Tidender.

Kristiania, den 8de Desember.
           
Fraa Riksretten. Morgenbladet fortel no, at Bergh kjem til aa halda paa alt til Jol med sin Lut av Tilsvaret. Heyerdahl og Heffermehl kjem daa med sitt fyrst etter Nyaar. Det ser soleids ut til aa vera sannt, at Høgre vil hala Saki ut, til Storthinget vert samla, og daa freista aa faa taka uppatter Kompromisforhandlingarne.
 
 
Det norske Samlaget, kvi gjev det ikkje ut Aarsmelding og Medlemslista no som fyrr. Det er vist gjildt fyre Medlemerne aa sjaa, korleids Samlaget heve arbeidt, korleids det stend seg, Medlemstalet o. s. br. Det knyter Lagsmennerne betre ihop, kannhenda.
                                   
Ein Medlem.
 
           
Professor Sarssegjer, at han ikkje kjem til aa sjaa igjenom det Bokverket, me melde um i nestsiste Numret, og difor inkje kann setja Namnet sitt paa det.
 
           
Lærerkalender for den norske Folkeskole, utgjeven av Lærar K. Pedersen i Skien, vert no prenta paa Forlaget hans Bokhandlar Jacob Dybvad. Kalenderen vil gjeva Upplysning um kor dei ymse Lærararne hev Postar, um kor og naar dei er fødde og utlærde, serskilte Karakterar til Eksamen og so um Lønningarne deires. Boki vert ferdig til Vaaren 1884.
           
Paa det same Forlaget vil utkoma ein Katalog over oljemalede Portrætter i Norge, dersom det melder seg Tingarar mange nok fyreaat. Katalogen vert 12-15 Ark stor og Prisen paa Lag 3 Kronur.