"At bevare Grundloven slig som den er".

[Del 2 av 2. Første delen]
 
(Framhald.)
           
Fyr 6 Aar sidan høyrde eg ein av dei beste og klokaste Mennerne vaare sagde det, at Nordmennerne no var ikkje so gjæve som Fedrarne, og so sagde han so paa Lag, at dei gamle hadde sett ihop Frostatingslogi, og ho stod i mange Hundrad Aar, men dei Logerne, som me no fekk istand, dei heldt seg ikkje lenge. Det sveiv i meg radt, at det var litet Meining i aa snakka slik, og eg tenkjer, at han som sagde det, er komen paa andre Tankar og no, for Høgre hev lært oss aa tenkja i dei siste 6 Aari. Var det sannt, at Frostatingslogi stod i mange Hundrad Aar, og at ho høvde godt i all den Tidi, so syner ikkje det, at Frostatingslogi var so overlag god, men at det norske Folket ikkje gjekk fram. Og det hev fyrr voret ei aalmenn Tru og, at det norske Folket ikkje gjekk fram aa kalla fyr i gamle Dagar, men at Folket i det store og heile var slik i det 14de Aarhundrad, som det var, daa Harald Haarfagre samlad Riket. So med ein Gong, hev dei trutt, seig Folket djupt og laag i Vanmagt i 400 Aar. So paa ein Dag steig det høgt, fekk ei Grunnlog liksom ved ei heilag Openberring, og korkje Folket elder Grunnlogi skal forandra seg. Slik som me var 17de Mai 1814, slik skal me vera i 400 Aar minnst frametter og. Men detta er det verste Rangsynet, som tenkjast kann. Eit Folk stend aldri stillt, det veks som ein annan Kropp, og kann det ikkje veksa lenger, løyser det seg upp og døyr. Og Logerne lyt fylgja Folket. Ein Gut, som veks, kann ikkje hava sama Trøya heile Tidi. So vert ho for trong over Okslerne, so vert ho for stutt i Ermom, og Mor legg ho ut, og so kann ho vara endaa ei Stund, og slik kann ei Log høva i mange Aar og, naar ein bøter paa ho og steller paa ho med Lempe, etterkvart som det trengst; men gjer ein ikkje det, vert ho snart for trong, so ein lyt kasta ho radt burt.
           
Forstatingslogi høvde til det Samfundstilstand, som var i dei eldste Tiderne i Norig. I den Tidi var det store Ætter. Dei fleste av desse var rike, men endaa um dei ikkje var det, var dei likevæl høgvyrde, daa dei var Millommenner millom Gudarne og Folket. Odelsgardarne var store, det var mange Leiglendingar, og under Samfundet stod Trælarne. Samfundet var bytt i Klassar, som kvar hadde sin Rett, slik at ein Odelsbonde til Dømes hadde dubbelt so stor Rett som ein Smaabonde. Naar detta Samfundstilstandet forandrad seg, laut sjølvsagt Logerne fylgja med. Kongedømet og Kristendomen braut seg inn i denne gamle Samfunds-Skipnaden, og daa vart Logerne lempad etter Kristendomen. Men Samfundet gjekk allstødt fram. Det vart fleire Odelsbønder og færre Leiglendingar, Trældomen høyrde upp, det gamle Stormannsveldet vart utlivt, Folket vart demokratisk, og paa detta Grunnlaget bygde Sverre-Ætti Kongemagti. Daa laut det store Forandringar til baade i Frostatingslogi og i hine Logerne, for daa høvde dei ikkje lenger. Hadde dei gamle sagt som so: Me vil halda paa Forstatingslogi slik som ho er, hadde Logi vortet som ein daud Ham alt idet 13de Aarhundrad. Men det var endaa so mykje Livskraft i den Tidi, at dei kunne lempa Logerne etter dei nye Kravi.
           
Fedrarne vaare, som mange no trur var slike Tverbløygar, som aldri vilde vita av nokot nytt, dei forstod godt, at ein kann ikkje altid greida seg med det gamle. Dei beste Kongarne fekk stort Lov, fyr di dei bøtte Logerne. Og kvat skulde dei med Lagting til aa taka ved Loger, soframt dei same Logerne skulde gjelda til alle Tider? Dei hadde stellt det slikt, at ein paa logleg Maate kunne lempa Logerne ettersom Tidi gjekk fram.
           
Under Magnus Lagbøtaren fekk Norig ei Landslog, ei som skulde gjelda fyr heile Landet, og denne nye Landslogi vart eit sannt Uttrykk fyr det Utviklings-Steget, som Folket daa var komet til. Det var i Grunnen berre tvo Magter att daa, Kongen og Bønderne, for det gamle Stormanns-Standet var utlivt, og Trælarne var no frie. So vart det til det, at Kongen fekk all Landsstyringi; all den Styring, som var, vart lagd i Kongens Hand, so han paa ein Maate var einveldig. Men i Røyndi hadde han ikkje stor Magt, for Bønderne hadde stor Rett dei og. Vilde Kongen hava større Skatt, laut han truga med kvart Herad. Soleids var Norig no sundsprengt i mange smaa Herad, som kvart livde sitt private Liv, og midt i desse stod Kongsmagti bratt upp, paa ein Maate sterk, daa ho hadde all den Styringi, som fanst i Landet, men paa ein Maate veik og, for Magti hennar naadde ikkje lenger enn til der Retten fyr kvart Herad tok til. Her hadde daa Utviklingi kjøyrt seg fast, ein Adel og ei sterk Prestemagt som i andre Land vart det ikkje i Norig; daa Kongen flutte ut or Landet, flutte all Styringi og ut, og Norig vart eit Lydrike.
           
Det er verdt aa leggja Merke til, at daa Norig var komet so langt, at det fyr lange Tider vart Slutt paa alt politisk og nationalt Liv, daa vart det fastsett, at dei skulde halda paa Logi, slik som ho var. Landslogi, sagde Magnus Lagbøtaren, skulde staa til evige Tider. Turvtest det smaa Forandringar, kunne Kongen gjeva ut Rettarbøter.
           
So leid Tidi fram, Landslogi vart ikkje forandrad, for det var ikkje nokot politisk Liv lenger, alt ihop berre løyste seg upp, og sistpaa vart Landslogi liggjande som ein daud Ham, liksom det gamle norske Landsmaalet.
           
Sidan skaut det nye Renningar upp or den gamle Roti, og Landet fekk ei Grunnlog. Livet i vaare Dagar veks fort fram, og endaa trur mange, at det gjeng fyr seg aa halda paa Grunnlogi, slik som ho er. No hev ho stadet i 70 Aar snart, Folket er ikkje slik lenger, som det var fyr 70 Aar sidan, og daa er det greidt, at Grunnlogi ikkje høver no, mindre ho vert lempat etter den nye Tidi.
           
Lat oss sjaa paa Røysteretts-Reglarne. I 1814 hadde vel mest kvar einaste Lækjar sitt eiget Hus, for det var Skikk daa, at kvar budde fyr seg, og paa den Maaten hadde han Røysterett. Men i vaare Dagar byggjer ein større Hus, og no leiger Lækjaren seg inn hjaa ein annan og hev ikkje Røysterett, men ein Slagtar hev Røysterett. I 1814 var Røysteretts-Reglarne gode, no er dei meiningslause, og paa den Maaten kann ein segja, at nettupp det, at ein ikkje hev forandrat Røysteretts-Reglarne, det er ei fælande stor Forandring.
           
At Folket hev gjenget fram i politisk Liv i desse Aari, kann ein best sjaa av Statsraadssaki. Fyr 62 Aar sidan var ho framme fyrste Gongen. Daa tenkte Styringi, at ho skulde faa meir aa segja, naar ho kom inn i Stortinget, men Stortinget vaagad seg ikkje til aa taka mot ho. Men no hev det gjenget fram slik, at Stortinget vil hava Statsraadarne inn i Tinget men no er Statsraadarne rædde, dei skynar, at dei kann ikkje greida seg der og trugar baade med Statskup og annat fyr aa sleppa aa koma inn der.
           
Dermed hev Statsraadarne og Venerne deira godkjent, at Statsraadssaki no ikkje er den same, som ho var i 1821. Men daa er det likso visst og, at Forbodet mot at Statsraadarne kjem inn i Tinget ikkje helder er det same no som i 1821; for i 1821 daa sagde dette Forbodet, at Folkemagti var for veik til aa tola Statsraadarne i Tinget, men no segjer detta Forbodet, at Intelligensen hev gjenget so til Atters, at han ikkje vaagar seg fram i Politikken men stengjer seg inne paa Kantorkrakkarne.
           
Men hev Forbodet mot at Statsraadarne kjem inn i Tinget forandrat seg, er det det same som at Grunnlogi er forandrat, endaa ho er den same etter Bokstaven.
           
Skal me endaa ei Tid halda paa Grundloven, slig som den er, so vert Enden den, at Stortings-Komitearne kjem til aa styra, og at Statsraadarne berre kjem til aa ekspedera. Soleids kann ein gjera mest Ende paa Grunnlogi og endaa ikkje brøyta paa ein Bokstav.
           
Den største Forandringi, ein kann gjera med Grunnlogi, det er aa halda paa ho, slik som ho er.