Preika paa 25de Sundag etter Trinitatis til Minne um Luther 1883.

(Av Alf Baartvedt 1) ).
           
Bøn: Du vaar Gud og Fader i Kristo er so god mot oss, at me aldri kann fulltakka deg. Du, som er den høgste og beste, ser til oss, som er so djupt fallne og er so syndige, du talar til oss, og me faar Lov aa tala med deg igjen. Giv oss Naade til meir og meir aa skyna paa dette, aa takka og prisa deg av Hjarta, i Ord og Gjerning, aa takka deg for alle dine gode Ord til oss i den hellige Skrift, for alt, du har sagt oss gjenom dine utvalde Sendebud, gjenom Profetar og Apostlar, for all pur og rein Læra gjenom dei, som har verkat saman med deg til Utbreiding av Naadsens Rike paa Jordi. Difor vere du ogso takkat og prist for det gode, som Luter kom med, ja di vere æra for alle Ting ved Jesus Krist gjenom alle Slegter i all Æva, Amen.
           
Idag, kjære Medforløyste! er me komne saman for aa takka Gud og serleg minnast dei gode Ting, han let oss faa gjenom Luther og den lutherske Reformasjon. So vil me daa vera glade i Aanden og tala til kvarandre med Salme og Lovsong og be Gud um, at det samstundes maa syngja inne i Hjarta paa oss, so Himlen kann taka Del i vaar Song. Me skal syngja N o. 250.
           
Ev. talar um ei stygg Øydelegging, som skal koma. Det er eit Ord fraa den Herre Jesus um Framtidi, um Utviklingstidi for hans Forsamling, um den siste Tid. Fullt ut vil vel denne Spaadom gaa i Uppfylling fyrst paa det siste av den siste Tidi; men ogso førut vil det koma visse Tider, som framfyre andre ber Merke av Øydelegging og soleids serleg tyder paa den siste og verste av dei alle. Det er vist og vel gjort av Frelsaren, at han minner oss herum paa Forhand. Det er ikkje for aa skræma oss fraa seg, nei det er for aa faa oss nærmare aat seg, at me kann skyna betre, kor vel me treng til han alle saman, at me skal skunda oss til han, halda fast i han; for daa skal me ikkje øydeleggjast, ikkje fortapast, daa skal ingen og inkje skilja oss fraa han og hans Kjærleik.
           
Det har no alt til ymse Tider voret stygg Øydeleggjing, og det vil koma ei endaa styggare og fælare. Lat oss sjaa, kor det gjekk med dei, som gløymde den Herre, som kaupte dei, og med dei, som var han tru. Derav skal me læra, korleids det vil gaa i Framtidi, naar det stygge kjem, naar den store Trengsel uppstaar og allt det falske begjynner med Krig mot Sanningi og riv somyket med seg i Avgrunnen. Dette, som skal koma tilslutt, vedkjem ikkje aaleine den ytre Natur og rike Land paa Jordi. Allarmest vedkjem det Forsamlingen elder Kyrkja, hennar Tru og Læra og Livnad, hennar Gudstenest, Skikk og Ordning i det heile.
           
Den fyrste Tid i Kyrkja er for største Delen ei gledeleg Tid; daa synte seg barnleg Tru og godt Samhald, som aldri seinare, skjønt alt dengong var den Vonde ute og saadde Hykkelskap og Split og rang Lærdom. Daa den gode Sæd kom upp, vaks ogso myket Ugras, so det ei Tid saag ut, som um det vilde gro ut yver heile Aakern. Det var syrgjeleg, kor Myrker og Villa og Faakunna og Blendverk hopad seg upp meir og meir serleg gjenom Medeltidi og la seg kvælande ut yver heile Europa, heile den kristne Verdi; det var knapt, ein kunde skimta eit og annat Glimt av Ljoset fraa Guds Ord. For det var so vanskeleg aa faa høyra Guds Ord; som oftast vart det fordreitt og forvanskat og blandat saman med Menneskeord. Historja syner oss, korleids dette vart meir og meir aalmenn Bruk, korleids eit Stand, det geistlege Stand, og tilsist ein einaste Mann, Paven reiv til seg all magt og Raadigheit og fekk innbilla Folk, at dei hadde aa tru og gjera, berre som han sa. Fraa det fyrste var det vel ikkje Tanken aa setja Guds Ord tilsides; men Guds Ord vert, som me veit, tolkat paa ymse Maatar, og naar aaleine nokre faa elder ein einaste skal ha med den Ting aa gjera, so vert det stor Freising til aa lempa Ordet etter eigen Fordel, til eigi Æra og Magt. Freistingi vert daa stor til aa halda Folk burte fraa sjølve Ordet i den hellige Skrift og setja si eigi Tolking istaden. Den, som litet veit og litet kjenner til den rette Grunn i Ordet, er ogso freistad til aa retta seg etter det, som andre segjer, um det er aldri so galet. Og Paven syntest svært godt um aa verta halden for den, som forstod alting betre enn alle andre. Vistnok var ikkje alle so godtrune av seg, det var sume, som vilde sjaa etter i Bibeln, ka den verkeleg innehelt. Men difyr vart der Møter av dei øvste i Kyrkja og fastsett, at helst ingen Lægmann skulde lesa i Bibeln. Dei saag ikkje gjerna, at den kom ut blant Folk, og naar den bruktest, var det paa eit Maal, Latin, som dei fleste var ukjende med. Ja soleids var det, og me kann aldeles ikkje undrast paa, at mykjet vart øydelagt. Den, som ikkje har Guds Ord aa retta seg etter, kor kann han finna Vegen, ka har han aa setja mot paa den vonde Dag, ka Vaapen skal han bruka?
           
Det er eit gamalt Ord, som lyder so: Naar Nøden er størst, kjem Hjelpi fyrst. I Slutten av Medeltidi kom Gud med Hjelp. Han sag vaar Nød, han hadde Medynk med oss, han sende oss ein Mann til Hjelp og Mannen heiter Martin Luther. Igaar var det fire hundrad Aar sidan hans Fødsel. Det vilde ta for lang Tid her aa fortelja um hans Liv, og ka han gjorde, so det kunde verta eit Yversyn. Men heilt gaa han forbi skal me no helder ikkje; me skal syna fram det, som fyrst og fremst høyrer til hans Kall og med Takk til Gud tenkja paa det allarvigtigaste, som han gjorde til Bate fyr oss, og som i seg bar Spira til so mange gagnlege Ting for Familja, for Staten og Kyrkja, for dette Liv og det komande. Og ka er no dette? Jo det er, at Luther fann Bibeln, les flittigt i den, tenkte seint og tidleg paa den, sette den yver paa Folkemaalet, helt den høgt upp, so alle kunde sjaa den og sa: Guds Ord i Bibeln er den einaste, visse og fullgode Regel for vaar Tru og vaart Liv. Han sette Bibeln upp mot all Menneskelæra og alle Paafunn og bad alle andre gjera det same. Han begjynte med aa paatala grove Misbruk i si eigi Menigheit, iser det aa handla med Avlat, aa selja Syndsforlating for Pengar. Enno tenkte han ikkje, at denne Paatala skulde gjeva Anledning til Strid med sjølve Paven i Rom. Han tenkte Paven vilde halda seg etter Skrifti og la Guds Ord vera det avgjerande; difor segjer han til Pavens Sendebud, som ber han ta sine Ord og Skrifter tilbake, at han fyrst maa verta yvertydet med klaare Grunnar av Guds Ord um, at hans Læra er falsk, daa vil han ta tilbake, ikkje ellest. Men Paven vilde staa yver Skrifti og difyr vart Luthers bibelske Læra fordømd, hans Skrifter skulle brennast og han sjølv vart utstøytt og bannlyst. Han skulle ingen Rett ha til aa liva lenger, og ingen sku ha Lov til aa hjelpa han paa nokon Maate. Han sku sjaaast paa som eit Menneskje, som lærde eit fritt, ubundet og fullkomen dyrisk Liv, staaande utanfyre alle Lover; han var eit Menneskje, som fordømde og reiv upp alle Lover, ja han var ikkje eit Menneskje, men den vonde Aand sjølv, i Menneskjeskapnad. So vart der sagt um Luther av han, som gjorde seg til Kristi Stathaldar paa Jordi.
           
Under denne Strid kom Luther meir og meir innpaa, ka det eigentleg gjalt um, ka Sak han hadde aa arbeida fyr, og Gud gav han Mod til aa skilja seg ut, ikkje fraa den heilage, aalmenne Kyrkja, men fraa den fordervade Pavekyrkja. Luther heldt seg til og gjekk fram etter det apostoliske og profetiske Ord, so han la ingen ny Grunnvoll, han vidle faa fram den, som var lagd, og som enno var der; og han fridde den fraa Grushopen, som laag utyver. Grunnvollen er denne: Menneskje vert retferdig ved Trua paa Kristus utan Lovgjerning. Av den Aarsak kallar me Luther Reformator og hans Arbeide Reformation, d. e. han skaffar burt det uækte, det falske og ureine, skil det ut, og byggjer vidare paa den reingjorde Grunn.
           
Ein stor Historieskrivar segjer: Inkje er meir merkande i Historja enn det aa sjaa ein einskild Mann, som korki Lukka hjelp med sine Gaavor, elder Magti skræmer med si Rædsla, men som kjemper og vinn berre med slike Middel, som ein og kvar kann bruka. Og han legg attaat: Doktor Martin Luther, Professor ved Universitetet i Wittenberg, har aaleine ved sitt Heltemod gjevet halve Evropa i ei ny Sjæl og ei uyvervinneleg Kraft. Og um dette, som er so merkjande, vil me segja: Det var Gud, som gav Luther godt Mod, det var han, som sa: Bli Ljos, og Ljoset vart; det var han, som sende sin eigen Son til Verdi, til aa vera Liv og Ljos; han er det, som gjenom Luther har sett Ljoset upp, so det skin fyr alle i Huset. Gud har latet det skina i Hjarta til Upplysing um Kunnskapen um sin Herlegdom i Jesu Kristi Aasyn. I den stygge Øydeleggjing vart Hjelpi herleg for alle, som let seg hjelpa.
           
No vil eg gjera eit Spursmaal: Ka er det me serleg skal læra av Luther? Det er det me skal læra aa halda oss til Herren vaar Gud og hans Ord og ikkje gjera oss til Trælar under Menneskje. Les sølv, ransak og sjaa, korleids det forheld seg med Vegen til Frelse og Sæla! Tenk vel yver det, du les, finn ut Meiningi, Tanken, Guds Tanke, og bé um Ljos, bé til han, som er Fader til alt Ljos, bé um hans Aand! Det er den rette og einaste Maate, naar du vil erkjenna Sanningi og verta fridd fraa Myrker og Paafunn av Satan, som enno fer ikring, som ei brølande Løva og vil sluka oss i seg og han sender ut sine vonde Aandar og klær dei ut som lysande Englar og sejer: Ka er det du strævar med, gjev deg berre i Ro, umak deg ikkje, no hev du so dugande Lærarar, so gode Lærdomar, ka vil du meir? Soleids vil den Vonde faa oss til aa stola paa ein Lærdom, me aldri hev lært, ein Tanke, me aldri hev tenkt, ein Kunnskap, som me ikkje brukar. Ja den, som stolar paa Bokstaven, paa Bibeln som ei Bok, paa Lærarn som eit Menneskje, han skal snart finna, at Bok staar mot Bok, Menneskje mot Menneskje, og kven hev so Rett? Han kjem aldri til Endes, vert aldri ferdug, han vert sjuk av Spursmaal, lærer altid og kjem likvel aldri til full Trygd og Vissa. Den, som vil ut av Tvilen og Nøden og den aandelege Trældom, maa i alle Ting fyrst sjaa etter: Ka segjer Gud? Ka er Guds Tanke? So spurde Luther og fann Svar, og dette Svar var det, som gjorde han modig og mandig i Striden. So lyt og ein ækte Lutheranar bera seg aat, so lyt kvar kristen bera seg aat, naar han ikkje skal liggja under og verta øydelagd for Tid og Æva.
           
Men ka er daa Guds Tanke? ka segje han sjølv? Den, som meiner eit Svar fra Menneskjor skal vera jamngodt med Guds Svar, er ikkje paa rette Vegen. Du maa sjaa til aa finna Svaret sjølv. Luther fann det, det har du ofta høyrt, men dermed er du ikkje hjulpen. Eg meiner ikkje, at du skal faa eit annat Svar, men du maa finna det sjølv, elder sjølv ta mot det, du maa faa det sjølv fraa vaar Herre. Du har same Aatgang dertil som Luther. Slaa deg ikkje tilro med, at Luther hev sagt det, at mange fyr Luther hev sagt det, at Moses og David, Paulus og Peter hev sagt det. Det, som det eine kjem an paa er, um Gud hev sagt det. Hev Gud sagt, at du vert retferdig ved Trui utan Lovgjerning?
           
Før der er Menneskjar i vaar Tid, som segjer, at dei held seg baate til Moses og David og Paulus og Peter, som kallar seg lutherske, men finn, at ikkje Trui aaleine gjer retferdig og sæl. Dei segjer: Fyrst naar du held deg saman med oss, vert du retferdig og sæl, fyrst daa vert du ein god Kristen. Der er verkeleg Menneskjar i vaar Tid og vaart Land, som seger so og lærer so. Hev du daa Kraft aa setja deg mot desse, hev du Svar fraa Gud og gjeva deg sjølv i denne Sak? Ja daa kann du syngja med Luthers Song: Det Ordet skal dei lata staa og berre Vanntakk vinna; med oss er Gud, han sigra maa Hans Aand vel Raad skal finna! Og tek dei burt vaart Liv, Gods, Æra, Born og Viv, lat fara alt, lat gaa, me vinn so vist endaa: Guds Rike vaart skal vera. Det er, som me hev høyrt, fira hundrad Aar sidan Luthers Fødsel. Men han, som hadde somyket aa strida mot, livde han lenge? dertil vil eg svara: Der er visse Menneskjar, som aldri døyr; det ser vel ut, som dei sku døy, men dei berre legg seg til aa sova. Og Luther, han er gaatt fraa Striden inn til Kvila. Jesus Krist hev ikkje gløymt han. Jesus segjer: Den, som bekjenner meg for Menneskar, vil eg bekjenna for min Fader i Himmeln. Luther var ein, som bekjente, han nektad ikkje, han sa so klaart og greitt, kven Jesus var, at han var Kristus. Difor liver Luther enno saman emd Abraham, Moses og David og Paulus og alle dei andre utvalde. Den, som trur paa Kristus, um han enn døyr, skal han endaa liva, og den, som liver og trur paa Kristus, skal aldri døy. Det er godt aa tenkja paa slike som Luther, og vera ein ækte Lutheranar d. e. ein sann Kristen, som ikkje veit nokot annat til Retferd og Sæla enn Jesus Krist og han korsfestad og uppstaden, Han kann segja., Døden er uppslukt til Reisning. Aa liva er meg Kristus, aa døy er meg til Bate.
           
Eg vil slutta med eit Vers um Luther: I Wittenberg i Saksenland, der er ei Grav aa skoda, der kviler seg ein from Guds Mann alt under Kyrkeboga. Ka her han heitte veit vel kver, som har sin Gud og Bibel kjær, men ka han heiter no hos Gud skal Englar for oss syngja ut, naar me med han faar samlast. Det ske fyr Jesu Skuld. Amen.
 
 
1) Det er Rett Prestar, slik skal De gjera fleire, den som kann daa. Alf Baartvedt er væl den fyrste Presten, som hev nytta norskt Maal i Kyrkja (Eide, paa Nordmøre). Det skal han hava Takk og Æra for.                                   Fedrah.