["En Lærer"...]

En Lærer skriv um Radikalisme og Kristendom og segjer mill. a., at Striden millom Selmerpolitikken og Folket er i sin siste Grunn den gamle Striden millom Kristus og Antikrist.
           
Kristus, det er altso Selmer. Men Antikrist er det norske Folket, som er so vrangt, at det ikke vil vera med i Novemberlaget. Kristus er Høgre, Antikrist er Venstre; Antikrist er Fridom, Kristus er det absolute Veto.
           
- Den Læraren, som skriv slikt, vert ikkjesett under Tiltale for Spott med det heilage.
                       
* * *
           
Folkesuveræniteten er, segjer denne Læraren, det same som det, at Helvti av Folket + 1 skal kunna naar som helst slaa ned elder uppsegja Konge, Regjering og Raadsmagti.
           
Læraren burde daa i minste kjenna Grunnlovens § 112, som segjer, at det skal 2/ 3 av Folket til for aa gjera Forandringar i Grunnloven.
           
 * * *
 
Um Folkesuveræniteten, som er den Ting, at eit Folk liksom kvar einskild Mann skal kunna avgjera sjølv sine eigne jordiske Saker, segjer Læraren dessutan, at det er eit Spursmaal, som staar ved Grendsen, hvor Politiken som blot Politik ophører, so at der gjeld det, anten ein skal tru paa Gud elder ikkje. Trur ein det, at eit heilt Folk i verdslege Spursmaal skal hava meir aa segja enn 11 Menn, som Folket sjølv gjev Kost og Løn, for at dei skal styra Landet etter Loven, - trur ein det, so kann ein ikkje samstundes tru, at der er en i Menneskelivet indgribende Gud; men den, som trur paa ein slik Gud, han maa og tru, at dei 11 Mennerne hev Rett til aa setja sitt Nei mot heile Folkets Ja i Folkets eigne verdslege Saker.
           
Han er Lærar i den norske Folkeskulen, han, som vaagar seg fram med slikt Tanketull.
                       
* * *
 
Den norske Grunnloven er bygd paa Folkesuveræniteten.
           
Det sagde dei, som maatte vita det: Mennerne fraa 1814, derimillom Presten
Nikolai Wergeland.
           
Det segjer sjølve det juridiske Fakultet.
           
Det segjer Grunnloven sjølv i § 49, som inneheld, at Folket ved Thinget gjev Lovar, som alle maa lyda; i § 79, som segjer, at naar Folket tvo Gonger hev sagt sin Vilje, so er den Viljen Lov, anten Kongen stadfester det elder ikkje; i § 75, som segjer, at Folket skattlegg seg sjølv og sjølv raar for Riksens Pengar; i § 5 o. fl., som segjer, at Ministrarne stend Folket til Andsvar for sine Gjerningar; i § 9, som segjer, at Kongen skal binda seg med Eid til aa styra Landet etter Grunnlov og Lovar, som Folket altso hev gjevet seg sjølv; i § 19, som segjer, at Storthinget bestemmer yver Statens Eiendomme og Regalier; i § 25, som segjer, at Storthinget hev aa avgjera, kor stor Krigsmagt Landet skal hava; i § 64, som segjer, at dei folkevalde Menn sjølve og ingen annan skal avgjera, um Fullmagterne deira er lovgilde; i § 73, som segjer, at Thinget sjølv og ingen annan vêl sine Præsidentar; i § 85, som segjer, at den, der adlyder en Befaling, hvis Hensigt er at forstyrre Stortingets Frihed og Sikkerhed, gjør sig derved skyldig i Forræderi mod Fædrelandet; i § 86, som segjer at dei folkevalde Menn skal vera i Fleirtal i Riksretten, og at Lagthingspræsidenten skal vera Formann i Riksretten, - og i § 112, som segjer, at Folket sjølv hev Retten til aa avgjera, um Grunnloven skal forandrast elder ikkje.
           
Folkesuveræniteten er lovfesti dette Landet.
           
I England er Folkesuveræniteten gjenomført so heilt, at det i Røyndi er Parlamentet (det folkevalde Underhus), som avgjer all Ting vedkomande Riksstyret.
           
I Amerika ja det skal me ikkje snakka um.
           
Men den norske Folkeskulelæraren segjer, at hvor dette Folkesuverænitetsprincip har faaet Herredømmet, der er Kristendommen dekreteret afskaffet og udvist af Folket, og Gud saavidt det stod til Mennesker gjort til en folke-og landsløs forjaget Stakkar!
           
- Den Læraren vilde faa 6 i Historie, dersom han vaagad seg upp til Eksamen paa eit Seminarium.
                       
* * *
           
Same Læraren segjer, at Fedraheimen hev sagt: Moralen skifter efter de skiftende Behov. (!)
           
Er Mannen Skulemeistar i Norig og kann ikkje lesa?
           
 * * *
           
Naar same Læraren snakkar um, at Vinstre vil bøygja Retten etter Magti og Loven etter System, - so skulde han ikkje paa same Tid tala i Moralens Namn.
           
Det er ikkje moralsk aa bera falskt Vitnemaal imot sin Næste.
                         
* * *
           
So talar han um Enevældens deilige Bathseba.
           
Hm! so Høgrekararne finn, at Enevælden (sic) er slikt eit deiligt Kvinnfolk? Ja det kann me mest forstaa.
           
For hellest hadde dei væl ikkje vortet so brennande vonde, daa Storthinget sagde Stopp og negtad dei aa faa Tak i denne same deilige Bathseba Tak i Veslefingen iallfall.
                       
* * *
           
No er me komne til S. 11 i Boki til denne Skulemeistaren. No kann det
vera nok.
           
Naar der ikkje finst eit vitugt Ord paa dei fyrste 10 Sidurne, so finst det væl ikkje stort paa dei andre 33 helder.