelja, at det var fyrdi det var uppdagat Sammensverjing hjaa hans Undermenn, sume at han sjølv var Nihilist. Der var au ein annan høg Mann, som skaut seg her ein Dag. Keisaren hev fenget fleire Brev um at han maa agta seg. Ein Student, som nyleg drap seg, let etter seg eit Brev, og i det stod, at det etter Lotkastet var hans Lagnad aa drepa Keisaren.
 
 
Storthings-Haandbogfor 1883, 1884, 1885 udgivet af Nils Normann. Dette er ei nytteleg Bok for alle, som vil fylgja med.
           
Ho inneheld I. Representanter og Suppleanter valgdistriksvis. II. Odelstinget. III. Lagtinget. IIII. Præsidenter og Sekretærer. V. Komiteer. VI. Kommissioner, udnævnte af Storthinget. VII. Statsraadets Medlemmer. Grundlovsforslag, der skal behandles i Treaaret. IX. Om Forslag og Andragender. X. Stortingets Samsensætning og Arbeidsmaade. XI. Stortingets Tryksager. XII. Indkaldelse efter Grundlovens § 75 h. XIII. Rigsretten. XIV. Alfabetisk Register over Repræsentanter og Suppleanter med Opgave over Represæntanters og Suppleanters Postadresser. _ Planer over Stortingsbygningen.
 
           
Kristiania Bys Folkevæbningssamlag. Medlemmer af saavel Samlaget som af de enkelte Skytterlag anmodes om snarest mulig at indbetale Aarspengene til vedkommende Kasserer.
           
De, der vil interessere sig for Indtegning af nye Medlemmer, kan afhente Lister hos et af Bestyrelsesmedlemmerne.
           
Allerede fuldtegnede Lister bedes indsendte til vedkommende Forenings Formand.
14/3 83.           David Dietrichson.
                             Formand.
 
           
Ifjor er det fyrste Gongen paa lenge, at Folketalet i Norig hev minka, det kjem av di, at so mange hev reist til Amerika.
 
           
Etter Ole Welde var det ei stor Likferd, det var Folk med fraa mange Bygder, og allvist Heimbygdingarne hans. Halvtanna Hundra Sledar fylgde til Kyrkja. Prest Skavlan gjorde Tala til hans Minne.
 
           
Protokolnemndi er endaa inkje ferdug med Innstellingi. Ho raadlegg med seg sjølv og held paa og skriv enno. Men ho hev daa teket ut 3 Storsaker allvist, som det segjest ho vil setja Regjeringi ibeit for: 1) at ho negtad aa godkjenna Riksraadsaki i 1880, 2) at ho negtad aa godkjenna Stortings-Avgjerdi um Pengar aat Folkevæpning-Samlag i 1882, 3) at ho negtad aa godkjenna Post c i Avgjerdi um ny Styring for Jarnvegjen i 1882.
 
           
Aat Islendingarne, som det hev voret stor Naud paa, er det no innkomet her i Landet 15,700 Kr., som Amund Helland hev voret Innsamlar av.