Ein Snartur i Telemorki.

  _ r _.

(Framhald.)
 
(Del 1 av 6.) 

Um Kvelden tok eg inn til han Jon B. . . i Gransherad. Eg saag snart, at Mannen i Huset inkje høyrde med til den oplyste Del af Nasjonen. Nei han høyrde nokk med til dei raabarkade, dei fjøsuppdrættade og den faakunnige Masse*), for Verdens Gang, Husmandenog Fedraheimen laag paa Bordet, og paa Veggen hekk ei Fela. Slikt skulde eg tru er Merkje godt nokk. Me sat lengje og rødde ut etter Kvelden eg og han Jon, og di meir me rødde, di stødare vart eg paa, at han var ein av dei mest uvituge Menn, eg nokon Sinn heve treftpaa Landturarne mine. Sidan fekk eg sjaa Bokskaapi hans, og eg vart mest fælen, daa eg saag, at han hadde voret so uvitug, at han hadde kaupt saman Bøker so lengje, at han no sat med eit Bibliotek paa ikring 200 Band. Eg saag paa nokre av Bøkarne hans, og der var bland andre: Bibelen, ei Teksterbok og nokre Bønebøker, Heimskringla og ellest alle Bøkerne, som det norske Samlag hev gjevet ut, alle no til Dags utkomne Maalblad innbundne, mange historiske Skrifter baade av Keiser, Munch o. fl., Stortingsforhandlingarne fraa, sovidt eg minnest, 1860, alle i seinare Tid utkomne Lovar, Diktarverk av dei beste Skaldarne vaare, Bøker um Gardsbruk og Feavl o.s.b. Men det var no inkje det verste, at han hadde kaupt burt so mange Pengar i Bøker. Nei det var langt verre, at han baade hadde leset Bøkerne og tenkt yver Lesnaden sin. Han var kritisk han Jon; han rosad og lastad etter som det høvde. Hadde han inkje gjort det, so kunna det no endaa ganga ann. Det er no so mange av dei, som høyrer med til dei upplyste t.d. Grosserarar og andre slike, som hev fenget en høiere Grad af Udvikling, som og kann eiga ei gjild Bokskaap, daa det liksom høyrer med; men dei tek Tingen paa ein vitugare Maate. Dersom dei hev leset ei Bok, so bryr dei seg litet med aa tenkja yver, kvat ho segjer. Dei treng inkje um det dei; for dei hev han, som tenkjer for dei. Dei hev Heilen sin uppe i Voldgata. Der sit han Christian Friele og tenkjer for den oplyste Del af Nasjonen.


Men han Jon var no som sagt inkje slik. Han vilde hava si eigin Meining um alt, og det siste, han spurde etter, var no det, um Per og Paal var einige med han elder inkje. Det var umogelegt aa faa honom overtydd um, at Morgenbl. og Monrad er inspirerte, og at dei aaleine hev fenget Givnad til aa sjaa, kvat som er det einaste rette og sanne baade i det jordiske og himelske.


I Trudomssaker var han Jon tolsam. Sjølv var han ein truande Mann; men han vilde inkje døma hardt Fritenkjarne helder. Han hadde ingen Rett til det, sagde han.


Det er slike Menn, som Morgenbl. kallar raabarkade. Aa ja, det gjer ingen Ting. Ein Mann misser inkje nokot av sit Verd for det,um han Friele vrengjer Kjeften sin og gleiper etter honom.
Ellest so er eg stød paa, at dersom han Jon gjekk yver til Høgre, so vilde han snart av visse Blad verta nemnt som en af de sindige, en af de forstandige Bønder o.s.b., for ein Ting hev Friele lært, og det er aa gjeva Rovediltaranne sine gode Atestar.


Eg trefte ellest mange gode Menn paa Turen, deribland ein Tingmann og eit godt Tingmannsemne, og bland Ungdomen trefte eg mange, som eg hev god Von um. Der var mange, som hadde voret paa ymse Skular, og eg trur, at dersom dei arbeidar trutt og vert støde og karakterfaste, so vild et snart verta ljost aa bu millom Fjelli der uppe.


Den største Boksamlingi, som eg saag paa Turen, var etter avlidne Lensmann Grave i Seljord. Der fann eg _ umframt ei Mengde Bøker av norske Bokmenn _ Goldschmidt, Valther Scott, Byron o.fl., so den Mannen maa hava voret langt framme og fylgt godt med.

Eg bad Farvel med han Jon og takkad for meg. Daa eg kom eit Stykkje paa Vegen trefte eg att ein av Kameratarne mine. Men De, sagde eg, eg høyrde Namnet Dikkons igaar, De skulde vel inkje vera Son hans X.? Jau han var daa det. Ja so, sagde eg og gjekk min Veg. Eg vart harm for, at ein so langt framkomen Mann, som han X. skulde vera, vil lata Guten sin studera til slik ein aandlaus Slamp.

( Meir.)
 
*) Lesaren lyt her minnast, at eg brukar Morgenbl. som Ordbok.