Leiv Dali.

[Del 3 av 3. Første delen]
 
(Av Hermod Hejmdal.)
 
(Slutten.)
           
Men de var heppne, som fekk heimatt Leiv til Onnearbeidet, sagde Olav Stordali ein Dag, han var paa Dali. Han er vel god som ein vaksen Kar no. Gunnar og Aase saag paa kvarandre, og ingen av dei svarad nokot med det same. Aa det er so rart med det, sagde Gunnar sistpaa, det skal ei Tid til aa verta arbeids-vant att, naar ein hev voret so længi burte fraa Arbeidet. Ja, men naar Hugen og Viljen er der, so gjeng nok det snart. Gunnar og Aase saag paa kvarandre att. Det vart ei Togn, og so tok Olav i att: Men det er so rart med desse, som hev voret paa Høgskulen. Igaar var eg sud til Lie, og Jørund og Tone gav seg ille for Margit. Dei kunnad kje hava henne med paa Utarbeidet, sagde dei, ho berre vasad dei andre burt. Ho rødde so for Husmennerne, at dei berre stod og gapte. Naar ho vart Garlekjerring, skulde ho gjev burt alle Plassarne sine til Husmennerne, og det var so det var kje likt til nokot. Og slik skal dei vera alle, hev eg høyrt. Det vart kje svara nokot. Aase gjekk ut med det same, og Gunnar byrjad aa røda um nokot annat.
             
* * *
 
Vaaren var komen og med honom Vaarlengt hjaa Ungdomen. Men ingen hadde det slik som Leiv. Han gjekk og mullad paa Arnevisa all Dagen. Og no var Tonen endaa tyngre og saarare, totte Mor hans. Til ein av sine Jamlikar fraa Høgskulen skreiv Leiv: Eg kann kje segja, koss vondt eg hev det no for Tidi. Alt ikring meg er so knugende, tærende, trangt, som det stend i Visa. Og eg kjenner so vel, eg er skapt til aa gjera nokot i Livet, at eg hev eit Kall. Men kva er mitt Kall, kva er min verkelege Mid i Livet? Dette Spursmaalet fær eg kje Svar paa. Men det kjenner eg, her kann eg ikkje vera. Eg maa ut, ut so langt, langt over dei høie Fjelde. Her er alting so smaatt, trongt og laakt; her nyttar det kje aa vera lenger. Nei ut maa eg, ut, ut! Men kor av? Ja det veit eg kje so rett. Eg hev tenkt paa Amerika. Far og Mor vil nok koma til aa tykkja det hjartelegt vondt, at eg fer fraa dei. Men det fær kje hjelpa. Eg maaut. Eg kjenner, eg er skapt til nokot annat enn aa liggja her og grava i denne magre Jordi og sjaa paa denne daude, harde, kalde og arme Naturi.
           
* * *
           
Ein Dag i Kveldingi stod Blakken. sprett for Kjerra i Tunet paa Dali. I Kjerra var ei lite raudmaala Kjiste. Under Lykleholet paa Framsida stod med store, blaa Bokstavar: Mr. Leiv G. Dali. St. Paul. Minn. N. A. Nokot Smaapargas laag med Sida. Um ei Stund kom Gunnar ut og sette seg uppi Kjerra. Han sat, som han hadde ei tung Byrd paa Ryggjen. Og rett som det var, turkad han seg paa Kjinni med Tøryeermi. Um eit Bil kom Leiv etter. Han lutte med Hovudet og heldt Lumeduken for Augo. Og slik sat han, til dei var or Tunet komet.
           
Moderi kom kje ut. Ho sat inne i Stogebenkjen og stridgret. Ho orkad kje aa sjaa med Sonen kjøyrde av Garden.
           
* * *
           
Attmed eit Holt ned paa Jordet laag ei Gjente, daa Gunnar og Leiv kjøyrde framum. Dei gaadde kje henne nokon av dei; men ho saag vel dei. Daa dei var nedum Bakken komet, reiste ho seg upp, men sette seg nedatt med det same paa ein liten Stein innmed Holtet. Og der vart ho sitjande lengi med Hendarne for Andlitet. Sistpaa reiste ho seg og gjekk upp igjenom Jordet til Dali. Ho bøygde Hovudet ned mot Bringa og saag ende ned for seg. Vinstre Haandi heldt ho upp mot Bringekluten, den høgre hekk ledalaus ned med Sida hennar. Paa Dali gjekk ho inn og var der til langt ut paa Kvelden. Daa ho reiste, fylgde Aase med henne burtigjenom Vegen eit Stykke. Dei gjekk tagalle baae tvo. Men daa dei skildest, sagde Aase med graatfullt Maal: Takk skal du hava, Signe, fordi du saag til meg den tyngste Dagen i mitt Liv. Gud vere med deg!