Martin Luther 1).

[Del 3 av 4. Første delen]
 
IV.
 
Det var visst ikkje komet upp hjaa Luther berre under Torevedret, at han burde ganga i Kloster. Han hadde visst ofta tenkt paa den Tingen og kjennt, at det var det rette, han hadde berre ikkje vaagat det. I all si Tenkjing høyrde han endaa til den gamle Tidi. Den humanistiske Upplysning hadde han møtt ved Høgskulen i Erfurt, men han hadde ikkje tort sleget seg fullt til den. Det var med honom som dei fleste Menn, som bryt Vegen fyr det nye: han stod fast sambunden med det gamle og skulde taka mangt eit hardt Tak med seg sjølv, fyrr han saag, at det var til inkjes, so han maatte hava nokot nytt. Men daa skulde han finna det soleids, at det høvde baade aat dei store og dei smaa. Han freistad aa liva paa det som var. Teologien var den turre Skolastik, som ikkje aatte Føda aat korkje Ande elder Hjarta, men han strævad med honom og liksom berre stal seg ender og daa til aa vera med paa det nye. Paven trudde han paa som faa. Og vart han Munk, so skulde han finna det han stundad etter, og det var Soning og Fred. Han fann det og, og det nye med det same. Ein kann godt segja, at Luther i Klostret finn det, som løyser upp fyr alt det andre. Men han stridde fælt lenge, fyrr han fann Freden. Han skulde bøta, men alt han ba, piskad og pinte seg, det hjelpte inkje, han vart berre sjuk baade paa Sjæl og Likam. Han las i Bibelen, ikkje det helder hjelpte, han laut berre tvila baade um eitt og annat. Men daa alt Ljoset hjaa honom sjølv vilde slokna, kom det gjenom den gamle Munken, som minnte honom um, at han var døypt til aa tru paa Ettergjevingi av Synderne sine. Og det var det fyrste Ljoset, - etterkvart steig det fram fyr honom, at det ikkje var han, som skulde bøta, men Kristus hadde bøtt fyr honom. Og so skulde den rettferduge liva av Trui. Rædd var han endaa, og han vilde ikkje fyr alt verta prestvigd, men Johan Staupits 2) skynad Luther betre, enn han gjorde sjølv. Daa Luther hadde klagat seg fyr sine store Synder, hadde Staupits sagt, at han maatte verta til nokot han, som vart røynt so ut. Stundom hadde han maatt hava løgje med Luther, som plent vilde vera slik ein Syndar. Kvat er slikt aa fara med? sagde han eingong. Nei du maa hava ei gildare Syndelista, skal det muna! Og han talde so lenge fyr Luther, at han vart Prest, men han vart rædd, for han stod utan Midlar i si store Gjerning, totte han. Og Luther vart Lærar i Wittenberg, der han skulde bera fram Pavelærdomen paa den gamle Visi; men han maatte etterkvart brjota med alt og ganga nye Vegjer. Til Wittenberg ar han komen 1508, og han budde endaa som Munk i Augustinklostret der. Staupits vilde hava honom til aa preika der. Nei, nei, Hr. Doktor, ropad Luther, tala til Folk i Staden aat Gud, det vert Dauden min, ikkje eit Fjordungaar heldt eg det ut! Men han laut gjeva etter. Han reiste til Rom 1510, og daa han saag Torni, kastad han seg paa Jordi og sagde: Ver helsad, du heilage Rom! Men han kom alt daa til aa tvila um den Heilagdomen.  
           
Daa han 1512 kom atter, vilde dei hava honom til aa verta Doktor i Teologi. Dei sat ute i Klosterhagen, daa Staupits ordad fram paa um det fyrste Gongen. Luther vilde ikkje taka imot slik Heider, han var so veik, og han maatte snart døy sagde han. Men Staupits heldt paa sitt og nøydde honom. Vaarherre hev Bruk fyr unge, duglege Doktarar, anten du so liver elder døyr, sagde Stapits, for han heve store Ting fyre baade i Himmelen og paa Jordi. So laut Luther gjeva seg.
           
Han hadde trutt stort um det eine som det andre av det gamle, men det skulde falla Stykke etter Stykke. Daa han skulde verta Reformator, kunde han ikkje gjera nokot Sprang i sin Framvokster. Han kunde ikkje eingong taka Humanismen, som han stod ferdug, nei han laut veksa upp til honom sjølv.
           
Um detta skreiv han 1521 soleids til Fader sin: Som eg no ser, heve Gud viljat, at eg av eigi og paalitande Røynsla, d. v. s. av mange Synder og gudlause Gjerningar skulde læra aa kjenna Visdomen aat Høgskularne og Heilagskapen aat Klostri, so gudlause Folk ikkje skulde kunna koma til meg - Motmannen deira med Skryt og segja, at eg vrakad Ting eg ikkje kjende. Eg heve voret i Rom, fortel han ein anna Stad, eg heve sjølv haldet mange Messur der og set andre halda mange, men det fer igjenom meg, berre eg tenkjer paa det. Der høyrde eg, korleids Prestarne log yver Bordet og prisad dei, som heldt Messa og sagde (paa Latin, so Folk ikkje forstod det) yver Braudet og Vinen (i Nattverden): Braud er du, og Braud vert du! Vin er du, og Vin vert du! Eg var ein ung, rektig aalvorsam og gudelskande Munk, og eg fekk so illt, daa eg høyrde slike Ord, - kvat skulde eg daa tenkja? Eg maatte tenkja soleids: korleids stend det daa til, naar dei her i Rom fritt kann røda soleids yver Bordet? Um dei no alle, baade Pave, Kardinalar og Prestar held Messa paa denne Visi? So var eg vorten narrad, daa eg høyrde so mange Messur av dei. Og det baud imot og fyr meg, daa eg saag, at dei so greidt og svint kunde gjera ifraa seg ei Messa (rips raps Messe halten), som um dei for med Narreverk. Fyrr eg kom til Evangilja (i Messa), var Grannepresten min (ved nærmaste Altaren) ferdug med heile Messa si, og so ropad dei til meg; snart, snart! skunda deg med aa verta ferdug!
           
Ja Luther vann Siger fyr Siger hjaa seg sjølv fyrst, og han vart boren fram mot Reisingsverket, utan at han sjølv visste um det, fyrr han stod midt upp i det. Difyr sagde han og, at Gud hadde narrat honom til aa verta Reformator.
 
 
1) Paa Grunn av Sjukdom hev det drygt ut med dette Stykkjet. Fedrah.
 
2) Denne sterke, milde Mannen skulde sjaa etter i Augustinklostri, og han var rett lagad til det og. Sjølv hadde han stridt ein hard Strid, fyrr han fann Freden. Han var framum si Tid, og kunde vortet Reformator fyr det, men han var ikkje skapt til Kjempar paa same Visi som Luther.
 
[ Meir]